Kyrkjeruin frå Tipasa nord i Algerie (foto: Dalbera, Wikimedia Commons) |
Kyrkja vart i praksis utsletta i
Nord-Afrika vest for Egypt. Elles i Midtausten - i land som Syria, Irak,
Libanon, Iran og Tyrkia - finst det framleis gamle kyrkjer som har overlevd.
Men deira historie har lenge vore ei forteljing om tilbakegang under press, om
utvandring og om stadig færre truande. På denne bakgrunnen er det både
oppsiktsvekkande og inspirerande å lesa reportasjane frå Algerie i Bibelgaven,
Det norske bibelselskap sitt blad (2014, nr.3). Ifølgje bladet var det på
byrjinga av 1980-talet berre kring 2000 algeriske kristne i Algerie. «Nå har kirken blitt så stor at myndighetene
har gitt opp forsøket på å stoppe den – den gror vilt! Godt over 100.000 mennesker
kommer sammen til gudstjenester og andre kristne samlinger hver uke. Noen kan
ikke komme til gudstjenester på grunn av motstand innen familien, men de finner
andre måter å ha fellesskap på», skriv Bernt G. Olsen i Bibelselskapet. Kyrkjene veks raskt, særleg i regionen Kabylia nord i Algerie. Kabylane
er eit berbisk folkeslag, som har sitt eige språk. I bladet til Bibelselskapet
er fleire av dei nye kristne intervjua.
Kyrkjevekst i dette området har mange odds
mot seg. Den islamske dominansen og dei sterke reaksjonane mot konvertering frå
islam er ein ting. Algerie har dessutan ein blodig nyare historie med
islamistisk opprør, militær undertrykking og borgarkrig. Men akkurat her veks
likevel kyrkja no.
Spanande om ei gløymt grein av kyrkja.
SvarSlett