Dawkins meiner foreldre har moralsk plikt til å abortera born med Downs
Richard Dawkins (foto: Marty Stone, Wikimedia Commons)
Professor Richard Dawkins
ved University of Oxford er kjent for sin ateisme. Den kristendomskritiske
darwinisten har mellom anna skrive boka The
God Delusion. No har han tvitra følgjande om foreldre som får vita at dei ventar
eit barn med Downs syndrom: ”Abort it and try again.
It would be immoral to bring it into the world if you have the choice.” Det som dessverre er realitetane i mange tilfelle,
at ufødde born ikkje får leva fordi dei har Downs syndrom, blir av Dawkins
gjort til ei moralsk plikt. Og ateismen og darwinismen hans har tydelegvis
ikkje hindra han frå å landa på ein slik menneskefiendtleg konklusjon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar