tirsdag 2. juni 2015

Teaterpioneren frå Eksingedalen


Dore Lavik (foto: Hansen & Bryde,
eigar: Nasjonalbiblioteket, blds_02910)
Det var neppe roleg i stova og tyst i tunet på garden til Kari og Johannes på 1860-talet. Barneflokken deira i den bortgøymde Eksingedalen i Hordaland talde fem gutar og to jenter. Her må det ha vore energi og framtak. Slik gjekk det med dei: Andres tok over farsgarden og vart stortingsmann. Andreas vart stortingsmann og indremisjonsleiar. Johannes vart profilert målmann, grunnla avisa Gula Tidend i Bergen og sat som redaktør i ei årrekkje. Johan vart prest, slett ikkje ille det heller for ein bondegut på slutten av 1800-talet. Maria vart frilansjournalist og engasjerte seg i arbeidarrørsla. Dordei døydde som lita. Dore, den yngste i flokken, vart skodespelar og teaterleiar.

Boka En haugianer på teaterscenen (2008) er skriven av psykiateren Nils Johan Lavik, barnebarn til presten i denne søskenflokken. Han er ikkje historikar, heller ikkje teatervitar av profesjon. Men han har gitt eit interessant og leseverdig innblikk i eit liv prega av ambisjonar og oppdrift, motgang og tilbakeslag.

Ein søskenflok
Det er ingen tvil om at søskenflokken frå Lavik var langt utanom det vanlege. Slik sett burde det vore skrive ein «søskenbiografi» om denne flokken. Gjort på ein god måte kunne dette gitt eit eineståande innblikk i norsk historie på siste halvdelen 1800- og byrjinga av 1900-talet. Fellesnemnaren for alle dei seks søskena som voks opp, er at dei pressa mot porten inn til makta, posisjonane og hegemoniet i samfunnet  - for å riva ned noko gammalt, for byggja opp noko nytt eller for å vinna seg ein posisjon. At bondesøner vart valde inn på Stortinget, var for så vidt ikkje noko nytt. Røysterettsreglane i grunnlova frå 1814 la stor makt i hendene på bøndene. Ikkje minst på 1830-talet var gruppa av bondetingmenn stor. Men denne utviklinga var like fullt ein del av ei langsiktig nedbygging av det gamle systemet dominert av embetsmenn og storborgarar. Særleg blir dette tydeleg når bønder og andre på 1880-talet sluttar seg saman i partiet Venstre som utfordra embetsmakta og etter kvart også unionen med Sverige. 

Begge dei to tingbrørne frå Lavik var valde inn for partiet Venstre.  Andreas vart jamvel såpass radikalisert i møte med dei kårne i landet at det var med på å setja han utanfor den vestlandske lekmannsrørsla i fleire år. Johannes, og til dels også Dore, utfordra språket til eliten. Maria, og dels Dore òg, knytte seg opp til den opposisjonelle arbeidarrørsla. Johan klatra oppover og fekk seg ein posisjon i kongens embetsstand.

Andreas Lavik fortel i eit av breva til broren Johan om ei preikeferd til Indre Holmedal i 1881. Han fekk ingen hjarteleg velkomst frå presten. Guds tenar og statens embetsmann ville nok helst sleppa utfordringa frå ei radikal lekmannsrørsle han ikkje fekk ha styringa med. «Nu kommer de ikke som en fredens engel, men som en forstyrrelsens!», var orda presten møtte Andreas med.(1) Det galdt nok på fleire område. Mange i den tradisjonelle norske eliten sentralt og lokalt må ha opplevd lavikane og deira likesinna som ein heller hissig sverm av forstyrrelsens englar.

Eit tidsskifte
Samstundes må det heller ikkje gløymast at viktige ting i sjølve rammeverket i samfunnet var endra, slik at denne mobiliteten nedanfrå faktisk var mogleg. Det hjelper lite å klatra dersom det ikkje finst trinn på stigen. Hundre år tidlegar var Noreg ein del av det eineveldige dansk-norske riket, og det trongst ingen stortingsmenn. I tillegg til, og i samspel med, det nye demokratiet voks det fram ein flora av aviser og nye organisasjonar. Etter kvart kom dei politiske partia. Ulike grupper, også dei opposisjonelle, fekk sine kanalar. Til og med eit nytt og opposisjonelt skriftspråk hadde vokse fram. Landet fekk òg sine første teaterscener. Samfunnet hadde på mange måtar opna seg, og i den nye tida var det mange plattformer for opposisjon og springbrett for nye etlitar.

På teaterscenen
Boka om Dore Lavik fortel om bakgrunnen hans, livet som teatermann, andre sider av livet hans og om sjukdom, død og ettermæle. 

Teaterscenen ser ut til å ha vore eit kall for Lavik. Men trongt var nålauga inn til å livnæra seg av ein slik geskjeft. Som student i Oslo enda Lavik opp som huslærar hjå Oscar Nissen – mannen som tok til som formann i Santalmisjonen og enda opp som leiar av  Arbeidarpartiet. Deretter drog han til Amerika, til liks med andre frustrerte kunstnarar frå Skandinavia. Vel tilbake i Noreg var han nokre år på slutten av 1890-talet tilsett på Den Nationale Scene i Bergen. Han gifta seg med den ni år eldre skodespelarinna og teaterinstrukturen Ludovica Levy. Saman tok dei det store spranget i 1899, reiste til hovudstade og grunnla sitt eige teater. Sekondteatret var eit vågestykke både økonomisk og kunstnarleg. Men det butta imot, og teateret vart oppløyst etter eit par år.

I den neste fasen var Dore leiar for eit omreisande selskap av skodespelarar, som farta rundt i Noreg, Danmark og SverigeIfølgje Nils Johan Lavik var dette første gongen eit norsk teaterlag turnerte i Danmark og Sverige, og ikkje omvendt. Dore og skodespelartroppen hans heldt det gåande i nokre år, og han fekk til dels rosande meldingar av kritikarane. Ekteskapet med Levy vart derimot oppløyst. Dore frå Eksingedalen slo seg i staden i lag med Marie Andersen, som han vart sambuar med. Seinare skulle ho svikta han, og enda opp som fru Knut Hamsun.

Marie
Ifølgje boka hadde Dore og Marie planar om å gifta seg, men det vart ikkje til. Og så kom altså Knut Hamsun inn i biletet. I april 1908 møtte Marie Knut i vestibylen på Nationaltheatret i Kristiania. I mai kom Dore til Kristiania etter ein mislukka turné, og i følgje Nils Johan Lavik var då Hamsuns "erobring" av Marie allereie eit faktum. I juni vart Dore sjuk og døydde i Bergen. Det gjekk fort og det gjekk nedover for Dore Lavik dei siste månadene.

Historia ville det slik at det i dag nok er fleire som har høyrt om Marie Hamsun enn om Dore Lavik. Det er den sida av saka. Det er på same tid ei undring som ikkje heilt slepp taket når eg les om forholdet mellom Marie og Dore. Det er presentert som eit faktum, både i denne boka og elles, at dei berre var sambuarar. Vi må tru det var slik. Men merkeleg er det at minneordet i Aftenposten slår fast at han «var gift med skuespillerinne Marie Lavik». Hulda Garborg omtala i dagboka si forholdet mellom dei to som eit «Giftermaal», som var i ferd med å gå skeis etter at Knut Hamsun kom inn i biletet. Som om ikkje det var nok, har boka med eit bilete av annonsen som Marie rykte inn då Dore døydde. Der står det «Min kjære Mand», underskrive «Marie Lavik».
 
Var folk verkeleg så nonchalante med den ekteskapelege status tidleg på 1900-talet?

Kor er alle heltane?
Det er få ting i boka som får fram skilnaden til vår tid så tydeleg som heltedikta avisene prenta då Dore Lavik døydde. I dag ville slike tekstar vore utenkelege. En haugianer på teaterscenen gjev att fire slike minnedikt om Lavik, tre på landsmål og eitt på riksmål. Den mest kjende av skribentane er salmediktaren Anders Hovden. I dag står alle desse tekstane fram som svulstige. Ingen skriv lenger slikt, i alle fall ikkje i vårt land, når nokon døyr. Men Laviks tid var på ein heilt annan måte tida for dei høge hugmål, dei store ideal og for det stridande mennesket som kjempa seg fram trass motstand og fattigdom. Og stundum enda det heltemodige livet tragisk.

For eit folk som sit og sutrar på toppen av ein pengehaug, kjennest ikkje heltedikt like naturlege. Pragmatisme og ironisk distanse følest meir naturleg.

Haugianar?
Det er mykje vi ikkje veit om Dore Lavik. Tankane hans og kva han trudde får vi etter måten lite innblikk i gjennom denne boka. Kjeldematerialet set sine grenser.

Å omtala Dore Lavik som ein haugianar, slik boktittelen gjer, er likevel ei spissformulering på grensa av det uhistoriske. Haugianismen – og den pietistiske lekmannsrørsla generelt - stilte strenge krav til personleg omvending og til forsaking av verdsleg liv med sine «meget farlige fornøielser» som dans, kortspel og teater. Dore Lavik var leiar for ein omreisande teatertropp, og han gjekk frå skilsmisse til sambuarskap. Heller ikkje kjenner vi til noka omvendingshistorie eller til at han søkte fellesskap med dei vakte gruppene.

Det er likevel interessant når Nils Johan Lavik skriv at han ikkje har støytt på noko materiale som tyder på at Dore var i open opposisjon til kristendommen eller tok offentleg avstand frå det kristne miljøet som prega heimen hans. Men vi veit svært lite om kva han trudde. Det sikraste vi har, er det broren og indremisjonshovdingen Andreas sa i minnetalen om Dore: «Selv sa han før han reiste, at han trodde, Gud vilde ikke forstøde ham. Og Gud forstøder ingen, der kommer.» Men om Dore Lavik var ein bortkomen son som kom heim på det siste, eller om det var ein sterk kontinuitet i trua - sei det.

Kort sagt. Nils Johan Laviks bok gjev eit interessant bilete av skodespelaren Dore Lavik og livet hans. En haugianer på teaterscenen gjev eit fint tidsbilete, og vi lærer mykje om kva Dore Lavik brukte livet sitt til. Samstundes er det svært mykje vi ikkje veit om korleis han tenkte, om kva han trudde, om motivasjonen - om kvifor han gjorde som han gjorde. Det lyt vi ofte gissa oss til.

(1) Frå Fjon til Fusa (1996) s. 92.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar