lørdag 17. juli 2021

Kule ord (75): ripsfest

Den gong rips lokka ungdommen 
(annonse i Dagen 20. august 1960).
No er det tid for å plukka inn mogen rips mange stader i landet. For meg er rips med vaniljesaus og litt sukker på sjølve smaken av sommar. Det dankar ut jordbær med fløyte. Eg skjønar godt at raude og livsfriske dånklar av ripsbær kan vera eit godt utgangspunkt for feststemning. 

Ein gong var det noko som heitte ripsfest. Mor mi fortel at ho var med på ripsfest i Landsungdomslaget i Bergen, far min minnest det som ung gut i losjen på Fedje.

Eg har søkt litt i det digitale arkivet til avisa Dagen for å sjå om eg får treff på ordet ripsfest. Resultatet er litt magert, men to annonsar blir fanga opp. Begge handlar om ripsfesten Frekhauglaget stelte stand i Bergen august 1960.  

Om ein utvidar søket frå "ripsfest" til "rips", er det sjølvsagt mykje meir å finna. I 1964 heldt såleis Vestlandske Broderring årsmøte på Nærbø. Forkynnarar og leiarar møttest og lytta til undervisning frå det som den gongen var kjende menn i den lutherske lekmannsrørsla. Mellom anna heldt generalsekretær Tormod Vågen i Misjonssambandet foredrag om kyrkja, og ifølgje referenten var alle samde i konklusjonen om at "når kristendomsundervisninga vert religionsundervisning må vi gå ut or Statskyrkja". Og serveringa til møtelyden?:

Husmor og tenarskapet serverte iskald rips, og sette såleis ein ekstra spiss på samværet. (Dagen 1. september 1964)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar