onsdag 25. mars 2020

Gråstein, gardsdrift og gudsfrykt

Magnusløå sett frå sør (foto: Arve Kjell Uthaug)
Attmed den gamle postvegen frå Bergen til Trondheim ligg Magnusløå. Mens postvegen batt saman to av dei største byane i kongeriket, var steinløa del av det daglege gardslivet på Sætre i Åsane. Som mange andre av steinbygga rundt om, seig òg Magnusløå i kne. Men ivrige hender reiste henne på ny, og gjorde henne til gudshus. 

Magnusløå er ein del av eit unikt kulturlandskap. Kjem du frå Bergen i sør, skal du ikkje stoppa på IKEA, men tvert om halda fram vidare innover bak møbelgiganten. Heilt til vegen endar på gardane Mellingen og Espelen (Espelid) inne i botnen av Langavatnet. Frå Mellingen går postvegen langs Dalselva, og det første stykket oppover er temmelg bratt. Godt det finst ein plass litt lenger oppe som heiter Kvilet. 

Her gjeld ei ordet om ikkje å sjå seg tilbake. Du skal tvert om snu deg og sjå utover dei grøne liene og markene, fjellheimen bakanfor og Langavatnet som ligg i midten og speglar det heile. Langs vegen ligg det fleire gråsteinsperler - steinhus reist av tidlegare generasjonar og brukt i gardsdrifta. Dei fleste av desse husa er i god stand. 

Magnusløå
Like sprekt sto det ikkje til med det vi i dag kallar Magnusløå. Etter kvart som ein går nordover, flatar postvegen ut og går slakk og fin i botnen av kløfta mellom dei to fjelltoppane Veten og Håstefjellet. Først gjennom Rimmaskaret, og litt lenger framme ligg Magnusløå i Træ.  

Då dugnadsarbeid starta i 2008, låg det meste av løa i røys. Ivrige folk tok steinane i eigne hender under kyndig leiing av Harald Toppe. Ikkje minst gjorde Marit Pedersen og mannen Knut ein stor innsats. Men dei hadde med seg fleire. Marit Pedersen har skrive ein artikkel i Åsabuen om dette arbeidet, og det er interessant å sjå at det var folk frå gardane på både nord- og sørsida av fjellet som stilte opp: Både Sætre og Mellingen figurerer mellom etternamna til dei som tok eit tak.
Det er romsleg med plass i
Magnusløå (foto: Arve Kjell Uthaug)

Ein del av steinen frå gamleløa var forsvunnen, og dagens bygg er ein kombinasjon av stein og trebord. Etter fem år sto det nyreiste bygget klart. Inni er det grindverk, langs veggene er det enkle trebenker. Over eit enkelt alter i sør heng ein naken trekross. Etter kvart som åra er gått, har folk sett frå seg figurar, mest englefigurar.

Kyrkjelyden i Salhus har bruksrett til Magnusløå. Eitt og anna arrangement er det der, men slett ikkje mange. Løa står heile tida open. Ferdafolk kan gå inn, be ei bøn, ta seg tid til litt ettertanke, ta ein nistepause saman med andre, eller søkja livd om regnet pøsar ned.

Løa ligg forresten inn i Træ. Kjell Erik Steinbru, rådgjevar i stadnamntenesta i Språkrådet, opplyser at dette namnet kjem av inkjekjønnsordet træ(de) i tydinga "inngjerda beiteteig for husdyr". Ordet heng saman med verbformene trø og trå, dvs. gå og stiga eller trakka.

Gardsdrift
Løa er oppattkalla etter Magnus Sætre, som var gardbrukar på Sætre og døydde i 1992. Eg har vore i kontakt med ein av sønene hans, Agnar, som vart fødd i 1960:

Då eg vaks opp, hadde vi enno nokre få mjølkekyr, sauer og ein fjording. 
Stykket i Træ vart brukt til beite for kyrne, og løa var då ikkje brukt til anna enn at kyrne søkte ly der om dei fann det for godt. Me leidde kyrne inn i Træ etter mjølking om morgonen og heim att til mjølking om kvelden, så vidt eg hugsar, fortel Sætre. Han legg til at det kan henda stykket i Træ òg vart brukt til slåttemark tidlegare, og at det vart lagra høy i løa - men det veit ein ikkje.

- Kanskje har ho òg vore brukt til å lagra torv. Det var nemleg eit løypestrengfeste i bakken rett nordom løa. Løypestrengen kom frå austsida, øvre feste er godt synleg nett attmed stien oppom "Litleveten" enno. Dersom du går til Veten frå Sætre, så er Litleveten den vesle haugen ein passerer undervegs. Når du kjem eit stykke oppom Litleveten, passerer du torvmyra, fortel Sætre. Torvtakinga var før hans tid, men slik han har oppfatta det, var tormyrane eit fellesgode slik at fleire bruk hadde rett til å ta torv til oppvarming derifrå.

Magnus Sætre
Magnus Sætre (født 1925), som løa har fått namn etter, var gardbrukar og bedehusmann. Kona heitte Ellen og kom frå Fjell. Foreldra til Magnus var Ola Sætre og Klara, fødd Mjelde. Klara kom frå Valestrand på Osterøy. Fram til Ola døydde i 1968, hadde dei mjølkekyr på garden, fortel Agnar Sætre, og deretter hadde dei kalvar, sauer og hest fram til 1977. Då vart det slutt med dyrehaldet. Jorda vart pakta bort til eit søskenbarn av Magnus, som budde på Teigland, og som i mange år kom og tok slåtten på Sætre.

Magnus jobba på ferjene som matros og billettør. For det meste var han på sambandet mellom Steinestø og Knarvik.

- All fritid gjekk med på småbruket, han kvilte seg berre om søndagane. Då gjekk turen gjerne på fjellet. Kvar sommar i mange år deltok han på fjellvandringsleirar med Nordhordland indremisjon, fortel Agnar om faren.

Sjølv om småbruket krov sitt, hadde Magnus òg tid til teneste i Guds rike. Frå tidleg ungdom har eg sjølv eit litt artig minne om dette. Det må ha vore seint på 1970-talet eller litt inn på 80-talet. Vi dreiv den kristne ungdomsklubben "Yngres" på Kyrkjekrinsen bedehus. Dette var eit arbeid drive av og for yngre ungdommar. Det aller meste tok vi oss av sjølve, men talarane henta vi utanfrå. Denne kvelden var det Magnus Sætre som skulle halda andakten. Sætre stilte trufast opp, men det var berre ei lita handfull ungdommar som hadde funne vegen til småsalen i bedehuset denne kvelden. Sætre heldt andakten, og like etterpå kom det nokre få ungdommar til. Då valde lekpreikaren like godt å halda andakten ein gong til, slik at nokre av oss fekk han for andre gong. Dei sauene som kom diltande etter, trong vel maten like mykje som dei som var der til rett tid.

Taket av Åsane
Veten i vinterdrakt med solrenning over Osterøy
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Postvegen mellom Mellingen og Sætre er eit populært turområde. På kvar side av vegen stig det opp ein fjelltopp, Veten på austsida og Håstefjellet på vestsida. 

Veten (486 moh.) er den høgaste og mest trafikkerte av desse to fjella. Det går mange vegar opp dit. Rett-i-koppen-varianten går opp frå parkeringsplassen på Sætre og nedatt den bratte stien til postvegen og så tilbake til parkeringsplassen. Ein mykje lengre variant er rundturen frå Sætre langs postvegen til Mellingen og Espelen, derifrå går stien langs vatnet ut til Teigland (lukk grindene), så fører ein bratte bilveg opp til Sæterstøl, der det går sti opp til toppen av Veten. Siste etappe går frå toppen og ned att til Sætre.

Frå toppen av Veten er det ei fantastisk utsikt i alle retningar, og som ein kan skjøna av namnet, var denne fjelltoppen ein del av det eldgamle varslingssystemet: eit nettverk av toppar der ein kunne tenna bål (vetar) som varsla om ufred og kalla til mobilisering. Professor Johan Myking har skrive ein artikkel om Veten i Hordvik spesielt, og om varslingssystemet meir generelt, og han meiner fjellet oppom Sætregardane kan ha vore eit ledd i varslingslina innover mot Voss. 

Men toppen på andre sida av postvegen er òg turen verd. Ikkje minst er det flott å gå frå Baugtveitvegen opp til toppen (464 moh.). På skilt og kart heiter fjelltoppen Høgstefjellet. Agnar Sætre er ikkje så begeistra for dette, og peikar på at folk frå området alltid har kalla toppen for Håstefjellet. Her får han støtte frå stadnamn-eksperten:

- Namnet tyder ‘det høgste fjellet’, men det er uttalen "Håstefjelle" eller "Håstefjedle" som må reknast som nedarva munnleg namneform, og namnet burde vore skrive Håstefjellet i offentleg samanheng. Denne skrivemåten er då i pakt med den munnlege stadnamntradisjonen i området, og han er samtidig i tråd med den opphavsforma namnet venteleg har hatt. Adjektivet høg hadde forma hár i gammalnorsk, slår Kjell Erik Steinbru fast.

Så det er berre å håpa på nye skilt her. Uansett ligg toppane der og ventar på dei som vil og kan gå dit. Og midt imellom ligg Magnusløå.


Artikkelen trekk vekslar på opplysningar henta inn frå Agnar Sætre og Kjell Erik Steinbru, og på følgjande to artiklar i Åsabuen nr. 26 frå 2016: Magnusløå (Marit Pedersen) og Hordvikveten - ein vaktar av Vossaveldet (Johan Myking).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar