mandag 15. januar 2024

Kule ord (94): kidulting

Leva sorglaust, berre litt til? (Faksimile frå 
forskning.no)
Ser dette ordet uforståleg ut, er det nok fordi det er eit litt snodig engelsk ord. Det kombinerer orda kid (barn) og adulting (bli vaksen). Ordet er faktisk ikkje heilt nytt, men blir likevel sett på som ein moderne trend typisk for dei siste åra. Fleire media har skrive om kidulting og kidult i fjor og i år, inkludert The Economist, forskning.no og UnHerd. Det er snakk om vaksne som driv med leik og moro og aktivitetar som vi vanlegvis tenkjer er for born. I staden for å etablera seg med ektefelle, hus, born og bil. 

Nokon ser på dette som berre positivt. Det handlar om å vera barnleg, leiken og ta vare på barnet i seg. Andre er meir skeptiske og meiner det handlar om å vera barnsleg, umogen og ikkje ta ansvar. Eg tippar mange i mitt eige alderssegment, generasjon presenil og postviril, har eit negativ syn på fenomenet. Nettavisa forskning.no refererer ein ekspert som meiner kidulting er ein reaksjon på presset og forventningane unge i vår tid møter på veg inn til vaksenlivet. No har det sikkert alltid vore krevjande å gå frå å vera barn og ungdom til å bli vaksen. Viss det er vanskelegare i vår tid, og det er det kanskje, er det viktig å spørja seg meir presist kva som er vorte vanskelegare, og kvifor.

Finst det forresten eit norsk ord for kidulting?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar