|
Ein
skjermladd? (Foto: Johannes
Jansson, frå Wikimedia Common). |
Alle har høyrt om oskeladden. Ungguten som sit heime
og grev i oska utan å koma seg vidare i livet. Forventningane til han er små,
og han ser ut til å leva nokolunde opp til forventningane. Ikkje ser det ut til
at han skal koma seg vekk frå gruva. Nett slik det er med ein del – kanskje
særleg unge gutar – som er veldig glade i å sitja med ein data- eller
fjernsynsskjerm. Har dei skjermen, har dei nok. Og dei ser ikkje særleg grunn
til å koma seg ut eller ta initiativ ut over det som kan gjerast ved hjelp av
tastatur, mus og fjernkontroll. Derfor vil eg slå til lyd for eit nytt ord, som
eg så langt ikkje har møtt andre stader enn innanfor husets fire veggar, nemleg
«skjermladd», ein slags moderne variant av oskeladden.
Her er ei lita oppsummering av tilstanden frå tidsbrukundersøkinga frå 2010:
Både dataspill og annen
internett- og pc-bruk har økt betydelig fra 2000 til 2010. Det siste har økt
betydelig både for menn og kvinner. Det er særlig personer i alderen 9-24 år
som bruker mye tid på denne typen fritidsaktiviteter per døgn. Gutter i alderen
9-15 år bruker i gjennomsnitt i overkant av to timer, mens jenter i samme alder
bruker i overkant av en time. Kvinner i alderen 67-79 år bruker i gjennomsnitt
ni minutter på denne typen aktiviteter.
Så får vi tru det er håp for skjermladdane òg. Oskeladden kom seg jo
ut og gjorde det slett ikkje så verst til slutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar