onsdag 1. februar 2012

Mystiske dyr - på jorda eller på jordet?

Okapien, den korthalsa sjiraffen 
frå Afrika (Frå Wikimedia Commons)
Nettstaden forskning.no har ein interessant artikkel om kryptozoologi, som er læra om dyr som kanskje finst. Her er det snakk om ei seriøs vitskapleg tilnærming for å finna ut meir om dyr som viser seg å eksistera, dyr som kanskje aldri har eksistert, og gåter som vert verande uløyste. Sjøormen Nessie finst vel neppe, i alle fall ikkje no lenger. Men den afrikanske "jungelhesten", den korthalsa sjiraffen, viste seg å eksistera - sjølv om ekspertane latterleggjorde tanken til dokumentasjonen kom på bordet. Og kva som blir trekt opp av dei store havdjupa ein stad i morgon, veit vi lite om i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar