lørdag 6. juni 2015

Med Anders Hovden på rangel

Det gamle Kristiania. Hit kom Anders Hovden som bondestudent
(Bilete frå Nasjonalbiblioteket, hente frå Wikimedia Commons)
Anders Hovden vart fødd i Ørsta på Sunnmøre i året 1860. I dag er han nok best kjend som forfattar av fedrelandssalmen Fagert er landet. Hovden var ein ruvande person i si tid, og han var folketalar. Han var prest og salmediktar, målmann og nasjonalist. Ein frilynt fargeklatt frå Sunnmøre. Han kom frå enkle kår og opplevde, som så mange bondestudentar på den tida, både svolt og pengemangel i hovudstaten Kristiania. Men han greidde seg. Eit stødig sjølvbilete var nok til god hjelp, vil eg tru. 

Men å vera fattig bondestudent i hovudstaden på slutten av 1800-talet var ikkje spøk. Hovden hadde god hjelp frå sambygdingen Ivar Aasen, som flidde han tjue kroner i månaden. Lite hadde han likevel å leva av, han skulle trass alt ha til både husleige, mat - og kanskje òg ei bok no og då.

I sjølvbiografien Attersyn fortel Hovden om då husverten hans kasta den unge bondestudenten på dør så han laut pakka og finna seg eit nytt rom. Pengelens og svolten går han omkring i Kristiania. Veiknar og visnar, bleiknar burt - så og seia. Då er det han møter ein kjenning vestifrå, ein embetsmannsson som hadde vore oppe til studenteksamen og dumpa. Together we are dynamite.


Anders Hovden ymta frampå om mat. Men medan dei venta på maten, fekk han både øl og dram. Eg er ingen ekspert, men det er vel slik at alkohol på tom mage gjev ekstra kraftig effekt. "Eg visste kje meir av meg før eg um ettermiddagen vakna på politistasjonen i Piparviki - so vaken som eg sjeldan hev kjent meg!"

Og Hovden fortel vidare:

Eg toler kje vera innestengd, redsla vil reint kjøva meg, ein vert galen. Av all makt riv eg og rykkjer i døri, bankar og buldrar og ropar. Men det er ingen som høyrer. Langt um lenge kjem det ein konstabel. Eg ropar han i møte: "Kva hev eg gjort? Er det noko reint gale!" Eg fær høyra ei lang leksa som var lysteleg nok, berre ikkje eg hadde vore "helten": Eg hadde kome upp hovudgata i reiketidi, eg hadde kysst "den venaste unge dama i byen". Og midt framfor Universitetet hadde eg slegest med politiet; ein stor folkeflokk hadde samla seg - mest som når kongen kom - og fylgt etter konstablane som drog meg på stasjonen ---

Vel, Anders Hovden slapp sjølvsagt ut igjen. Vi får vona han òg fekk seg eit styrkande måltid mat bak murane, det seier ikkje boka noko om. Men i tillegg til skamma, skriv han at opphaldet bak lås og slå kveikte ei medkjensle med dei utstøytte:

Eg fekk ein glimt av han som var kalla syndarvenen og var komen for å søkja og frelsa dei forkomne. Og eg sjølv var imillom dei. Det var den djupaste upplæring i teologi eg hadde havt i heile mitt liv. Det la ein understreng av medkjensla i mitt lynde, som vil tona til min døyande dag.

Kjelde: Anders Hovdens Attersyn, Oslo 1993 (nyutgjeving), s. 77-79.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar