onsdag 26. august 2015

Kule ord (20): dånkel

Ripsdånklar (Foto: Arve Kjell Uthaug).
Mange stader står bærbuskane fulle av mogne ber. Eller flittige hender har allereie gjort jobben. Stundom gjer ingen noko som helst, slik at bæra rotnar på stilken. Det hender deg òg.

Då eg var liten, lærte eg at bærklasane på buskar som rips og solbær vart kalla dånklar. Ein dånkel er altså ein bærstilk med fleire bær på. Ordet er nok ikkje så vanleg. Foreldra mine, som kjem frå Fedje og Austrheim og begge har passert åtti, brukar det. Ordet finst ikkje i Nynorskordboka. Men i den meir omfattande Norsk Ordbok er ordet ført opp med formene "dånkel" og "dankel", om "noko som heng og dinglar", og ordet er registrert i Masfjorden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar