søndag 21. januar 2024

2. Mosebok, ei bokmelding

Dansen rundt gullkalven, eit av dei dramatiske
høgdepunkta i 2. Mosebok. (Illustrasjonen er henta
frå The story of the Bible from Genesis to
Revelation, Public domain,
via Wikimedia Commons)
"The devil is in the details", seier engelskmennene. I 2. Mosebok er det ikkje slik. Her er det Gud som engasjerer seg i detaljane. Denne vesle bokmeldinga skal handla om detaljane, men endå meir om gullkalven og kompromisset.

Første Mosebok enda med eit uløyst innvandringspolitisk dilemma. Farao og egyptarane trong israelsfolket som arbeidskraft, men frykta at innvandrarfolket skulle bli for mektig. Egyptarane løyste problemet gjennom undertrykking. Det gjekk så lenge det gjekk.

LAT FOLKET MITT FARA. Gud høyrde ropa frå det kua folket, og den andre Moseboka, Eksodus eller Utvandringa, handlar om dette. Først om Farao som tviheldt på slavefolket trass i at Gud sende stadig nye plager over Egypt. Deretter om folket som likevel fekk fara, og med Moses i spissen og broren Aron som medhjelpar drog dei ut i ørkenen med Abrahams gamle Kanaan som mål.

Alt dette er kjent stoff. Det er ei mektig forteljing om utveljing, utfriing og ulydnad. Israel er eit vinglete folk, og Gud er både miskunnsam og streng. Moses står midt mellom folket og Gud. 2. Mosebok minner oss om dei dramatiske høgdepunkta frå Sinaiørkenen, og vil ein vita bakgrunnen for språklege uttrykk som "ørkenvandring", "landeplage" og "dansen rundt gullkalven", er det i denne boka ein skal leita.

Første delen av boka handlar om utfriinga frå Egypt og flukta til ørkenen. Der møter Gud Moses på fjellet og kjem ned att med dei ti boda. I siste halvdelen av boka står bygginga av teltheilagdomen med heilage gjenstandar og presteklede heilt sentralt. Teltheilagdomen er forresten òg kjend som "tabernaklet". 

ÆRLEG TALT. Like sikkert som det finst ei grøft langs vegen, like sikkert ramlar israelsfolket uti. Skjønt grøft er kanskje ikkje det beste biletet når folket år etter år vandrar omkring i ei tørr øydemark. Poenget er likevel det same. Dessverre er heller ikkje problemet at folket gjer "tabbar". Dei gjorde så godt dei kunne, liksom, men det skar seg. Nei, problemet er fråfall. Dei har fått fortalt kva Gud vil, men når dei står midt oppe i ein situasjon, vel dei likevel sin eigen veg.

Det er til tider ei depreminerande historie. På same tid siv det inn mykje håp gjennom dei glisne veggene i denne forteljinga. Bibelen framstiller ikkje israelsfolket som noko superfolk med moralske kvalitetar som hevar dei over andre. Til og med dei ruvande leiarane, som utan tvil hadde imponerande kvalitetar, får vi framstilt i uretusjert utgåve. Om det så er ein Moses, ein David eller jamvel ein Abraham.

Det er i grunnen berre Gud som verkeleg blir løfta opp i Bibelen. Menneske får ein nøktern omtale. Likevel ser det ut til å vera noko med at Gud ikkje vil gje opp folket, og det er tydeleg òg i 2. Mosebok. Han kunne jo ha avskrive dei sjølvsentrerte og sutrete ørkenvandrarane. Mange stader er Gud, synest eg, sjokkerande streng. Samstundes er han òg raus med å gje nye sjansar.

ARON OG KOMPROMISSET. Av og til møtest botnpunkt og toppunkt på same tid og stad. Eitt av desse krysningspunkta er når Moses går opp på fjellet, møter Gud og får med seg steintavlene med dei ti boda ned til folket. Endeleg får gudsfolket overlevert lova. Samstundes finn folket der nede ved foten av fjellet ut at dei ikkje lenger vil bry seg med denne Moses, og dei vil laga seg sin eigen gud.

Aron, som var att med folket mens Moses var på fjellet, greidde ikkje stå imot og hjelpte folket med å få støypt ein avgud i gull. If you can't beat them, join them. Folk fekk gullkalven dei sjølve ville ha. 

Det er, så langt eg kan skjøna, heilt gjennomgåande i Bibelen at Gud er kompromisslaus på dette: Han vil at folket hans skal tilbe han og ingen andre.

Dermed er det sjølvsagt ikkje sagt at kompromiss alltid er ein dårleg ting. Ingen kan leva utan å gjera kompromiss. Men når skal vi stå fast, og når skal vi tøya oss? Alle menneske opplever vel dette dilemmaet, og kristne på veg inn i eit etterkristent samfunn får mange utfordringar her. Få av oss er heilt i mål med svara,  men kanskje kan desse tre tekstane vera nyttige å grunda på:

Den veike leiaren (2. Mosebok 32). Det er tydeleg at Aron sviktar her. Han er veik, lyttar til folket meir enn til Gud og bøyer av på det mest fundamentalet punktet: "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg". Aron blir motsatsen til Moses. Den eine vik unna i situasjonsbestemt pragmatisme, den andre tek det uunngåelege oppgjeret. 

Det posisjonen krev (2. Kongebok 5). Naaman var arameisk hærførar og dermed militær toppleiar i eit av grannefolka til Israel i kongetida, alså lenge etter Moses. Den gong som no var status ingen vaksine mot sjukdom. Men i huset til Naaman var det ei israelittisk slavejente som tipsa om at den isreaelske profeten Elisja nok kunne hjelpa han til å bli fri hudsjukdomen. Naaman drog. Etter råd frå profeten vaska han seg sju gonger i Jordan-elva og vart fri frå sjukdomen. Dette underet  fekk konsekvensar for gudsdyrkinga hans. I samtale med Elisja slo Naaman fast at han aldri meir ville bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren.  Samstundes må han strekkja seg: "Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-tempelet for å kasta seg ned og tilbe der og han stør seg på handa mi, så eg òg må kasta meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg dette". Avskilshelsinga frå profeten er støttande: "Far i fred".

Kjøt, fridom og klare linjer (1. Korintarbrev 8 og 10).Her, som i dei to tekstane over, er avvisninga av avgudsdyrking kompromisslaus. Samstundes er det ein del praktiske konskevensar ein må trekkja av dette, eller som ein ikkje treng trekkja, og som Paulus reflekterer over. Korleis vi overfører drøftinga hjå Paulus til vår tid, er ikkje opplagt. Men han levde, slik vi òg i stadig større grad gjer, i eit samfunn der kristendommen ikkje dominerte majoritetskulturen. Tankane hans om avgudsyrking og praktiske val er vortne meir relevant for oss òg. Det er ein betre veg for kyrkja å prøva å læra av bibelsk tenking om kompromisset og grensene for kompromisset, enn å avspegla den til ei kvar tid dominerande bestborgarlege moralen i samfunnet omkring.

DETALJAR OG PEDAGOGIKK.  Men tilbake til detaljane. Dei er det mange av i 2. Mosebok, anten det handlar om utforminga av paktkista og altara, om prestedraktene, om andre heilage gjenstandar og om sjølve teltet, som var Guds bustad melllom folket på vandring. Her er det akasietre, bronse, sølv og gull. Onykssteinar, krysolitt, jade, opal, ametyst, turkis, safir, rubin, topas, smaragd, agat og diamant. Purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. Alt i alt er det i desse kapitla ein rikdom av detaljar som nok var til nytte for involverte handtverkarar og til glede for seinare tiders historikarar, men kanskje ikkje alltid like inspirerande for bibellesarar i ei heilt anna tid og ein annan kultur.

Midt i alle dei praktiske instruksjonane dukkar dei to karane Besalel og Oholiab opp. Dei skulle saman med andre innsiktsfulle handtverkarar ta seg av det praktiske arbeidet med å laga alt det Herren hadde gitt påbod om. Ifølgje 2. Mosebok var det Gud som hadde gitt dei "evna til å læra opp andre" og "fylt dei med visdom i hjartet til å gjera alt slag handverk og kunstnarleg arbeid". Her er det stjerner i margen til både handtverket, kunsten og pedagogikken.

EIT UNDERLEG MØTE. "Gode Frelser, kan jeg tåle kraften av en guddomsstråle, å, så send frå deg den ned!". Slik skriv Benjamin G. Sporon i sin sterke påskesalme Naglet til et kors på jorden. Under bivrar det ein lengsel etter å erfara Gud, iblanda ei undering om eit menneske verkeleg kan tola ein slik kontakt. Tanken er heilt i tråd med det vi les om fleire stader i Bibelen. Derfor er det, trur eg, ei unik forteljing vi møter i 2. Mosebok kapittel 24 der Moses og Aron saman med over sytti av leiarane i Israel gjekk opp på fjellet og fekk sjå Israels Gud: "Dei skoda Gud, og dei åt og drakk". Det er sterke ord.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar