mandag 26. juli 2021

Kule ord (76): måsehat

Måsen, eit hatobjekt (foto: Arve Kjell Uthaug)
Artig ord dette her, måsehat eller måkehat. Dei lagar mykje lyd desse fuglane. Dei er dessutan glupske og intelligente, og dei lever ofte tett på folk. Både Odd Børretzen og Salhusvinskvetten har gjort poesi av uviljen vår mot måsen. Kanskje kjernen i måsehatet er at dei og vi er litt for like?

I ein nokre år gammal artikkel på nrk.no om det såkalla måsehatet heiter det at "folk klager på at måker spiser fisk og skitner til badestrender, svaberg, brygger og hustak. For ikke å snakke om skrikingen." Vel, vi menneske et òg fisk, vi skitnar til både badestrender, svaberg og brygger (i mindre grad hustak) - for ikkje å snakka om skrikinga. 

Neidå, det er ikkje kjekt å vakna av måseskrik klokka tre om natta. Det er ein grunn til at uttrykket "måsekvitring" ikkje finst. Og det er ein dårleg idé med massiv mating av måsar i tettbygde strok. Men bortsett frå det, måsen er ein flott fugl. At dei årvisst set på vengene nye prøveprosjekt (ingen "birthstrike" der, nei), og at dei passar godt på ungane sine, og dermed kan verka noko hissige delar av året, er det ingen grunn til å klandra dei for. Det viser berre at dei har ei sunn evne til å prioritera viktige verdiar i livet. Måsen kombinerer sterkt næringsvett med gode, tradisjonelle verdiar. Eg trur dei ville røysta Senterpartiet.

Smarte er dei òg, det er derfor skremmefuglane fungerer så dårleg. Måsen er drableg god til å skilja det ekte frå det uekte, det interessante frå det uvesentlege. Berre sjå korleis dei jagar på ei ørn som kjem for nær i hekketida. Men det finst ingen måsar med sine fulle fem som brukar krefter på å jaga ein skremmefugl. Tvert om har måsen ingen problem med å leggja reiret sitt på eit tak der det er montert slike skremmefuglar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar