Professor Shabo Talay ved Universitetet i Bergen og Freie Universität Berlin leier prosjektet Aramaic Online (Foto: Arve Kjell Uthaug) |
You will find a short article about the project Aramaic Online in English at the University of Bergen's home page.
Verda er full av utryddingstruga språk. Det er berre å ta ein kikk på UNESCO-kartet over språk i fare om ein er i tvil. Nokre kan vera borte om få år, andre heng i ein tynn tråd om ein ser eit par generasjonar fram i tid. Det arameiske språket turoyo høyrer til i denne siste gruppa. Arameisk var ein gong eit stort og utbreidd språk i Midtausten, og det var språket Jesus snakka. No er det berre små lommer att der moderne arvtakarar etter dette språket har overlevd.
Turoyo er ein av desse etterkomarane etter
det gamle arameiske språket. Kjerneområdet er Tur Abdin i Tyrkia og tilgrensande
område i det nordlege Syria. Som med fleire andre minoritetar i Midtausten, er
det ein tett samanheng mellom folkegruppe, språk og religion. Turoyo blir brukt
av aramearar. Dei er kristne, og mange av dei høyrer til det Den
syrisk-ortodokse kyrkja. På grunn av utvandring til Europa er det no langt
fleire som snakkar turoyo i «diaspora» enn i det gamle kjerneområdet. Dei finst
i land som Tyskland, Nederland og ikkje minst i Sverige. Alle som snakkar turoyo,
er (minst) tospråklege anten det andre språket er arabisk, tysk, svensk eller eit anna.
Det blir oppgitt ulike tal for kor mange som snakkar språket. Ethnologue opererer med 62 000. Men
dette er vanskeleg å måla, og eg har sett langt høgare tal andre stader.
Korleis kan ei innvandrargruppe ta vare på
språket når andre og tredje generasjon går over til målet i det nye landet og
er i ferd med å gløyma det gamle? Går det an å bli integrert, men likevel ta
vare på språket foreldra eller besteforeldra tok med frå eit anna land? Når dei
som brukar språket i det gamle kjerneområdet blir færre og færre – på grunn av
utvandring, væpna konfliktar og press frå storsamfunnet – kviler i verste fall
heile framtida for språket og identiteten som eige folk på skuldrene til
diasporaen i Europa.
Det blir gjort noko for å sikra turoyo ei
framtid. Tidlegare denne veka vart det kjent at prosjektet Aramaic Online leia
av professor Shabo
Talay får 450 000 euro frå den felleseuropeiske støtteordninga Erasmus+.
For desse pengane skal prosjektet utvikla eit nettbasert kurstilbod i turoyo, utvikla
læremateriale, tilby sommarskular til unge, gje opplæring til lærarar i språket
og organisera eit internasjonalt nettverk av ekspertar. Fordi turoyo først og
fremst lever som talemål, må prosjektet òg utvikla ei ny rettskriving. Språket
har sine røter i det klassiske syriske språket, som ikkje lenger blir brukt som
daglegspråk, men lever som liturgisk språk og i gamle bøker. Dessutan står turoyo
med eitt bein i Midtausten og eitt i Europa, og prosjektet legg opp til å bruka
både det latinske alfabetet og det syriske alfabetet. Det siste er ei
krusedullskrift som minner om arabisk. Prosjektet Aramaic Online er forankra
ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen (for ordens skuld: Eg
jobbar der, og er med som administrativ koordinator i prosjektet).
Samarbeidspartnarar er Freie Universität Berlin, University of Cambridge, Universität
Leipzig og St. Efrem-klosteret i
Nederland. Det siste er eit syrisk-ortodoks kloster leia av erkebiskop Mor
Polycarpus Augin Aydin. Klosteret er allereie eit viktig senter for arameisk
språk og kultur i Europa og har eit stort kontaktnett i arameiske miljø i
Europa. Ikkje alle slike universitetsprosjekt har eit kloster og ein erkebiskop
med på laget.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar