tirsdag 11. januar 2022

Kule ord (80): førstedame og førstemann

Hillary Clinton, førstedame
h.v. (foto: 
White House
Photograph Office,
Barbara Kinney)
Det er finurleg og interessant med kjønna språk, og det har mange sider. Ta berre dei to orda førstedame og førstemann. I utgangspunkte kunne jo dette ha vore kjønnsspesifikke variantar av eit ord med same innhald - slik som "forkvinne" og "formann", som forresten begge stort sett opptrer som "leiar" i våre dagar. Slik er det likevel ikkje.

Førstedame og førstemann har fått heilt ulik meining. Førstedama er kona til ein statsleiar, og då helst i eit land med eit anna styresett enn monarki (vi kallar vanlegvis ikkje Sonja for førstedame, ho er dronning). Førstemannen er derimot den som gjer noko først, den som er den fremste eller som vinn i ein konkurranse. Førstemannen bryt målsnora, førstedama trekkjer i trådane. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar