(foto: Arve Kjell Uthaug) |
1. I juli døydde Brian Sollitt frå Yorkshire, 74 år gammal. Han skapte i si tid ein sjokolade som i mange år òg har vore populær her i Noreg. Kva heiter sjokoladetypen?
2. Nemn minst fire tydingar av ordet "mandarin" innanfor norsk og engelsk språk.
3. Kven vart verdsmeister på skøyter allround i 1974?
4. Denne forfattaren kom første gongen til England for å gå på skule som gut i 1908. Den vesle skulen vart styrt eineveldig og brutalt av "Oldie". I sjølvbiografien sin fortel forfattaren om korleis skulemeisteren m.a. piska elevar som straff, og han skriv: "Oldie lived in a solitude of power, like a sea-captain in the days of sail. No man or woman in that house spoke to him as an equal". Kva heiter forfattaren som skreiv dette?
5. Denne planten innheld oxalsyre og eplesyre. Opphavleg kjem veksten frå Asia. Ein gong kontrollerte den russiske tsaren innførsla til Europa. Planten vart sett på som så verdifull at det var dødsstraff for smugling. Kva heiter planten?
6. I 2014 skal eit land ha folkerøysting om det skal velja fullt sjølvtende eller halda fram som del av ein union. Kva for land skal ta dette valet?
7. Professor Ola Grytten ved Norges Handelshøyskole har anslått summen av gåvekort som ikkje blir løyste inn. Kor mykje trur han dei unytta gåvekorta summerer seg opp til kvart år i Noreg?
8. Kva for europeisk politikar er kjent for sitatet "We have become a grandmother"?
9. Kva for engelsk konge fann ein skjelettet av av under eit parkeringsanlegg i Leicester i 2012, kva heiter den norske kongen som skal vera gravlagt under ei gate i Trondheim - og kva heiter kongen som ifølgje nokre spekulasjonar kan vera gravlagt i veggen til domkyrkja i Bergen?
10. I norrøn mytologi vert den lyse guden Balder drepen med ei pil laga av misteltein. Hod, den blinde broren til Balder, skyt pila. Men kven står bak Hod og trekk i trådane?
11. Den som ror ein båt, sit han på tofta eller tilja?
12. "Eit ord", slik byrjar eit av dikta til Olav H. Hauge. Korleis lyder den neste linja i diktet?
13. Den koptiske kyrkja i Egypt fekk hausten 2012 ny pave, Tawadros II, etter at den tidlegare paven døydde. Utpeikinga av pave går gjennom fleire ledd. Men korleis vart paven peikt ut til sist?
14.Dersom "kiwi" blir brukt om eit menneske, kva land kjem denne personen frå?
15. Kva for statsleiar i Midtausten høyrer til den religiøse retninga alawittane?
16. I kva for norsk bygd blir Telemarkis produsert?
17. Kven har omsett dikt av R.S. Thomas til norsk i boka "Ein stad mellom tru og tvil", som kom ut hausten 2013?
18. I kva for hundreår vart den russiske storbyen St. Petersburg grunnlagt?
19. Kva heiter øygruppa der 99.8 prosent våren 2013 røysta for å halda fram som ein del av Storbritannia?
20. Denne mannen frå fjellbygdene hadde eit enkelt levevis. Før han vart fødd, utløyste han ei velsigning då han sparka i mors liv. Det skapte dessutan forundring då foreldra gav han eit namn som ingen andre i slekta hans hadde. Kven var dette?
Svar:
1. After Eight.
2. sitrusfrukt, det offisielle språket i Kina, embetsmann i det gamle Kina, mektig byråkrat (England).
3. Sten Stensen
4. C.S. Lewis
5. Rabarbra
6. Skottland
7. 2.5 milliardar kroner
8. Margareth Thathcher
9. Richard III, Harald Hardråde og Magnus Lagabøte (rett svar på alle gjev tre poeng)
10. Loke
11. Tofta
12. "- ein stein i ei kald elv"
13. Eit barn med bind for augo trekte namnet til ein av dei tre "finalekandidatane".
14. New Zealand
15. Bashar al-Assad i Syria
16. Seljord i Telemark.
17. Hans Johan Sagrusten.
18. 1700-talet (av tsar Peter den store)
19. Falklandsøyane.
20. Johannes, døyparen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar