Langundik frå Salhus Tricotagefabrik. Foto: Museumssenteret i Hordaland. |
Felles for alle desse orda er at -ik (som gjerne kunne vore skrive -ikk, sidan vokalen er kort) erstattar eit heilt ord. Det samansette ordet vert dermed korta ned med hjelp av endinga -ik. Det er mykje som tyder på at desse orda er mest vanlege på delar av Vestlandet. Aksel Torsnes Mehlum i Språkrådet har sjekka tre av orda i mediebasen Retriever, som har ein god del treff på «undik(k)», og nokre få treff på «kortik(k)» og «strømpik(k)». Det ser ut til at dei aller fleste treffa stammar frå aviser i Hordaland og Rogaland.
Eg har dessutan rådført meg med ein person frå Møre og Romsdal, som ikkje kjenner til at slike ik-ord er brukt der i fylket.
Men det finst fleire slag ik-ord. Vi kan gjerne dela dei inn i litt ulike grupper. I orda over, undik-orda om du vil, blir eit samansett ord korta ned gjennom endinga -ik.
Så har vi ei anna gruppe, som vi godt kan kalla fyllik-orda. Orda fyllik og sullik er personord med etterleddet -ik. Eg veit ikkje, og tvilar vel på, at -ik her direkte erstattar eit anna ord.
Den tredje gruppa er nellik-orda, og her hentar eg litt hjelp frå Mehlum igjen: Dette er minskingsord, eller diminutivar, som vi har fått frå lågtysk, og endinga fortel at dei er ein liten variant av noko. Nellik tyder såleis "liten nagle" og leddik er eit lite, avdelt rom i ei kiste eller ein koffert.
Men tilbake til ord som "undik" og "badik". Eg veit ikkje korleis dei har oppstått. Det gjer heller ikkje Mehlum i Språkrådet, men han kastar fram tanken om at denne ordlaginga kan vera påverka av lågtysk, altså ein slags språkleg seinverknad frå hansatida - ikkje minst sidan orda først og fremst høyrer heime i ein del av landet som hadde mykje kontakt med det lågtyske språket.
Inntrykket mitt er forresten at desse orda er mindre vanlege enn i min ungdom. Kanskje toppen var nådd for nokre år sidan for undik-orda? Men ute av bruk er dei heller ikkje, og til slutt tek eg med eit sitat som viser ordet "undik" i bruk anno 2010. Det er henta frå bloggen Storing på Storen. Forfattaren er på vandring i Frankrike, og han har funne seg husly for natta i eit kloster:
(...) Vakna 0431 i munkecella mi, så gjennomkald at eg måtte ta på meg langundik og gå litt rundt før eg fekk varmen. Men verre skulle det bli. Kjende lukta av kaffi og kjende at eg var i grunnen utsoven.
Vart sittande i matsalen og lese til klokka ti på sju, då gjekk eg til katedralen til pilgrimsmesse. (...)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar