Viser innlegg med etiketten Åsane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Åsane. Vis alle innlegg

søndag 15. mars 2026

Ein barndom på bedehuset (II) - huset

Første artikkelen om "Ein barndom på bedehuset" tok utgangspunkt i språket.

I huset åt far min er det mange rom. Mange har gledd seg over desse orda frå Jesu munn og tenkt at det kanskje var ein plass for dei òg i Guds rike. Kritikken mot bedehuset har ofte vore at folk ikkje opplevde det var rom for dei der. Terskelen var for høg, det var for lågt under taket, miljøet var for trongt, skiljet var for skarpt og enkelt mellom dei innanfor og utanfor. 

Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! heiter det i ein av dei gamle bedehussongane. Og eg har høyrt den songen brukt som ein kritikk mot bedehusmiljø som kapsla seg inn i seg sjølv innanfor veggene. Kanskje tenkte dei innanfor veggene at bedehusflokken var dei einaste rette kristne i bygda?

Noko av denne krtikken mot bedehuset har vore urimeleg. Andre gonger har kritikarane hatt gode poeng. 

Men i det fysiske huset, kva rom fanst det der? Det vanlege norske bedehuset har vore eit avlangt kvitt trehus der møtesalen var det sentrale rommet. Kyrkjekrinsen bedehus vart reist i 1954. I det store og heile minna det om andre bygdebedehus, men det var litt større enn gjennomsnittet. 

MØTESALEN var det sentrale rommet i bedehuset. Utan møtesal, heller ikkje noko bedehus. I Kyrkjekrinsen stod talarstolen på eit lågt podium framme i salen med innskrifta "Set Dykkar lit til Herren". På veggen bakom hang det eit stort måleri med den pliktoppfyllande Marta som travelt steller i stand medan søstera Maria sit roleg og lyttar til Jesus i heimen deira i Betania. Ho er ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn, som det heiter i ein av bedehussongane. 

"Det er eitt som trengst" stod det under biletet frå Betania. Det var dette eine nødvendige som var pulsslaget i forkynninga på bedehuset: Ta imot Jesus som din frelsar og bli berga for det evige livet. Forkynninga stod i fokus på dei mange enkeltmøta og under møtevekene. Forkynninga høyrde med på andre samlingar i storsalen òg, slik som korøvingar, basarar og julefestar. På desse samlingane var det likevel så mykje anna program som òg skulle ha plass, at talen kom i ei tilpassa og nedkorta form - andakten.

Talarane på bedehuset kunne vera profesjonelle predikantar, og då kom dei helst frå indremisjonen eller Misjonssambandet. Andre gonger var dei "halvprofesjonelle" fritids- eller deltidspredikantar. Og var det snakk om ein andakt på ei korøving eller eit yngresmøte, stilte gjerne ein heilt allminneleg lokal kristen opp. Det var mange ulike menneske - flest menn, men òg kvinner - som delte gudsordet på ulike samlingar i bedehuset gjennom eit år. 

Lokale prestar kunne òg bli spurt, utan at dei utgjorde noko stort innslag mellom andaktshaldarane og talarane på Kyrkjekrinsen bedehus i min oppvekst. Arbeidet hadde ingen formelle band til kyrkja, sjølv om eg vil tru nesten alle av bedehusfolka var medlemar av Den norske kyrkja. Frå bedehusfolket si side var forholdet til kyrkja eit spørsmål om tillit. Dei inviterte gjerne ein prest dei hadde tillit til, men det var utenkjeleg å gje den offisielle kyrkja større formell makt over arbeidet. Slik sett var Kyrkjekrinsen bedehus i takt med den gjengse tankegangen som prega indremisjonsarbeiedet på Vestlandet: Det kyrkjelege embetet (presten) hadde ingen særskilt posisjon, men innehavaren av embetet kunne ein samarbeida med når tillita var til stades. Elles var det nok eit spekter av syn på den offisielle kyrkja mellom bedehusfolket. Nokre var av dei mest trufaste kyrkjegjengarane, andre var sjeldan innom dei tjukke murveggene på Saurås. 

Talaren var ikkje den einaste som hadde ordet under eit bedehusmøte. Eit vanleg møte vart leia av ein av dei lokale kristne. Møteleiaren eller ein annan delte gjerne eit ord til opning. Mange av møta vart dessutan avslutta med at ordet vart gitt fritt. Då kunne kven som helst i forsamlinga reisa seg og dela eit bibelvers, ei oppleving eller nokre tankar.   

Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! Eg hugsar at den lokale bonden og lekpreikaren Johan Ulset (Ulvesæter) ein sjeldan gong stemde i dette songverset på slutten av ei samling på Kyrkjekrinsen bedehus. Då kjende han seg nok ekstra velsigna. Andre gonger hende det, heller ikkje det så ofte, at eit møte vart avslutta med at folk knelte ved stolane, og dei som ville kunne be høgt. Bedehusmøta hadde sin struktur - eller liturgi, om du vil - men det var ein struktur som gav rom for det spontane på ein heilt annan måte enn gudstenestene i kyrkja. 

SMÅSALEN låg vegg i vegg med hovudsalen. Veggen mellom dei to salane kunne opnast når det trongst ekstra plass, men vanlegvis var det to skilde rom.

I dette mindre rommet kom det endå tydelegare fram enn i storsalen at bedehusarbeidet vart drive av fotfolket.

Småsalen vart brukt til fleire typar samlingar. Kvar torsdagskveld hadde vi Yngres-møte der, eit ungdomsarbeid i regí av indremisjonen. Av og til var det nattverdmøte på bedehuset, og dei var i småsalen. Større rom trongst ikkje. Vi sat rundt eit bord og følgde ein enkel liturgi. Brødet og vinen vart sendt mellom dei frammøtte. Ein hadde ansvaret for å leia møtet, men elles var vi like. Den som ville, kunne dela nokre tankar eller be ei bøn. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik. Idealet var slik som Trygve Bjerkrheim formulerte det i bedehussongen "Velsigna band som bind". 

Tidleg på 1900-talet hadde det vore strid om denne forma for nattverdfeiring, som vart kalla "fri nattverd". Lekfolket tok brødet og vinen i eigne hender utan å innordna seg i det større kyrkjelege fellesskapet og utan å underordna seg presten. No bør det seiast at oppslutninga om nattverdmøta ikkje var særleg stor. Så kanskje ein del av bedehusfolka ikkje fann det så naturleg, eller riktig, å feira nattverden utanfor storkyrkja, der dei trass alt var medlemar?

Så på bedehuset vart Ordet forkynt, brødet og vinen delt. Men dåpen måtte ein til kyrkja for å få. 

Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! Det kunne vore laga ei eiga lita ordbok om bedehuset. I så fall ville ein under bokstaven S finna "småmøte". Kvar tysdag var det slike møte - som var enkle i forma, opne for alle og utan talar. Bøne- og vitnemøte var eit anna namn på desse samlingane. Så mange menneske var det ikkje som møtte fram, men nok til at møta gjekk vidare år etter år. Stayer-evna var stor og godt støtta opp av Jesu ord om at "der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei"Ansvaret for å leia møtet skifta frå gong for gong. Programmet var enkelt og fast: songar frå Sangboken, samtale om bibelord og åndelege tema, og så ei bønestund. Eg gjekk på mange slike møte i oppveksten. Eit slikt tett fellesskap mellom menneske som på mange måtar var forskjellige, kunne opplevast kleint. Dei som kom, kunne òg bli mismodige av at så få møtte opp. Tok det nokon i ytterdøra no, kjem det kanskje fleire? På same tid var det ein stad for å dela erfaring, for å opna opp, og for å møtast som ulike menneske på like fot. 

Under V i ordboka for bedehuset ville ordet "venesamfunn" stått. Kjernetroppane på bedehuset brukte ofte dette ordet om fellesskapet seg imellom. Bladet til den regionale indremisjonen Nordhordland indremisjon heitte Venehelsing. I eit fellesskap av vener er, ideelt sett, alle like. Det hindra sjølvsagt ikkje at enkelte vart meir lytta til enn andre, og uformelle maktstrukturar finst alle stader. Det fanst òg formelle leiarroller i ulike styre som måtte fyllast. Men det kristne arbeidet på bedehuset kvilte på ein grunntanke om at her var alle like. Bønder, fabrikkarbeidarar og bussjåførar var ikkje mindre sannsynlege i ulike leiarroller enn lærarar og akademikarar på barndomens bedehus. 

Då var det heilt naturleg at den lokale aktiviteten på bedehuset, som var ganske stor, vart driven slik vener brukar å arbeida i lag. Dei betalar kvarandre ikkje. Dei hjelper kvarandre, og når mange hjelper kvarandre, blir det dugnad. Dermed kunne òg pengegåvene frå kollektar og frå den enkelte kanaliserast til Nordhordland indremisjon, som sende predikantar rundt til enkeltmøte og møteveker på store og små bedehus, og til  misjonsorganisasjonar som dreiv evangelisering, helsearbeid og utdanning i ulike krikar og krokar av verda. Arbeidet lokalt var med andre ord imponerande billig sidan ein ikkje hadde lønsutgifter. På den andre sida kan det henda denne arbeidsmåten utan fast tilsette gjorde det vanskelegare både å byggja ei stabil forsamling og møta den store bølgja av tilflyttarar til området. 

KJØKKENET. Kjøkkenet trongst til meir festlege samkomer der det var servering, og var godt å ha elles òg. Det låg i kjellaren vegg i vegg med mastsalen. Denne matsalen brukte vi ikkje så ofte. Eg har heller ikkje så mange minne frå kjøkkenet. Damene rådde nok ofte grunnen der.

Derimot hugsar eg godt at det var anna praktisk husarbeid vi måtte delta i. Etter eit arrangement trongst det gjerne både rydding og golvvask. Etter yngresmøta vart "vaskelista" lesen opp, og det vart slått fast kven av tenåringane som skulle vaska etter møtet denne torsdagskvelden. Eg meiner vi òg hadde det same systemet med vaskelister etter øvingskveldane i koret Unge Røster. Det var ikkje den mest populære lista du kunne hamna på, men det gjekk på omgang. Unge spirevippar fekk slik ei viss mengdetrening i golvvask.

DUGNADEN. I bedehuset på Kyrkjekrinsen fanst det toalett og andre smårom. Dessutan var det vaktmeisterbustad på loftet, og det var ikkje vanleg på eit landsens bedehus. Utanfor inngangen var dei trapp med delvis overbygd tak - ein kjærkomen møteplass for oss unge i pausar, og utanfor rammene av det fastlagte programmet. 

Denne trappa kom med utbygginga av Kyrkjekrinsen bedehus i 1980. Dette var eit merkeår for huset. Då stod den nye sidefløyen med peisestova (utan peis) ferdig. Eit stort dugnadsarbeid vart lagt ned. På ei av dugnadsøktene sto forresten fire mann som alle heitte Gunnar, i eitt og same stillas. Konstruksjonen var neppe heilt etter forskriftene for det vesle stillaset ramla saman og drog med seg alle fire gunnarane i fallet. Eg har forteljinga frå ein av dei.

Bedehuset på Kyrkjekrinsen kom så seint som i 1954. Dei fleste andre bedehusa i Åsane kom før kyrkjebygda fekk sitt: Salhus, Eidsvåg, Hordvik, Haukås, Mjølkeråen og Tertnes var alle før ute. Først i oktober 1954 vart altså  Kyrkjekrinsen bedehus vigsla. "Folket i krinsen har ytt mykje friviljug innsats til bedehuset, med dagsverk og pengeinnsamling", fortalde avisa. Mellom dei som hadde bretta opp ermane, var ei jenteforeining i Dalebygda som hadde samla inn 7000 kroner. Og sånn var det både i Kyrkjekrinsen og med andre bedehus: Fotfolket gjorde dugnadsarbeid, gav og samla inn pengar slik at huset vart reist og seinare halde ved like.  

Sokneprest Søvde var med under vigslinga i 1954. Åsanekvartetten song, det same gjorde Kyrkjekrinsen strengemusikk. "Det er som ein draum at me har fått opp bedehus her i krinsen", sa formannen i misjonsforeininga Oskar Flaktveit då han såg ut over forsamlinga. "Lars Blindheim, Johan Ulset, Emil Hjortland og Nils Saurås las so kvar eit skriftord", fortel avisreferatet. Her var menn frå dei gamle gardane i Åsane i sving. 

ÅRETAK FOR JESUS. Lekmannskristendomen var der sjølvsagt lenge før huset kom, og det skal ha vore haugianarar i Åsane tidleg på 1800-talet. Kjernen i den kristne lekmannstradisjonen var menneske som søkte åndeleg fellesskap med kvarandre utanfor rammene som den offisielle kyrkja og gudstenestene sette. Vanlegvis som eit supplement til desse rammene, men stundom i opposisjon. I 1970 var det hundreårsjubileum for misjonsforeininga i ein av nabokrinsane til Kyrkjekrinsen, Mjølkeråen misjonsforening. Karl Hitland vart intervjua og fortalde om korleis arbeidet hadde vore drive der i gammal tid. Då tok lekfolket saka i eigne hender dei søndagane det ikkje var gudsteneste i Åsane kyrkje: "Den som hadde ansvar for møtet, måtte då opp i fire - fem tida om morgonen, gå til sjøen, setja båten utpå og ro til Bergen for å henta talaren. Etter møtet bar det same vegen attende. Det kunne i alt ta bortimot ti timar".

Den lyttande Maria i samtale med Jesus sit i framgrunnen på det store biletet i møtesalen på Kyrkjekrinsen bedehus. Måleriet heng der den dag i dag. I det daglege arbeidet og dei mange aktivitetane, i dugnad og drift av huset, der var òg Marta sine flittige hender.

EIT MINNEORD. Denne artikkelen handlar om livet på Kyrkjekrinsen bedehus på 1970- og 80-talet. Men røtene til det lekmannskristne arbeidet går lengre tilbake i tid. Derfor vil eg avslutta med eit minneord som stod i avisa i 1962. Kan henda var dette minneordet einaste gongen denne bondekona fekk omtale i avisa. Ho kan stå som representant for dei mange kvinner og menn rundt på bygdene som bar oppe dette arbeidet, både før og etter det lokale bedehuset vart reist. 

Ei kjend misjonskvinne i Åsane, Olina Ulvesæter, er avliden vel 80 år gamal. Ho var frå Espelid og vart bondekone på Ulsetgarden. Hennar hug stod til arbeidet for Guds rike og i 25 år samla ho Ulset kvinneforening hjå seg til arbeid for misjonen. Ho gjorde ogso mykje for Kyrkjekrinsen misjonsforening og var alltid den som hyste forkynnarar som vitja krinsen. Sjølv tok ho ogso gjerne del på møte og samlingar med ord og vitnemål. Ho førde ein gjestfri heim og vann ein stor veneflokk. Ho vart midtpunktet i ei stor slekt og var glad i born og ungdom og vart ei god "tante" for mange. Sjølv hadde ho ingen born.

Onsdag vart ho gravlagd ved Åsane kyrkje. Kyrkja var fullsett av slekt og vener og bygdefolk som ville syna Olina den siste æra og fylgja til gravi.

Andakten tok til med "Våren" av Grieg for fiolin og orgel. Hjelpeprest Kåre Nødtvedt tala ut frå ordet i Esaias 49,16 med sterke ord om livet med Gud og Jesus Kristus som livsens lov so ein kan seia med salmeskalden: Du har gripe mi høgre hand.

Det vart lagt kransar frå slekti på hennar side og tidlegare avlidne manns side og frå misjonsforening og kvinneforening. Og so lydde songen Navnet Jesus blekner aldri - og frå musikken vart gjeve "Stjernesangen" av Sibelius og til slutt "I ensomme stunder" av Ole Bull.

Etter gravferdi var det minnesamvær i Kyrkjekrinsen bedehus.


Avisartiklane som er vist til over, er alle henta frå Dagen. Artikkelen om bedehusvigsla i Kyrkjekrinsen stod 25. oktober 1954, om 100-årsjubileet i Mjølkeråen misjonsforening 28. november 1970 og minneordet om Olina Ulvesæter stod 3. august 1962. Ein artikkel om tiårsjubileet for Kyrkjekrinsen bedehus stod dessutan i same avis 27. oktober 1964. 

For faktaopplysningar og bakgrunn om bedehus i Hordaland er denne boka nyttig: Reise i bedehusland - Bedehusene i Hordaland (Johannes Kleppa og Alf Henry Rasmussen, Bergen 2001).

Dei kursiverte songstrofene er henta frå Sanboken - Syng for Herren (Oslo 1983): Hør hvor det stormer der ute, her er det fredfullt og tyst! er frå songen "Kom som du er til din Frelser" forfatta av Thomas Ball Barratt, pioner for den moderne pinserørsla i Norge. Ved Jesu føter ei stille stund når orda kjem frå hans eigen munn kjem frå songen med same namn, forfatta av bonden og lekpreikaren Matias Orheim frå Nordfjord. Lammet, ja, Lammet, dets vunder og sår, æren og prisen i evighet får! er henta frå salmen "Brødre og søstre, vi skilles nu ad", og verset er skrive av den danske 1700-talspresten Frederik Boye. Her er kje fri og træl, her er kje arm og rik. Kvar har den same arvedel og er dei andre lik er eit vers frå songen "Velsigna band som bind", henta frå engelsk og islandsk av forfattaren Trygve Bjerkrheim. Hvor deilig det er å møte når ene man vandrer frem, en broder- og søsterskare på veien til samme hjem! er henta frå songen med same tittel, og skriven av prestedottera Kirsten Hansen frå Moss.  "Navnet Jesus", som vart sungen i gravferda til Olina Ulvesæter, er kanskje den mest kjende og kjære av alle bedehussongar - teksten er skriven av frelsesoffiseren David Welander, og tonen er ein Zulu-melodi frå Sør-Afrika.

Illustrasjonane til artikkelen over er utsnitt av biletet som heng framme i møtesalen i Kyrkjekrinsen bedehus (foto: Arve Kjell Uthaug). Motivet er Jesus som gjestar søstrene Marta og Maria i Betania. Målaren er Vilh. Bjørknes. Måleriet er frå 1955, året etter at bedehuset vart reist.

tirsdag 30. desember 2025

Ablegøyar, spit og tverkeskap

Vinskvetten er kjend frå revy-scener, radiokanalar, kassettar,
cd-ar... Men her dukkar dei, forsyne meg, opp i ein andakt.
Den natige parkeringsvakta frå strilelandet var 
utgangspunktet for andakten i avisa Dagen 6. juni 2006.  

Det er trongt i Salhus. I dag bur det ikkje så mange menneske i denne skråninga mellom sjøen og fjellet. Tydelegvis har det likevel vore plass nok til at det kunne veksa fram eit frodig villniss av folkeleg tull og tøys med tone til, fletta saman med skarpt observerte karikaturar i eit imponerande persongalleri. Vi snakkar sjølvsagt om Vinskvetten, eller det som ein gong heitte Salhus-Vinskvetten. Det er berre å gratulera gamlingane med femti år som flåkjefta ambassadørar for strilekulturen.

Garden Salhus var i si tid krongods og høyrde kongen til. Her var det òg vertshus for dei sjøfarande. Utan tvil kunne det stundom gå hardt for seg der når alkoholen seig inn i eit lokale fullt av mannfolk litt for langt heimanfrå. Forfattaren Kristian Matre har skildra ein slik slåsskamp i Salhus i ein av romanane sine frå Åsane. På 1800-talet voks det fram tekstilindustri her. Salhus vart eit livlig lokalt sentrum med vatn frå oppdemma stemmer oppe i fjellet, og ei lita elv som rann ned til fabrikkbygningar med ei tett klynge av hus ikring. Her var det butikkar, indrettslag og ferjekai. Industriarbeid og industrikultur smelta saman med strilekultur og strilemål. 

I 1950 dukka songgruppa Salhuskvintetten opp her og lovprisa gryta hennar mor, song om singel og sand og lova at det skulle bli andre bollar når papen kom heim. Ein generasjon seinare kom den litt meir rampete Salhus-Vinskvetten.

I år er det 50 år sidan Vinskvetten såg dagslys for første gong. 

KNARKEN. Etter mi meining er Vinskvetten på sitt beste når gruppa skildrar den inngrodde vestnorske vrangpeisen. Ein knark du ikkje ville hatt som nabo. Han vinkar bilen din inn på ferja heilt til det singlar i lykteglas. Han ligg på lur og gjev deg parkeringsbot om feilparkeringa er aldri så forståeleg. Han gjennomskodar innbilske kunstnarar og jålete kunstkritikarar. På sine gamle dagar kan han med ein slags opphøgd autoritet slå fast at alt var så mykje verrare før i tida. Unekteleg høyrest det ut som han sjølv har det temmeleg ille no òg.

Vinskvetten har gjennom fleire av låtane sine gitt oss eit monument over den vestlandske knarken. Sjølve personifiseringa av einvis tverkeskap finn du i songane om ferjebillettøren, kunstnaren, parkometervakta, gniaren og ikkje minst i låten "Harde tider". Du anar han òg i bakgrunnen i songen "Nåken so passa før meg". Sjølvsagt er det nyansar her. Knarken er faktisk ikkje sur og grinete i alle utgåvene. Kjernen i denne karen er at han ikkje let seg rikka. Han seier og gjer nett som han vil. Innvendingar frå andre prellar av. Han er mentalt impregnert.

Så her er det mykje å gleda seg over.

Ingen skildrar denne karen slik som Vinskvetten. Så tek dei sjølvsagt litt godt i for å få fram poenget. Karikaturen er Vinskvettens metode, langt meir enn det vâre og nyanserte. 

Til ære for femtiårsjubilanten har eg prøvd å laga ei liste over dei ti favorittkarakterane mine i songane til Vinskvetten. Konkurransen er hard. Rekkjefølgja internt på lista kan nok diskuterast. Enkelte av plassane er dessutan delte.

Det er dårleg med kjønnskvotering på denne lista. Menn spelar hovudrolla i songane til Vinskvetten. Ein delt fjerdeplass blir det likevel til ein kvinneleg kunstritikar frå Austlandet. Det globale perspektivet kjem òg tydeleg fram gjennom at det er funne plass til eit par brautande bergensarar på slutten av lista, nett bak skjelpadda Ruth.

1. Forteljaren i "Harde tider". Han syt og klagar seg til ein førsteplass. Reisa til fortida går over stokk og stein, med humor og overdriving og med ein så oppriktig mangel på sjølvinnsikt at ein kan bli rørt. Takk og lov for at denne karakteren høyrer til i tida før kommentarfelta i sosiale media. Me va fjorten onga heima på garden, tretten gutta og firogtjue jente. Og tå desse atten so va da faktisk berre eg so vaks opp. Dei andre e lika små den dag i dag.

2. Gniar'n. Denne karen er gniten, kreativ og tilfreds med livet. Alt på same tid. Slå den. Dei som vil ha dette inn med både lyd og bilete, kan lena seg tilbake i godstolen og kikka på denne videoen laga av lokale heltar frå Holsnøy. Men ingen ska seia at eg e ein gniar, sjøl om eg kvir meg te spretta ein tiar. Eg tar långe steg før å spara på skona, kver einaste dag går eg inn vel ei krona.

3. Ferjebillettøren. Med denne karen på tredjeplassen har alle medaljane gått til ulike utgåver av den vestlandske knarken. Kongen av ferjedekket rikkar seg ikkje ein tomme, og dei meir og meir krakilske innvendingane prellar av. For dei som er interesserte i samspelet (les: gnissingane) mellom stril og bergensar i songane til Vinskvetten, minner eg om dialekten til den uheldige bilisten. Eg gir meg ikkje på den saken her!

4. Kunstnaren, knarken og kunstkritikaren. Denne gongen er strile-knarken utprega sur gamling som ampert peikar på dårskapen og jåleriet i den eleverte kunsten. Men han må i songen "Kunstnaren" finna seg i å dela fjerdeplassen med kunstnaren sjølv og med den noko oppstylta kvinnelege kunstkritikaren med austlandsdialekt. Det er samspelet mellom desse tre som gjer denne låten til ein av dei beste frå Vinskvetten. Eg ville kje hatt da om dei hadde slengt da ette meg!

5. Ingolf Kvamme. Ingolfen har fått sin eigen song, eit lite epos til ein utstøytt unggut frå Salhus som greier å hevda seg som lokal sykkelakrobat. Så lenge det varer. Vinskvetten lagar med denne låten ei fin blanding av det smått vemodige, det Salhus-lokale og det galgenhumoristiske - alt til smektande morriconeaktige tonar. Han vaks opp i tronge kår, i eit eldhus bak fabrikken. Tidleg vart han tvinga te å spela i musikken. 

6. Belbert'n. Det er meir enn namnet med denne karen. Om ein ikkje legg lista for høgt, kan ein kalla han ein slags bygdeintellektuell. Han opptrer både som lokal fagforeiningsmann og som litt forsagt bygdepoet. Fatter'n har eit solur han aldri har fått te. Eg tok da ut i solæ, og sia har da gje. 

7. Anders Bjarne og Kveitebollen. Den første av desse får skulegangen sin forma av norsklærar Mikalsens uforstand. Tydelegvis er Anders Bjarne ordblind, men det er Mikalsen blind for. Sjuandeplassen er delt med ein annan som har vore kua og fortrykt: Kveitebollen vart plaga av Rånny Bruvik gjennom heile skuletida. Når innkallinga til klassefest og gjengjenging kjem, skal han endeleg manna seg opp og betala tilbake. Sympatien i desse songane er utan tvil hjå Kveitebolllen og Anders Bjarne. Samstundes må det seiast at songane til Vinskvetten ikkje først og fremst er prega av den varme og vâre empatien. Ein artist som Tønes maktar på ein heilt annan måte å fletta saman det vâre med det humoristiske skråblikket på karakterane sine. Hjå Vinskvetten dominerer humoren og ablegøyane. Empatien får vi ordna med sjølve. At me gjekk i same klasse e da versta so har hendt.

8. Tvangstenkjaren. Tvangstenkjaren i "Eg berre må" passar godt inn saman med dei to på plassen like framfor. Jaudå, Vinskvetten tullar her med noko som det sikkert finst ein diagnose for. Men kanskje er det bra at ein kan tulla litt med slikt òg? So kjem drivhuset te Hjalmar'n, ja, Hjalmar Seterstøl. 198 rute, og dei tel seg ikkje sjøl. 

9. Skjelpadda Ruth. Denne songen er eit litt pussig, men fint innslag i låtfloraen til Vinskvetten. Alt krinsar om ei skjelpadde som kryssar vegen. Eg gjev Ruth ein åttandeplass først og fremst for å skilja seg litt ut. Å heia Ruth, no må du gje da du har. Bit tenna samen so kan du gå klar.

10. Norsklærar Mikalsen og Ronny Bruvik. Her, på ein vel fortent sisteplass,  stuar vi saman norsklæraren til Anders Bjarne og barndomsbølla Rånny Bruvik. Det er heilt som det skal at dei kjem lenger nede på lista enn dei to som dei forsura oppvkesten til. Fred over ditt mine. 

Dermed er kåringa til ende. 

Æresprisen går uansett til den inngrodde vestlandske knarken, same kva skapnad han dukkar opp i.

søndag 14. desember 2025

Ein barndom på bedehuset (I) - språket

Kyrkjekrinsen bedehus i Åsane (foto: Arve Kjell Uthaug)
- De må lera språkjæ! Lekpredikanten slo neven i talarstolen framfor ei stor forsamling av ungdommar samla til fest andre juledag i Kyrkjekrinsen bedehus. Eit gudshus i det som den gongen var eit kulturelt grenseland mellom rotfest landsens strilekultur, som ikkje minst bedehuset representerte, og byen og bergensarane som velta utover oss med sine rundkøyringar, lågblokker, kjøpesenter og dominante dialekt.

Og vi lærte språket vi som voks opp på bedehuset på 1970-talet. Bibelspråket og forteljingane frå boka fekk vi servert gjennom andaktar og talar. Enkelte supplerte òg med bibelgrupper og tapre forsøk på sjølvstudium. Det gjorde oss fortrulege med tekstane som har vore berebjelkar i sivilisasjonen vår i mange hundre år, og som i tillegg har snudd opp ned på enkeltemenneske sine liv. Eg vil tru ein spirevipp av ein tenåring på Kyrkjekrinsen bedehus på slutten av 1970-talet kjende bibelforteljingane betre enn ein gjennomsnittleg norsk universitetsprofessor i 2025.

DET BLIR SUNGET EN SANG AV ENFOLDIGE SMÅ. Dessutan lærte vi det særeigne, inderlege og litt meir daterte språket i songtradisjonen på bedehuset. Det gjorde i alle fall vi som gjekk på dei vanlege bedehusmøta, og ikkje berre var innom det kristne ungdomsarbeidet. I det siste tilfellet kunne ein gjerne sleppa unna med nymotens substitutt frå den ungdommelege songboka Rop det ut. Vi som var hardcore bedehusungdom og gjekk på vanlege møte, vi møtte òg tidt og ofte Sangboken. Denne boka med ei gullharpe på omslaget var den autoriserte songsamlinga på bedehuset den gongen. 

Språket i ein del av songane i denne boka verkar i dag framandt ikkje berre for sekulariserte menneske, men òg for aktive kristenfolk. Sett deg, lille due, der i ditt klipperede! Evig der din Jesus kjær ømt om deg skal frede. Det er kanskje ikkje slik dei fleste av oss ville ha innleidd ein samtale om tru og livssyn med naboen. Ikkje den gongen, og ikkje no heller. Men vi song det. Det var eit språk som til tider var eit par hakk for inderleg, og det var kanaanspråk i solide dosar. 

DET STRØYMER EI LIVSELV AV LUKKA. No er det ikkje mi meining å snakka ned denne songtradisjonen. For den som ser litt etter, er det eit mangfald av sjangrar og stilar i Sangboken, både i tekstar og melodiar. Inga folkerørsle skaper ein slik mangfaldig flora av songar utan at det renn ei sterk elv av frigjering og glede gjennom landskapet. Beklagar å måtta skriva det, alle bedehus-svartmålarar, men ein slik kreativitet og ei slik glede som kjem til uttrykk i songtradisjonen frå bedehuset, greier du ikkje å skapa gjennom berre skræmsler, helvetesangst og svartsyn.  

I vår tid har nokre bedehus-forsamlingar døydd ut. Der syng dei ikkje lenger. Andre har teke opp i seg den nyare lovsongs-tradisjonen, kanskje med nokre innslag frå arven etter Sangboken. Eg lurar på kor mange aktive bedehus-forsamlingar som framleis brukar Sangboken som hovudkjelde for songen. I og for seg er det kanskje ikkje ein god idé heller. Skal bedehusa leva, må dei ta opp uttrykksformer frå kulturen omkring, og den endrar seg. Samstundes er det på høg tid at nokon slepp laus den musikalske kreativiteten sin og gjev Sangboken-arven eit nytt uttrykk. Arne Domnerus Kvartett gjorde det med nokre av melodiane i Evergreens fra Kanaan, som kom i 1981. Men her finst det både tekstar og melodiar som ventar på å møta ei ny tid.

NÆRMERE DEG MIN GUD. - Nærmere deg min Gud, sa mannen, og flytta senga på loftet. Ei småvittig sjel hadde skribla ned denne utfyllande kommentaren i ei av songbøkene på Kyrkjekrinsen bedehus. Det kunne løna seg å bla litt på måfå i Sangboken. Sjølvsagt vaks det fram ein eigen humor på bedehuset, og i det meste av humoren er språket det viktigaste verktøyet. Bedikken på Kyrkjekrinsen hadde sin eigen sjargong, eigne historier og eigne karakterar. No skal det seiast at dette bedehuset hadde eit stort og aktivt ungdomsmiljø den gongen, knytt til både kor og andre aktivitetar, og det var heilt avgjerande for korleis det var å veksa opp i miljøet. Slett ikkje alle bedehus hadde eit slikt sterkt ungdomsarbeid. Mykje av humoren vart nettopp skapt i møte mellom den unge generasjonen og ein tradisjonell bygde- og bedehuskultur. Det sette sitt tydelege preg på språk, sjargong og vitsar. Av og til gjekk humoren litt mykje ut over dei same personane, dvs. faktiske personar i miljøet. Men først og fremst gjorde humoren at vi pusta fritt. Eit miljø utan humor er ei tvangstrøye.

Språkhumoren gjennom kommentarar og vitsing fekk eit meir teatralsk supplement gjennom sketsjen, som ofte var eit innslag på ein del festar og samlingar i ungdomsmiljøet. Sketsjen kravde ei heilt anna førebuing og planlegging, sjølvsagt, enn ein treffande kommentar i forbifarten. Og det gjorde stor suksess når dei lokale stand-up-talenta fann sin naturlege plass på scenen.

GJØR DET LILLE DU KAN. Oppveksten på bedehuset gav oss òg ei anna og meir oppdragande språkleg opplæring. Går vi heilt tilbake til siste delen av 1800-talet, voks den norske bedehusrørsla fram parallelt med utbygginga av skulevesenet, demokratiseringa av samfunnet, den eksplosive veksten i formelle lag og organisasjonar og oppblomstringa av trykte massemedia som bøker, blad og aviser. Denne demokratisk-folkelege revolusjonen prega arbeidet på bedehuset både den gongen og i generasjonane som følgde etter. Både misjonsforeininga, som hadde det overordna ansvaret for huset og arbeider der, og andre lag som hadde meir spesialiserte arbeidsfelt, var born av eit samliv mellom evangelisk kristendom og demokratisk assosiasjonsånd. I denne kulturen var styre, årsmøte, val, medlemskap, protokollar og referat sjølvsagde ting.

Alle arbeidsgreinene på bedehuset hadde nok ikkje like tydeleg innslag av dette, men det var likevel ein vesentleg del av sjølve rammeverket om arbeidet. Skal eg ta fram eitt enkelt utslag av dette no i ettertid, må det bli referatskrivinga på Yngres. Dette var eit arbeid med møtesamlingar kvar torsdag, og det var vi medlemane som dreiv aktiviteten sjølve. Om eg ikkje hugsar feil, var det tolv år vi måtte vera før vi fekk byrja på Yngres, og så hang vi med nokre år framover. Vi hadde vårt eige styre, skaffa andaktshaldarar, planla og leia møta, arrangerte helgeturar. Frå dei vanlege møta kvar torsdag skreiv vi referat. Skrivinga gjekk på omgang - sikkert ikkje mellom alle frammøtte, men mange fekk i alle fall prøva seg. Og så las vi opp referatet på neste møte. 

Så er eg litt meir usikker på kvifor vi eigentleg skreiv desse referata frå heilt vanlege torsdagssamlingar med ein gjeng tenåringar til stades. Heller ikkje veit eg om vi stilte oss det spørsmålet. Vi skreiv. Og for nokre av oss vart det ein av mange små, viktige ting som oppdrog oss til å delta i samfunnsarbeid og bruka språket på ein meir formell måte.

Heilt til slutt i denne første vesle artikkelen om barndommen på bedehuset bør det presiserast at artiklane byggjer på mine eigne minne frå oppveksten på Kyrkjekrinsen bedehus på 1970- og inn på 1980-talet. Sjølvsagt prøver eg å referera ting så korrekt eg kan. Samstundes er det klart at særleg enkeltepisodar og replikkar baserte på hendingar fleire tiår tilbake, er henta fram slik eg hugsar det. Slike minne kan naturlegvis i nokre tilfelle vera unøyaktige, og andre kan hugsa ting litt annleis.

VED JESU FØTER EI STILLE STUND. Sidan dette er ein artikkel om bedehuset, gjer eg som lekpreikarane ofte gjorde på talarstolen: Eg har allereie sagt at no skal eg gå til avslutning, men så dukkar det likevel opp meir som berre må med. Predikantane på Kyrkjekrinsen bedehus stod bak ein talarstol med innskrifta "Set dykkar lit til Herren". På veggen bak dei hang det eit stort måleri av Jesus som var gjest hjå systrene Marta og Maria. Marta går i bakgrunnen og ordnar til med mat og drikke. Maria sit saman med Jesus i framgrunnen og lyttar til orda hans. "Det er eitt som trengst", slår bibelsitatet nede på måleriet fast. Dette eine nødvendige er å vera nær Jesus og lytta til orda hans. Så viktig var det at jamvel travle kvinneplikter kom i bakgrunnen.

Kva var det eigentleg han ville ha fram, talaren som la inn over oss festkledde ungdommane at vi måtte læra oss språket? Det hugsar eg ikkje. Men sidan det var ein predikant på bedehuset, vil eg tru det handla om trua, frelsa og hjarteforholdet til mannen frå Nasaret. For det er eitt som trengst, det var det liten tvil om på bedehuset. 


For dei som ikkje kjenner Sangboken så godt, så er alle mellomtitlane over songtitlar derifrå, henta frå 1983-utgåva. Det blir sunget en sang av enfoldige små vart skriven av den norske journalisten Carl Bang i 1921 - "men de selvkloke vil ikke høre derpå", heiter det vidare i teksten. I ei eldre utgåve av Sangboken står det litt annleis: "De forstandige vil ikke høre derpå". Det strøymer ei livselv av lukka er skriven av den kjende bedehusdiktaren Trygve Bjerkrheim (1957) frå Bjerkrheim i Rogaland. To av dei mest kjende songane hans er Det er makt i de foldede hender og Han tek ikkje glansen av livet. Nærmere deg min Gud er ein internasjonalt kjend salme, skriven av engelske Sarah Adams i 1840 og omsett til norsk av Gustav Jensen i 1915. Allereie før siste verdskrigen skal salmen ha vore omsett til over 140 språkGjør det lille du kan er skriven svenske Lina Sandell (1885), som med sine evangeliske songar er høgt skatta både på bedehuset og utanfor. Ved Jesu føter ei stille stund er skriven av gardbrukaren og lekpredikanten Matias Orheim (1908) frå Eid i Nordfjord. Orheim var ein kjend talar i si tid; han var blind og spela m.a. på glas når han reiste rundt.


tirsdag 10. juni 2025

Kraftlause kulturminne

Godt gøymde kvernhus nedanfor
Salhusvegen (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er femte artikkelen om Åstataket og området rundt. Den første handla om turstiane, den andre om Klantersteinen, den tredje om ein litterær fisketur, den fjerde om Salhus. 

Over dei to gamle kvernhusa spenner dei moderne kraftlinjene seg parallelt med Ulsetelva nedanfor. Leidningane heng der mellom metallmastene sine som tjukke strekar under konklusjonen om at bygningane i villnisset nedanfor ingen nytte lenger har.

GØYMT. Kvernhusa ligg langs Salhusvegen, der Ulsetelva renn frå Ulsetstemma og nedover mot Midtbygda i Åsane. Frå bilane som susar forbi, kan ein ikkje sjå steinkonstruksjonane nede i den tilgrodde dalbotnen. Men dei ligg der, og murane har halde seg godt trass i at vegfyllinga ovanfor pressar seg tett inntil, og sjølv om bygningane neppe har konsumert ei einaste krone over dei offentlege kulturbudsjetta.

Først ligg det ei steindemning på tvers av elva med eit kvernhus nokre meter nedanfor. Så kjem det ei demning til og eit nytt kvernhus. Følgjer ein elva vidare nedstraums dukkar det etter kvart opp ei ny demning, men denne er ikkje - i alle fall ikkje i dag - følgd av eit nytt kvernhus.

Kvernsteinar fann eg ikkje, men eg hadde heller ikkje med spett og grapse til å leita med. 

BRUA. Den vesle elva renn roleg vidare ned i ein dal som vidar seg ut. Markene her må i si tid ha gitt mykje godt gras til gardsdrifta. Så, litt lenger nede, renn elva under den nyvølte Saurås bru. Sherpaar frå Nepal har vore i sving for å sikra at denne vesle brua i Åsane skal vera både presentabel og berekraftig inn i framtida. 

På sørsida av Sauråsbrua ligg Ulset-garden der Ulset Sykehjem no ruvar, og der senterområdet med sitt vrimmel av butikkar ligg like bak åsen. Den trondheimske postvegen går over brua og vidare opp til Åsane gamle kyrkje på Saurås. Kyrkja vart tent på og brann ned til grunnen natt til julaftan 1992, men vart bygd opp att. Den stadig veksande kyrkjegarden nedanfor vitnar om at det ikkje berre er alt omkring oss som forandrar seg. Ein dag skal heller ikkje vi trakka rundt her lenger.

Saurås bru er sett i stand med hjelp av sherpaar frå Nepal
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Sigmund Bødal i Statens vegvesen opplyser til Kokeluren at allereie før postvegen kom, var det ein eldre veg frå mellomalderen her. Dei større steinane ein ser midt i vegen frå Sauråsbrua og opp mot kyrkja, vart lagt der slik at hestane kunna klatra oppover.

Saurås bru er fin den. Men ein gong var det ei anna bru ikkje langt unna - Håbrua. Om denne brua hadde fått stå, hadde ho vore det flottaste kulturminnet i heile Åsane. Eit imponerande byggverk i stein med fem brukar. Men framsteget tok henne, og i 1959 vart ho sprengt bort.

FRAMTIDA. Det som ligg i grus, det ligg i grus. Saurås bru er heldigvis teken vare på. Kvernhusa lenger oppe langs Ulsetelva er der framleis, dei òg. Men dei treng nok litt omsorg om dei skal vera der for nye generasjonar.



søndag 13. november 2022

Dra te Salhus

Fjerde artikkel om Åstaket og området rundt. Den første handla om turstiane, den andre om Klantersteinen, den tredje om ein litterær fisketur. 

Tekstilindustrimuseet i Salhus gjev eit
fargerikt innblikk i Salhus som pulserande
industristad.(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Salhus i Åsane er på mange måtar berre ein skugge av seg sjølv. Men skuggar kan fascinera og fortrylla, og ein litt avsides industristad kan overraska. Slik er det med Salhus, plassen som fekk sitt eige uttrykk i språket.

Den fortetta bygda kring den gamle "spøtefabrikken" har gått inn i den lokale språkbruken gjennom uttrykket "dra te Salhus". Uttrykket vart nok meir brukt for nokre tiår sidan. Kor stort geografisk nedslagsfelt det har hatt, veit eg ikkje, men eg vil tru munnhellet har vore godt kjent mange stader i dagens Bergen kommune, og i eit temmeleg stort område nordforbi og vestanfor Åsane.

LIKSOMBANNING. Her har eg rådført meg med ein kar som kan mykje meir om norsk språk enn meg. Han meiner "Dra te Salhus" er eit fenomén vi ofte kallar for liksom-banning, og det trur eg han må ha rett i. Uttrykket skrur ned den språklege temperaturen mange hakk, og er derfor mindre provoserande og meir akseptabelt å bruka for mange enn kraftuttrykk som "dra til helvete". 

Så er jo spørsmålet om kvifor nett Salhus vart valt som erstatningsdestinasjon i dette uttrykket i Bergen og strilebygdene omkring. Det får vi nok aldri vita. Men vi kan spekulera, og eg har sendt e-postar til folk rundt meg for å høyra kva dei har å seia om uttrykket. Sjølv om folkelege forklaringar på slike uttrykk skal takast med ei klype salt, så kan dei rota opp interessant kulturhistorie. Kanskje meir det enn å gje ei god forklaring på opphavet til sjølve uttrykket. 

Ein av informamtane mine kjem frå Osterøy og kjenner uttrykket. Han brukar det ikkje ofte, men det kan henda, og i så fall mest i samtale "med jamaldrande eller eldre strilar - samtalepartnarar som eg reknar med eg slepp å forklara det for". Han legg til at han aldri har undersøkt uttrykket fagleg, "men har innbilt meg at det har bakgrunn frå då Salhus var på høgda som industristad: Når du er så lat, udugeleg, uopplyst, ... så har du ingenting her å gjera. Men dra til Salhus, for der er dei så desperate etter å få tak i arbeidsfolk at dei til og med gjer bruk av slike som deg." 

PULSSLAGA FRÅ SALHUS.  Mannen frå Osterøy er inne på noko viktig om historia til denne pitorske plassen klemt mellom Åsanefjella og Salhusfjorden. Då tekstilindustrien i Salhus var på høgda, var det liv og røre her, på ein måte som fekk bondebygdene ikring til å bleikna. Fabrikkane sysselsette mange. Her var det butikkar, bank, musikk- og kulturliv og idrett. Ja, ei kvinne frå Holsnøy fortalde meg ein gong at ho som ung jente kjøpte si første sminke på sørsida av fjorden, i Salhus. 

Ein pensjonist, som voks opp i det som no er Øygarden kommune, kjenner òg godt til uttrykket, og svaret hans speglar eit pulserande sentrum: "I min barndom var Salhuskvintetten (`gryta hennar mor`) fast innslag i Ønskekonserten. Det var ei påminning om at Salhus var til. Elles var det vanleg at ymse kvinneforeninger drog til fabrikkutsal på Salhus."

SLÅSTKAMPEN. Då hadde allereie Salhus vore ein industristad i fleire generasjonar. Salhus Tricotagefabrik starta opp i 1859. Herberge for dei som kom sjøvegen, hadde det vore i denne bygda sidan lenge før industrien kom. I det litterære universet til forfattaren Kristian Matre frå Åsane, har Salhus fått namnet Saltneset. Matre skreiv i mellomkrigstida, men handlinga i dei to første bøkene hans er lagd til slutten av 1850-talet. Bøkene handlar om Madli og Vemund i Botn, eit ektepar som ikkje hadde det heilt enkelt i lag. I ei av desse bøkene er Vemund innom Saltneset. Der låg folk verfaste, det var stinn brakke og tett stemning.

Salhus Tricotagefabrik, slik det såg ut rundt 1935.
(Foto: Peter Forras, Wikimedia Commons)

(...) Nett den tidi då ålmugen for til byen med budrått og slakt og førde heimatt det dei trong til vinteren av kjøpevaror. Hamnen låg full av båtar og jægter; ein kunde radt ganga turrskodd yver - so ein vilde.

Folk stod i flokkar og skifte ølkjengone millom seg. Pægleflaskone kom etter og gav den rette kveiken. Ein og annan var alt på ein god lette og tok til å oppa seg og slengde skitord. Bygdehatet kom fram, og då var det ikkje langt etter kniven. Inne i den store gastgjevarsalen var det trongt kring langbordi då Vemund steig inn. Kvart det auga var vendt mot øvre enden av det eine bordet der tvo karar sat og andgjeglast. Dei spara ikkje på ordi, dei tvo; men rædde einannan ut slik at folk kvar augneblink venta på at noko måtte henda. Vemund kjende karane.

Den eine var Hamaren, dei kalla, hestehandlar, og hin Værnes`n som for ikring med skreppa. Store sterke karar var dei båe, og dei hadde ikkje nett beste ordet på seg kom nokon dei ivegen.

Sjølvsagt enda det med slåstkamp mellom hestehandlaren og den omreisande handelskaren. Dei som vil vita korleis det gjekk, får lesa romanen I bast og band (1929) av Kristian Matre. 

VINSKVETTEN. Motorbåtane kom, og det kom nye og betre vegar til lands. Den bynære gjestgjevarstaden langs Salhusfjorden stilna. Etter kvart tystna òg fabrikkane. I 1989 var det slutt for Salhus Tricotagefabrik. No er det tekstilindustrimuseum i bygda. Eit fint museum er det, med ei perle av ein museumskafe og ein flott museumsbutikk, men det er jo ikkje nok til å trekkja skarar av arbeidsvillig ungdom til bygda. 

Sjølv voks eg opp på 1970- og 1980-talet i Kyrkjekrinsen i Åsane. Det var ikkje langt frå Salhus, men eg kan knapt hugsa at eg reiste til industribygda. Salhus var ein avkrok for oss. I beste fall reiste vi til Salhuskaien og derifrå med ferja over til ei eller anna gudfryktig samling på Frekhaug. Den vesle tettstaden sør på Holsnøy var ei høgborg for indremisjonen, der vart Nordhordland indremisjon i si tid skipa, og der vart Nordhordland folkehøgskule lagt. 

Men, jau, det var likevel ein ting som knytte mange av oss i min generasjon til Salhus: Salhusvinskvetten. Dei song om Rotholå, ferjebillettøren, Belberten, det harde livet før i tida, kaoset i sokkeskuffa og Ingolf Kvamme som sykla ned mot kaien med buksa fast i navet og undergangen som uunngåeleg endestasjon. Ingen skildrar den gamle grinebitarstrilen så nydeleg som Vinskvetten. Når det er sagt, så trong vi jo ikkje reisa til Salhus sjølv om vi lytta til Salhusvinskvetten. Vi levde trass alt i ei moderne tid med musikkassettar.

Den franske bakaren er med på å gje nytt liv til Salhus.
(Foto: Arve Kjell Uthaug)

UTTRYKKET. Det er interessant at den av informantane mine som bur nærast Salhus, ein mann i sekstiåra frå Hordvik-krinsen, ikkje brukar uttrykket (sjølv om han kjenner til det). Det er kanskje ikkje så mykje kraft i eit uttrykk som bed deg "dra te Salhus" når du nesten bur der allereie. Mannen frå Hordvik-krinsen undrar forresten på om uttrykket kanskje stammar frå den tida det var vertshus i Salhus, og folk ville fara dit for å leska seg. 

"Dra te Salhus" er sikkert eit døme på liksom-banning. Informanten frå Osterøy forstår uttrykket som: "Kom deg vekk, dra dit peparen gror. Ikkje fullt så kraftig som dra til helvete, men det dreg i same leia". Det er nok rett, og denne observasjonen tek mykje liksom-banning på kornet. Inntrykket frå informantane mine styrker samstundes oppfatninga av ein mildna variant: "Dra te Salhus" vart gjerne nytta når nokon var litt overraska eller sjokkerte, når ein meinte nokon sa noko som var "litt på viddene", litt som "jøje meg" eller "du store min". Ei litt forsiktigare form gjev gjerne eit litt mildare innhald. 

Ein ting passar i alle fall dårleg om ein tenkjer seg "dra til Salhus" som erstatning for kraftigare saker. Og det må eg berre nemna. Til Salhus kjem ein ikkje langs den breie vegen, spesielt ikkje dei av oss som kjem dit frå nord. Du må inn på den smale vegen, og den fører som kjent til ein annan og betre stad. 

FRANSKMANNEN OG FJELLHEIMEN. Salhus er ein av mange små plassar som ruvar. Dei små stiane fører deg gjennom eit bratt lite sentrum av gamle hus. Den som vil vidare oppover i fjella, kan følgja Milaelva oppover og finna seg ein sti oppe på Åsataket. Dei ulike stemmene, dei oppdemma vatna ovanfor Salhus, er flotte kulturminne. Ikkje minst er det imponerande å studera murverket som er reist for å halda Storejørgenstemmo på plass. Attmed Litlejørgenstemmo nokre minutts gange ifrå er det laga til ein fin raste- og leirplass. 

Det er forresten ekstra god grunn til å fara til Salhus laurdag morgon. Då held den franske bakaren ope utsal med førsteklasses bakevarer. Eg håpar han finn Salhus så fascinerande at han slår djupe røter der. 


Den vesle undersøkinga om uttrykket "dra til Salhus", som det er referert til ovanfor, gjev seg sjølvsagt ikkje ut for å vera viskapleg, og slett ikkje kvantitativ. Men eg fekk inn nokre interessante kommentarar som eg har brukt, og det er det.

Nokre ordforklaringar til utdraget frå romanen I bast og band (1929), der utdraget er henta frå s. 68-69: "budrått" er husdyrprodukt (som smør og ost), "ølkjengone" er skåler til å drikka øl av, "oppa seg" er å yppa seg, "andgjeglast" er å kjekla. 

onsdag 6. juli 2022

Ein mann på si tofte

Tredje artikkelen om Åsataket og området omkring. Den første handla om turstiane, den andre om Klantersteinen

Mykje har forandra seg på Klauvaneset i Åsane sidan
romanfiguren Vemund duppa åreblada i sjøen her
i 1850-åra (foto: Arve Kjell Uthaug).

På Klauvaneset nord på Åsane-halvøya står det ei fyrlykt. Ho står innunder brufestet til Nordhordlandsbrua, og på haugen oppom ligg museet Tellevik kystfort. I 1850-åra - lenge før både fort, fyrlykt og bru kom - rodde småbrukaren Vemund båten sin frammed dette neset. 

Vemund er ein romanfigur skapt av forfattaren Kristian Matre (1877-1943). Matre skreiv i mellomkrigstida fem bøker der handlinga er lagt til Åsane, og leksikonet Norsk Allkunnebok skriv at Kristian Matre gjev eit rikt og påliteleg kulturhistorisk bilete av strilebonden heime og i byen på siste halvdelen av 1800-talet. Allkunneboka slår vidare fast at Matre "er ein fin psykolog og har eit sermerkt tak på sentrale problem i vestlandsk religiøsitet". Og, vil eg leggja til, han hadde eit godt blikk for detaljane i dagleglivet. 

Matre ætta frå Masfjorden. Sjølv vart han fødd på Myking i det som i dag er Alver kommune. Så flytta familien til Mjølkråne i Åsane, der Kristian voks opp. Bøkene hans opnar døra inn til det gamle bondesamfunnet i Åsane på ein måte historiebøkene knapt kan få til.

Dei to første bøkene hans heiter Folkje i Botn og I bast og band og handlar om Vemund og Madli, eit ektepar som ikkje hadde det heilt enkelt. Kulde og avstand kom i staden for varme og samspel. Vemund var "godt likt av alle utanfyre huset", skriv Matre, og med det er mykje sagt. Lett hadde forresten heller ikkje Matre og kona hans det i samlivet sitt, men det er ei anna historie. 

Romanfiguren Vemund var ingen storbonde akkurat, og då han fekk ja frå Madli, fekk han ei kone som gjennom ekteskapet gjekk ned eit par steg på den sosiale rangstigen i bondesamfunnet. Vemund var ein alminneleg mann som var litt utanom det vanlege. Han var spelemann attåt småbruket, men hadde eit ambivalent forhold til fela. Han var flink til å fiska, og han var god til å ro.

Eg vil ta med eit avsnitt frå Folkje i Botn. Sjølv om Åsane aldri har vore ei fiskarbygd, har dei som hadde tilgang til sjø og båt, sjølvsagt drive med litt småfiske. Ein måtte henta maten der ein kunne. Det trongst både god båt og grepa årekar, for det var ingen leik "å ro nordetter frå Klauaneset, når nordvesten stod rett på landet", slår Matre fast, før han går vidare og fortel om fiskinga hans Vemund.

Ifrå han var ein guteslark hadde han lege og fiska i viker og ved nes her.  Kjende so vel kvar ei grunna og kvar ein hjell fisken stod på, anten det var vår, sumar eller haust. Kva tid på dagen fisken var heime, då han liksom støylte seg, og korleis ver og straum laut vera, skulde fisken hava godlaget. — —

Det var stor skilnad på dei ymse fiskeslagi. Sume kunde vera lure og sløbeitte som kolja og morten. Andre var toskne og skrubsvoltne, so ongulen for radt ned i magen på dei med ein gong. Fiskane kunde au vera ovundsjuke på kvarandre; gjekk og lurte på agnet — ein tri-fire stykke. Ingen vilde vera fyrst. So seig no ein burtåt då; men som eit lyn var ein annan yver det, og då gjekk det ikkje lang tid fyrr stakkaren var innum ripa. Torsken han var ein stor trave — anten han so gjekk i sjøen eller på land. Det var kje noko lureri og akkedas med den karen. Og var han fyrst um æsingi dregen og fenge ein god dask, so neimen um han likka og rørde på ein ugge meir.

Berggylta var og ein greid fisk. Det vart kje rett kraft og feite i fiskesupa, var ikkje ho med. Trefte ein berre berggylta i godlaget og ikkje den fordervelege rota såg snittet sitt - so var det radt hugnad med henne.

Dægeren! Det var stygt å taka ilt i munnen. Men var det noko livande i sjøen som for hans del hadde vore til forderv og syndaukelse, so var det rota. Ikkje ein gong hadde han halde på med småfiske, utan at ho gjorde ugagn. Stødt var ho frame med nosi si. Dei gode agni, som var etla til å lura ei berggylte eller ein raudtorsk med, dei for i rota, nett som ein kjøtbite i ei bikkje. Og kva kunde vera meir fortærande, enn at ein rugg av ein torsk eller ei kulteberggylte kom sigande, skulde få seg ein godbite på morgonkvisten. Kanskje kjeften alt var burtåt agnet - berre gjera eit rykk å trekkja fiskelivet upp; - då kjem denne rota der som eit uver; ei risting i godbiten, og ongulen heng att  blank som ein syl. - - 

Ikkje alle orda Matre brukar er like kjente i dag. Så ei kjapp forklaring kan vera på sin plass. Hjell: hylle, berghylle. Støyla eller støla seg: Samla seg, slå seg til ro. Sløbeitt: treg til å bita på kroken.  Akkedas: drøfting, trette. Rota: liten lippefisk. Syndaukelse: noko som førte til synd, åndeleg nedbryting og forarging. Kulteberggylte: rund og feit berggylte. 


Kjelder, litteratur og ord 

Sitatet om fiskinga er henta frå Folkje i Botn: Vemund (1926), s. 31-32. Boka kan lesast frå nettsidene til Nasjonalbiblioteket. Det same gjeld for I bast og band (1929). Det finst korte omtalar av forfattaren Kristian Matre i Norsk Allkunnebok, Ascehougs konversasjonsleksikon og på Wikipedia. Olav A. Loen skriv litt meir i boka Bygda gav diktarsyn (1970). Skal ein gjera eit djupdykk i forfattarskapen til Matre, bør ein gå til hovudfagsoppgåva til Olav Hetlevik, som er trykt i årboka Frå Fjon til Fusa (1956 og 1957). 

I bøkene om Vemund og Madli har Kristian Matre i stor grad gitt stadene i Åsane andre namn. Men Klauvaneset (Klauaneset) kallar han altså med sitt rette namn.

Ordforklaringane over støttar seg til Nynorskordboka og Norsk ordbok.

onsdag 1. juni 2022

Klantersteinen under Håstefjellet

Klantersteinen ligg under toppen av
Håstefjellet i Åsane (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er andre artikkelen om Åsataket og området omkring. Den første handla om turstiane i området.

Ei morgonstund tidleg i mai gjekk vi tre karar for å finna Klantersteinen. Du kan sjå denne steinen frå avstand når du fer turstien mellom Håstefjellet og Tellevikfjellet i Åsane. Då må du helst vita om steinen for å ensa han. For å koma fram til sjølve steinen lyt ein først gå inn i botnen bakom Baugtveitstemma. Oppover lia går det langs flyktige hjortestiar, mellom sprakebusker og over mosegrodd steinur. Kvitveis og hjorteskit er her nesten overalt. Sjølv om det ikkje er så langt opp, er det bratt - og det går ikkje mange menneske opp dit. Eg har aldri sett nokon ta seg opp denne lia.

Men nokon må ha gått her før i tida sidan det er spunne segner omkring Klantersteinen. Det hadde dei neppe gjort om dei hadde sett denne rullesteinen berre frå avstand. stor er han ikkje. Vel oppe ligg steinen i eit område der landskapet flatar ut til ei fjellhylle. Den mannshøge steinen ruvar her oppe. Han kviler mot tre ulike punkt på berget under. På det eine av desse punkta ligg det faktisk kilt inn ein liten stein mellom Klantersteinen og berget. I uminnelege tider har han lege der som "melomleggspapir" og støtte for noko som er mykje større enn seg sjølv. 

Ikkje mange turgåarar legg vegen opp til Klanersteinen. 
Baugtveitstemma i bakgrunnen. (Foto: Arve Kjell Uthaug)


SEGNENE. Edv. Haukedal skreiv ei lita bok om Åsane i 1956. Der fortel han at oppe i Håstefjellet "ligg ein merkeleg rullestein, Klantersteinen, som folk bisnar på og der er ymse segner om". 

Vi kom, bisna og gjekk. 

Men kor finn ein meir om desse segnene? Frode Fyllingsnes har med litt i bygdeboka for Åsane. Han peikar på at det er teke vare på lite av segner og forteljingar frå Åsane, men Baugtveit er eit unntak. Ifølgje Fyllingsnes finst det m.a. ein tradisjon om at Klantersteinen skal ha fungert som offerstad. Boka Hordvik - bygda vår fortel at dei underjordiske, som gjerne vart kalla "dei ufriskje", heldt til i dette området med Klantersteinen. Mest segnstoff herifrå finn vi i ein artikkel i bladet Åsabuen av Eivind Buanes om "Sagn og lignende fra Åsane kommune". Buanes byggjer i artikkelen på hovudoppgåva han i si tid skreiv om stadnamn i denne delen av Åsane. Han fortel at det knyter seg mange segner til utmarka kring Klantersteinen, Klanten og Ruggetohola. Fleire menneske skal ha blitt bergtekne her, m.a. ei namngitt jente som huldra tok med seg opp i Ruggetohola (like nedanfor Klantersteinen). Andre hevdar visstnok at det var Tunkallen eller Hudlkallen som gjorde dette. Buanes fortel òg om andre segner frå dette området, litt smånifse saker, og i Smalhuskleiva på Baugtveit er det fár etter ein hov og ein fot i fjellet. Styggemannen, Djevelen sjølv, har altså sett spor etter seg her.

EIT SÆRSYN. "Du skal leita vida i bygdene kring Bergen fyrr du finn fagrare og vidare utsyn enn frå Håstafjellet i Åsane. Dette fjellet er nok mindre kjent enn det var verd. Det er visst etter måten få byfolk t.d. som veit um dette fjellet, og endå fåare som hev vore der uppe." Slik innleier Johan Austbø ein artikkelen i avisa Dagen i 1931. Skribenten, som sannsynlegvis er identisk med forfattar Johan Austbø, har mykje godt å seia om Håstefjellet som turområdet, sjølv om ein "kan verta ør i hovudet, uppi desse ville, stupbratten fjellufsene" om ein tek seg fram på den sida av fjellet som vender ned mot Baugtveit.

Austbø avsluttar artikkelen med eit avsnitt om nettopp steinen vår, som ligg i dette bratte området: "I ei bergskorta uppi Håsta-fjellet ligg ein stor stein dei kallar Klanthellarsteinen. Han ligg på ein slik måte at det er eit sersyn. Steinen som er firkanta og nær 2 m. i kvar kant, har visseleg vorte liggjande att her frå isskuringstidi. Han ligg berre på 3 høge bergnibbor, og ser ut til å liggja so laust at ein kan undrast på at han ikkje i kvar augneblink rullar ned. Men slik har han lege i tusen av år, og vert nok liggjande heretter."

Dei som med sjølvsyn vil sanna at Austbø har fått rett, i alle fall så langt, kan gå opp lia bakom Baugtveitstemma.  Men gjer det ein dag med god sikt og tørr bakke, og stig varleg. Huldra er kanskje ikkje så mykje å frykta, men det er bratt utfor stupa.

Om kjelder, litteratur og skrivemåte: Eivind Buanes har skrive artikkelen "Sagn og lignende fra Åsane kommune" i bladet Åsabuen (nr. 13, 2009). Buanes skreiv hovudoppgåve i norsk ved Universitetet i Bergen i 1971 om Stedsnavn fra nordvestre delen av Åsane kommune. Både Klantersteinen og Klantesteinen er brukt i dei skriftlege kjeldene. Når eg har valt forma med r, dvs. Klantersteinen, byggjer det på velvillig hjelp frå Eivind Buanes som har kontakta ein pensjonist som alltid har budd på Baugtveit, og som stadfester at den lokale uttalen er Klantersteinen.  Artikkelen "Håstafjellet i Åsane" av Johan Austbø sto i Dagen 9. mai 1931. Edv. Haukedal skreiv boka Åsane. Bygda og folkelivet (1956). Frode Fyllingsnes har skrive Åsane - i fortid og nåtid (Bergen, 2007). Boka Hordvik - bygda vår (Bergen, 2001) har fleire forfattarar.

søndag 1. mai 2022

Åsataket og området omkring

Første artikkel

Dette gamle kartet er sannsynlegvis frå rundt 1790
og utsnittet her viser gardane i Åsane (Kjelde: Kartverket,
kartteiknar/oppmålar: S. Thodal)

Dei to toppane Veten og Håstefjellet hevar seg opp mellom 450 og 500 meter over havet nord i Åsane. Midt mellom dei slyngar den trondheimske postvegen seg som ei smal smykkesnor. Rundt dei to fjella ligg det fleire mindre toppar, og heile dette vesle området er ringa inne av dei gamle gardane Espelid, Mellingen, Vestli, Antveit, Saurås, Ulset, Toppe, Hitland, Baugtveit, Mjølkeråen, Salhus, Sætre, Tellevik, Falkanger, Hordvik, Tuft, Hylkje, Almås, Haukås, Brurås, Eikås, Sæterstøl og Teigland. 

Eg har ikkje høyrt at det finst noko samlande namn for dette fjellområdet, men det kan passa godt å kalla det Åsataket. Denne vesle artikkelen er den første i ein serie om Åsataket og området rundt. Mange kjenner dette som eit området for turgåing og rekreasjon, og det kan vera eit fint utgangspunkt.

VETEN er med sine 486 meter over havet det næraste du kjem himmelen i desse traktene. Kjappaste vegen opp går frå parkeringsplassen på Sætre, først gjennom granskogen og så langsmed torvmyrane oppom Litleveten. Framleis kan ein sjå festet etter løypestrengen som frakta torva ned til Magnusløå attmed postvegen. Det er eit imponerande fall. Vel oppe på toppen av Veten står ein midt i ei signallinje i eit eldgammalt varslingssystem. På Veten vart det tent bål, som så vart sett på neste topp. Båla ("vetane") vart kveikte frå topp til topp, og slik gjekk varselet om ufred og mobilisering. Veten ser ut til å ha vore ein del av signalinja innover i landet til Voss.

Det finst mange ulike stiar opp til Veten. Den som har litt god tid, kan gå ein rundtur frå Sætre og langs postvegen over til Mellingen, og så attmed Langavatnet til Vikaleitet, opp til Sæterstøl og derifrå til Veten. Sluttetappen går ned att til Sætre.

Overnatting i telt på Håstefjellet, med Veten i bakgrunnen
(foto: Arve Kjell Uthaug)

HÅSTEFJELLET
 (464) er den nest høgaste toppen på Åsataket. Det står Høgstefjellet på skilta, men så langt eg kjenner til, er den nedarva lokale uttalen Håstefjellet.  Ein av dei finaste turane her er rundturen som tek til og endar på parkeringsplassen på Baugtveit. For snart sytti år sidan skreiv Edv. Haukedal ei lita bok som heiter Åsane - bygda og folkelivet.  Etter først å ha vore innom Veten og dei næraste toppane omkring, vender forfattaren blikket over mot vestsida av postvegen (s. 43):

På vestsida har me så fjellrekkja mellom Tellevik og Mjølkrådalføret frå Salhus til Håstefjellet som er 464 meter høgt. I Salhusberget er det bratt og stup i sjøen. Før vegen til Salhus vart lagt i Ranten var der vanskeleg å ta seg fram. Der var to fotstigar i berget, den eine i flodmålet og den andre høgt opp i berget. Håstefjellet ringar inn Baugtveitstemma, som no er bygt ut til vasskjelda til Salhus og vestre delen av bygda. Oppe i Håstefjellet ligg ein merkeleg rullestein, Klantersteinen, som folk bisnar på og der er ymse segner om.

Mange gonger har eg gått på Håstefjellet utan å leggja merke til nokon rullestein. Då har eg heller ikkje sett etter nokon slik stein. Men den som leitar han finn, i alle fall om han går saman med skarpøygde turkameratar. No trur eg at eg veit kor den segnomspunne Klantersteinen er, og det er eit stykke frå den vanlege turstien, men sikker er eg ikkje før eg får plasseringa stadfest av folk som høyrer til i området.

Medbragt frå Salhus bakeri.
(foto: Arve Kjell Uthaug)

FJELLA BAK SALHUS er eit ypperleg turterreng med ulike stiar og ruter. Bygda Salus har kan henda si travlaste tid bak seg. Industrien har stilna og ei viss museal ånd kviler over staden. Men Salhus er ei perle, og har sine små overraskingar. Som den franske bakaren med eit bakeriutsal som berre held ope laurdagar mellom 8.30 og 13.00. Eller Tekstilindustrimuseet med sin lyse og avslappa kafé med utsikt over sjøen og museumsbutikk vegg-i-vegg. 

Turtipset er å stiga i turskoa tidleg laurdag morgon og gå frå Salhus og opp Miladalen, ta avstikkaren til venstre opp på Tellevikfjellet og deretter kryssa vestover og gå ned att. Der går stien attmed to av stemmene som finst i dette området, ei stemme er eit oppdemma vatn. Først kjem Litlejørgenstemmo med sin fine rasteplass i livd for nordavinden. Litt lenger nede går stien forbi Storejørgenstemmo, som har ein imponerande demning, men som ikkje lenger heilt greier å halda på vatnet.  

Eit alternativ er sjølvsagt å leggja den same turen til ein søndag og enda opp i kafeen på Tekstilindustrimuseet. Forresten burde nokon ha kryssa denne kafeen med bakeriet eit par steinkast bortanfor. Det ville gitt oss ein førsteklasses plass å sitja kombinert med eit fint utval av velsmakande bakevarer.

Uansett, det er alltid verd å dra til Salhus.


tirsdag 4. mai 2021

Åsa-quiz

Denne quizen handlar om Åsane nord for Bergen, eller nordre bydel av Bergen, om du vil.

(1) Åsane har eit storband som er knytt til ei restaurert løe. Kva for storband, og kva for løe?

(2) Kven eig Åsane folkehøgskole på Hylkje?

(3) Kor låg kommunesenteret og kommunehuset i Åsane før området vart innlemma i Bergen kommune i 1972?

(4) Olav Hordvik, født i 1901, dreiv farsgarden i Hordvik og var banksjef. Men kva var han mest kjend for?

(5) I Åsane står det i dag åtte bedehus. Ikkje alle er i aktiv bruk som gudshus. Kor ligg dei åtte bedehusa?

(6) Kor mange menneske bur det i bydelen Åsane i dag?

(7) Vinskvetten frå Salhus har ein song om ein djup venskap. Den eine av venene heiter Kåre, men kva heiter den andre?

(8) Natt til julaftan 1992 brann ein kjent bygning i Åsane ned til grunnen. Kva for bygning?

(9) På 1920- og 1930-talet skreiv ein forfattar fem romanar med handlinga lagt til Åsane. Debutboka hans heitte Folkje i Botn. Kva heitte forfattaren?

(10) Ein forfattar frå Eikås står bak fantasy-serien Havprinsen. Kva heiter ho?

(11) Ein kjend norsk skodespelar voks opp på Breistein. Kven?

(12) Kva for politisk parti vart det største i Nyborg valkrins ved lokalvalet i 2017?

(13) Kva for bru vart lenge (før ho vart bygd) kalla for Salhusbrua?

(14) Korleis hemna Anders Bjarne seg, ifølgje Salhusvinskvetten, på den gamle norsklæraren sin?

(15) Denne grenda ligg i ein dal, og fleire av dei gamle våningshusa har ein turrmura steinmur som endevegg. Grenda har eit hundepensjonat. Kva heiter grenda?

(16) Åsane var eigen kommune 1904-1971. Kor mange av ordførarane i kommunen var kvinner?

(17) Åsane hadde ein ordførar som seinare vart stortingsmann for Høgre. Kva heitte han?

(18) Ein av dei mest sentrale norske salmediktarane i nyare tid bur i Åsane. Han har dikta fleire salmar som står i Norsk salmebok, men omsett endå fleire. Kva heiter han?

(19) Bergen kommune har sin eigen Jubileumssti. Du kan gå frå sør, og då startar ferda på Krokeide. Men kva er det nordlegaste punktet på Jubileumsstien?

(20) Kva heitte lokalavisa i Åsane som var før Åsane Tidende?



SVAR

(1) Løen Storband, løa i Selegrend.

(2) IOGT.

(3) Eidsvåg.

(4) Han var stortingsmann frå Hordaland (Venstre).

(5) Kyrkjekrinsen (Nyborg), Haukås, Hordvik, Hitland, Mjølkeråen, Tertnes, Ulset (misjonssenter) og Eidsvåg.

(6) Litt over 41 000, ifølgje nettsidene til Bergen kommune.

(7) Grisen Galte

(8) Åsane (gamle) kirke.

(9) Kristian Matre.

(10) Kristine Rande Nesheim.

(11) Jon Eikemo

(12) Høgre

(13) Nordhordlandsbrua.

(14) Anders Bjarne, som endte opp med jobb i eit gravferdsbyrå og ordna med følgjande inskripsjon på gravsteinen til den gamle norsklæraren sin: Fred over ditt mine

(15) Hjortland.

(16) Ingen.

(17) Kjeld Langeland

(18) Arve Brunvoll

(19) Tellevik

(20) Åsaneposten.