29. juli er det olsok, minnedagen for Olav den Heilage. Helgekongen som fall i slaget på Stiklestad i 1030, har fått æra for å kristna landet vårt. Det er sjølvsagt ei forenkling, og vel så det. Uansett har mange folkelege forestillingar og skikkar frå gammalt av vore knytte til olsokfeiringa. Heilag-Olav fell i slaget på Stiklestad (Måleri av Peter Nicolai
Arbo, henta frå Wikimedia Commons).
Ein av skikkane er olsokbålet. Tradisjonen med bål olsokaftan går langt tilbake, men var tydelegvis forsvunnen mange stader då det vart gjort forsøk på å få fyr på olsokfeiringa igjen seint på 1800- og utover på 1900-talet.
Frå min eigen barndom på 1970-talet hugsar eg vi hadde olsokbål bortanfor hytta vår i Austrheim. No er det lenge sidan det vart kveikt eld på den bålhaugen. Sauene beitar ikkje lenger i marka, og vegetasjonen har breidd seg ut over det gamle bålberget.
Eg tvilar på at det er så mange olsokbål rundt om i landet vårt i dag. Skikken har nok vore på retur i mange år.
Kvifor var båltenning ein olsok-tradisjon? Det kan vera mange grunnar til det, og bålet er òg eit viktig innslag i jonsokfeiringa litt tidlegare på sommaren. Bålet eller grua er eit naturleg samlingspunkt når det kveldar. Men kan det, og dette er rein spekulasjon frå mi side, ha spela ei rolle at det var skikk å brenna bål når ein konge var død i det gamle Israel, slik Krønikebøkene i Bibelen fortel? Om gudsfolket i den gamle kongetida æra sine døde kongar slik, var det kanskje ikkje urimeleg om eit kristna folk gjorde det same for "Noregs evige konge".
Til slutt skal eg ta med eit par små glimt av olsokbål i første halvdelen av 1900-talet. Dei er svært ulike, og dei er henta frå avisa Dagen, som dekka både Vestlandet og norsk kristenliv med iver.
Olsokkvelden i 1928 drukna ni menneske i ein småbåt på fjorden i Luster i Sogn. Den tragiske ulukka stod i grell kontrast til den idylliske kvelden, slik ein innsendar til avisa skildra det: "Fjorden var spegelklaar. Olsokbåli lyste etter strendene den kyrre kveld". (Dagen, 2. august 1928)
I 1946 hadde avisa ein samtale med lekmannshovdingen Ludvig Hope frå Masfjorden. Den ruvande leiaren i Kinamisjonen hadde site i fangenskap på Grini saman med professor Ole Hallesby under krigen. Biskop Berggrav hadde òg vore internert. Dei tre var sentrale menn i den norske kyrkjeleiinga under krigen. No var Hope fri mann og skulle til sommarhytta si på Lesjaskogen og kvila: "Men om ikkje før, så til Olsok lyt han nok på talerstolen. For då har han kalla saman til storstemna på Lesjaskogen, og der skal gamle og vel kjende Grini-karar møtast: Hope, som er vert, biskop Berggrav, professor Hallesby o.fl. Det vert nok eit undarleg møte - etter som Hope fortel i ei samrøda med ein av Dagens medarbeidarar - - med olsokbål og kaffikoking ned-med vatnet, - slikt som høyrer sommar og ungdomen til." (Dagen, 14. juni 1946)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar