Viser innlegg sorter etter datoen for søket fyrebilsbibelen. Sorter etter relevans Vis alle innlegg
Viser innlegg sorter etter datoen for søket fyrebilsbibelen. Sorter etter relevans Vis alle innlegg

mandag 21. april 2025

Kule ord (101): nebb, nyre, ørn, sukk, syn og synagoge

(foto: Arve Kjell Uthaug)
Kva har desse seks orda til felles, bortsett frå at dei er norske substantiv?

Svaret er at dei alle har gjennomgått bibelske kjønnsskifte. Men berre bytte av språkleg kjønn, naturlegvis.

I utgangspunktet finst det ein heil del ord som kan ha ulikt kjønn i ulike målføre. Stundom kan det òg variera litt mellom ulike brukarar av same dialekt. Skriftspråket speglar dette i ein heil del tilfelle, og det finst derfor grupper av ord der det er valfritt om ein vel det eine eller det andre kjønnet. Faktisk finst det òg nokre få ord der ein kan velja mellom alle tre - både hokjønn, hankjønn og inkjekjønn. Greip er eit slikt ord. Det kan skrivast ei greip, ein greip eller eit greip. 

Desse trekjønna "greip-orda" er likevel ei lita og svært eksklusiv gruppe. Langt større er gruppene av ord der ein kan velja mellom to kjønn.

Men tilbake til dei seks orda som har skifta kjønn i det nynorske bibelspråket. Kanskje det finst fleire, men dette er dei eg har kome over så langt. Grunnlaget for samanlikninga er Bibelselskapet sine tre nynorsk-omsetjingar: 1938, 1978/85 og 2011/2024. I tillegg har eg jamført med den såkalla fyrebilsbibelen, som er den første heile bibelomsetjinga på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921, og altså før Bibelselskapet kom på bana (eller banen). Når det gjeld dei seks orda mine, er det ingen skilnad i kjønn mellom omsetjinga frå 1938 og fyrebilsbibelen som kom nokre år tidlegare.

Men så til dei konkrete kjønnsskifta. Alle desse orda har valfritt kjønn i dagens rettskriving, men Bibelselskapet har altså valt eit anna alternativ i seinare utgåver enn i dei første nynorske bibelomsetjingane.

Ordet syn har gått frå hokjønn til inkjekjønn, ørn frå hankjønn til hokjønn og synagoge frå hokjønn til hankjønn. Dei to første endringane kom i 1978/85-omsetjinga, den siste kom i 2011.

Ordet nyre var inkjekjønn i dei to eldste omsetjingane, men har vore hokjønn frå 1978/85 av. Det hadde dessutan eit litt uvanleg bøyingsmønster, som ikkje lenger er korrekt etter ordboka, men som framleis er gangbar mynt for kroppsdelane auga og hjarta, nemleg o-ending i fleirtal. I 1938-omsetjinga heiter det såleis at Gud er "den som prøver hjarto og nyro, ein rettferdig Gud" (salme 7,10). 

Forresten høyrer vi av og til at nynorsk er vanskeleg fordi det er så forvirrande med alle dei valfrie formene. Når det gjeld ordet nyre, ligg faktisk bokmålet eit hestehovud framfor sidan nyre faktisk har tre valfrie kjønn på bokmål, men berre to på nynorsk.

Så var det dei to siste orda, og dei er faktisk ekstra interessante. I dei eldste omsetjingane kom orda nebb og sukk i hankjønnsform. I dei nyaste omsetjingane dukkar inkjekjønnet opp. Men ikkje heilt konsekvent.

Nebb var hankjønn fram til den siste omsetjinga kom i 2011/2024. I denne nyaste omsetjinga kjem det i Første Mosebok ei due tilbake til Noa med eit oljeblad "i nebbet", men i Jesajaboka var det "ingen som rørte ein veng eller opna nebben og peip" (10,14). 

Med ordet sukk er det hakket meir komplisert. Ved første aukekast ser det ut til at ordet er endra frå hankjønn til inkjekjønn frå og med 1978/85-omsetjinga (Salme 5,2 og 38,10). Men så dukkar det opp tekstar i same omsetjinga der sukk framleis er hankjønn (Jesaja 21,2, Malaki 2,13, Job 3,24, Klagesongane 1,22, Esekiel 2,10, Romarane 8,26). 

Går ein fram til den siste omsetjinga, kan det sjå ut til at inkjekjønn er gjennomført konsekvent. Likevel ikkje heilt, for det er i alle fall to stader der hankjønnssukkane har hengt seg fast: Klagesongane 1,22 og Salme 90,9. Den siste staden heiter det at "åra våre er som ein sukk". 

Så kan sjølvsagt denne vekslinga i kjønn innanfor ei og same omsetjing ha fleire årsaker. Det kan vera gjort med ein klar intensjon, det kan vera gitt rom for ein "språkliberal" variasjon eller det kan rett og slett vera korrekturen som ikkje har fanga opp alle inkonsekvensar. Skulle eg tippa, ville eg nok landa ned på den siste forklaringa for kjønnsvariasjonane for nebb og sukk innanfor ei og same omsetjing. Uansett skal ein vera meir enn tilrådeleg detaljfokusert om ein meiner slike interessante små inkonsekvensar gjer kvaliteten på gode bibelomsetjingar ringare.

Artikkelen baserer seg på søkjefunksjonen på Bibelselskapet si side www.bibel.no/nettbibelen/les/; i tillegg er det nytta papirutgåver av ulike bibelomsetjingar.   

onsdag 25. desember 2024

Kule ord (99): storlåten


Maria med Jesus på armen.
Det har gått nokre månader
sidan Maria song om høge
og storlåtne, fattige og låge.
Glasmåleri frå All Saints`
Church, Pavement i York
(foto: Arve Kjell Uthaug)
 
- Storlaatne spreider han for ver og vind. Slik heiter det i Marias lovsong i den tidlege nynorske omsetjinga som blir kalla fyrebilsbibelen. I følgje det første kapitlet i Lukasevangeliet syng Maria denne songen medan ho ber frelsaren som eit lite barn i magen. Og bo ber fram songen sin i møte med ein annan gravid slektning, Elisabet, som er svanger med Johannes, den røffe profeten som skal kalla folket til omvending og vera eit teikn på at frelsaren snart kjem.

Men tilbake til ordet storlåten. Det er den rake motsetninga til det meir kjende og brukte ordet "smålåten". Den smålåtne gjer seg som kjent ikkje for høge tankar om seg sjølv, brautar seg ikkje fram og er - for å låna eit anna bibelsk uttrykk - mellom dei stille i landet. 

Då veit vi òg det vi treng å vita om kva storlåten er. 

I den nyaste bibelomsetjinga heiter det at Gud "spreidde dei som bar hovmodstankar" i hjarta. Reine ord for pengane framleis, sjølv om både storlåten og det flotte utrykket "ver og vind" er bytta ut. Språket i bibelomsetjingane vil alltid endra seg litt over tid, elles var omsetjingane bortkasta arbeid. 

Ei anna lita endring i omsetjinga av Marias lovsong er òg interessant å merka seg: I fyrebilsbibelen og Bibelselskapet si nynorskomsetjing frå 1938 heiter det at Gud mettar dei svoltne med gode gåver, men sender "rikingar" tomhendte bort. I dagens omsetjing sender han bort "dei rike". Kanskje er det fordi ordet "riking" har fått ein tydeleg negativ klang i vår tid? Ordet vart kan henda oppfatta som ein meir nøytral karakteristikk då fyrebilsbibelen kom ut i 1921? Vi har mange fleire adjektiv som er spegla i slike par med substantiv, der eitt av dei er med og eitt er utan -ing: rik/riking, arm/arming, gammal/gamling, svart/svarting, stor/storing, og så bortetter. Her er det i alle fall eit par av dei andre substantivpara som har det til felles med rik/riking at varianten med -ing er meir negativt ladd. Det er ikkje heilt det same å snakka om ein gammal som om ein gamling, for ikkje å snakka om ein svart og ein svarting.  

Men tilbake til Marias lovsong. Hennar milde og tydelege refs når oss anten problemet vårt er for mykje makt, for brei kjeft eller for feit lommebok. Det går som ein raud tråd gjennom heile Mariakvadet i Lukas 1 at Gud løftar dei små og låge opp. Det er som vi høyrer son hennar, sjølv om han er endå barskare i uttrykksforma til tider. Vi les jo ikkje om at Maria gjorde slikt som å velta borda til pengevekslarane i tempelet.  

I vers 52 er det som fyrebilsbibelen med si omsetjing fører oss like inn i ei norsk vikinghall, og vi hamnar på tidslinja ein stad mellom Jesu fødsel og vår eiga tid:

Han støyter hovdingar fraa høgsæte

Og lyfter laage upp.


søndag 28. april 2024

Velsigning

(Foto: Arve Kjell Uthaug)
VELSIGNA vere du du i by! Velsigna vere du paa land!

VELSIGNA barnet i ditt fang! Velsigna avlen av di jord! Velsigna buskapen du el. Velsigna kalv og lamb og kid!

VELSIGNA hjaa deg korg og trog!

VELSIGNA ver naar du kjem inn! Velsigna ver naar du gjeng ut!


Denne velsigninga er henta frå 5. Mosebok kapittel 28, der Israelsfolket får høyra frå Moses at kvar velsigning han nemner, skal nå dei og ta dei att så sant dei vil lytta til Herren, deira Gud. Eg har valt å bruka teksten slik han er omsett i den såkalla Fyrebilsbibelen frå 1921. Kommentarar til eit par av orda kan gjerne vera på sin plass. El er presensform av verbet å ala. Kid er uttalt med stum d og med kj-lyd i starten. I dag er skrivemåten kje. Kid er eit lånord med tur-retur-billett. Først vandra det frå norrønt til engelsk. Der vart det brukt om geitungar, men etter kvart òg om menneskeborn. Denne siste bruken har dei siste åra glidd inn i norsk som kid og kidsa. Trog eller trau er i dei siste bibelutgåvene omsett med bakstetrau. 

søndag 19. desember 2021

Kule ord (79): kraftverk

Jesus gjer eit kraftverk (Illustrasjon: 
Gustav Dore).
Eit kraftverk er etter ordboka eit "anlegg der det blir produsert elektrisk kraft". Ikkje ferdig snakka. For eit kraftverk er òg noko meir, viser det seg. Min gode ven fyrebilsbibelen, som var den første heile nynorske bibelomsetjinga (1921), har omsett vers 5 i Galatarbrevet kapittel 3 slik: 

Og han som gjev dykk Anden og gjer kraftverk millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved aa forkynna trui? 

Ordet kraftverk her er det same som "under" eller "mirakel". Det er nok første gongen eg har støytt på ordet med denne meininga, men det er jo rimeleg sjølvforklarande. Og i slekt med ord som storverk, meisterverk og praktverk.

fredag 22. oktober 2021

Kule ord (78): smeren (og litt til)

Saft frå stokkrose, ein lite
utbreidd drikk (foto: Secretlondon,
frå Wikimedia Commons)
Ikkje la deg lura av tittelen, for dette handlar eigentleg meir om stokkrosesaft og eggekvite enn om ordet smeren. Met det er ein samanheng mellom desse tre orda. Alle tre dukkar opp i eit vers i boka om Job, Guds hardt plaga tenar (kapittel 6, vers 6):

Kven et smaklaus mat utan salt? Smakar det noko av stokkrosesaft? (2011-omsetjinga)

Kven et det smerne utan salt? Kven finn vel smak i eggekvite? (1938-omsetjinga)

Ordet smeren er brukt både i 1938-omsetjinga og i den såkalla fyrebilsbibelen frå 1921. Ifølgje ordboka tyder det ein "søt- eller feittsmak som byr imot". Maten er smaklaus, lapp eller flau. Eg må tilstå at eg ikkje var kjend med ordet smeren før eg kom over det i det gamle bibelspråket for nokre få dagar sidan.

Men så er det siste delen av verset, då. Korleis kan det ha seg at det som ein gong vart omsett som eggekvite, no er gjengitt med stokkrosesaft. Du treng ikkje vera spesielt velstudert uti botanikken eller zoologien for å ha fått med deg at dette er to ulike ting. Men det er ikkje berre berre å omsetja Bibelen, og dette merkelege spriket har si forklaring. Espen Hetland i Bibelselskapet forklarar det slik:

Det hebraiske ordet som ligger til grunn her er, challamut. Job 6,6 er det eneste stedet i den hebraiske bibelen hvor dette begrepet dukker opp (dette gjør det veldig vanskelig å vite hvordan en skal oversette). Måten en da vanligvis går fram er å se til de tidligste oversettelsene fra hebraisk til for eksempel gresk, arameisk eller syrisk. Når det kommer til Job 6,6 ser vi at ulike bibeloversettelser enten oversetter challamut med «eggehvitte» eller med slimet/saften fra en plante (mallow (ESV, NRSV)/stokkerose (Bibel 2011)). Oversettelsen til eggehvite stammer fra tidlige rabbinske miljøer, mens oversettelsen med en plante stammer fra tidlige arabiske/syriske oversettelser. Det er også verdt å nevne at den tidlige greske oversettelsen av GT (LXX) bruker formuleringen: «can there be taste in empty words».
Det er altså ganske tydelig at vi her møter et hebraisk ord de ulike tradisjonene er svært usikre på hvordan en skal oversette.

Når Bibelselskapet endrer måten å oversette mellom 1930 og 1978 er jeg ikke sikker på hva som er årsaken. Kanskje oversetterne her vurderte at en kan argumentere godt for begge alternativene ut i fra oversettelsestradisjon og kildetekst. Da vil det neste spørsmålet være hvilket av de to alternativene som i størst grad kommuniserer meningsinnholdet i teksten best mulig i en norsk kontekst. I lys av v.7 hvor Job snakker om bedervet mat, vil jeg personlig hevde at stokkrosens saft fungerer bedre enn eggehvite.

Takk til Bibelselskapet for det. Er det forresten nokon som har oppskrifta på stokkrosesaft, kan dei senda henne til meg.




onsdag 30. juni 2021

Kjærleiken, bibelspråket og bykset frå båtkvelven

Denne vesle vandringa tek til i dei døkke skogane i Setesdalen, før ho går ein snartur innom Edens hage. Men kor lenge var Adam i Paradis? Ikkje lenger enn til han ligg oppå ein kantra båt på Strilelandet. Heldigvis endar ferda tørt og trygt på land - mellom liljene i Saron og eit leikande kjærastepar på åsane i Israel.

Reiseguiden er Bibelen, rough guide til livet, men ikkje kva slags bibel som helst. I år er det nemleg jubileum. For hundre år sidan, ved jonsoktider i 1921, fekk vi for aller første gong heile Bibelen på nynorsk. Eit storverket som på smålåte vis vart kalla "fyrebilsbibelen".

Alexander Seippel (foto henta frå
Wikimedia Commons)
Bondejenta og bondespråket. Peter Hognestad, jærbu og seinare biskop i Bjørgvin, var sentral i arbeidet med 1921-omsetjinga. Salmediktaren Elias Blix frå Gildeskål, professor i hebraisk og kyrkjeminister, har òg sett sitt stempel på omsetjinga. I tillegg var ein heil liten sverm av omsetjarar i sving med å få ulike delar av den heilage boka over på nynorsk. Ikkje alle var teologar, og ikkje alle delar av Bibelen vart omsette frå grunntekstene. Dei som redigerte arbeidet, rekna ikkje med at omsetjinga skulle vara så lenge, og boka vart kalla "fyrebilsbibelen".

Den enkeltpersonen som omsette mest, var orientalisten Alexander Seippel. Både Mosebøkene, Josvaboka, Dommarane og dei fire evangelia var det han som omsette. Denne Alexander var i utgangspunktet bygut frå Kristiansand, og far hans var innvandrar frå Tyskland. Faren prøvde seg først som forretningsmann i den sørlandske hovudstaden, men flytta etter kvart med familien til Frøysnes i Setesdalen. Alexander var sju år då familien flytta. Sjølv valde han den akademiske vegen og vart professor i semittiske språk. Men i Setesdalen høyrde familien til ein slags liten bygdesosietet, dels heva over og dels på utsida av det vanlege bygdesamfunnet, men samstundes i tett kontakt med det. 

Alexander for sin del vart ikkje berre glad i dalen, men òg i bondejenta Birgit på Nestoga. Dei to vart trulova. Og sjølv om foreldra, og særleg faren, slett ikkje likte det, vart det avtala bryllaup. Aasulv Lande har i boka om Alexander Seippel og livsverket hans gjengitt eit brev frå Alexander til Otto Reinardt. Familien Reinhardt var i slekt med Seippel-familien og gav hjelp med lån til garden på Frøysnes og støtte til den akademiske utdanninga for Alexander. I brevet legg Alexander fram alle føremonene som vil følgja av eit ekteskap med Birgit, sikkert i håp om at Otto ville gje si støtte, eller i det minste ikkje slå handa av han. Gode ord om Birgit skyt han òg inn, og slår fast: "Ho har i det heile ikkje anna lyte enn at ho er fødd på landet og ikkje i byen". Alexander meinte det skulle vera ei smal sak å læra henne opp slik at ho kunne tilpassa seg bylivet.

Mykje er usikkert om kva som så hende. I alle fall vart det ikkje noko av bryllaupet. Etter det som vart fortalt lokalt, var det kome så langt at bryllaupslyden var samla, festmaten var klar og dei venta berre på at brudgommen skulle koma i båt over fjorden frå Frøysnes til Åraksbø. Men Alexander møtte ikkje opp. Kanskje var det faren som la hindringar i vegen, kan henda bøygde Alexander sjølv av for forventningspresset - vi veit ikkje. Birgit vart seinare gift til ein av grannegardane heime i Setesdalen. Alexander vart gift med ei kvinne frå sosieteten. Byguten frå den kondisjonerte stand trykte bondespråket til sitt bryst, men ikkje bondejenta. 

Heile bibelen på norsk. Den nynorske bibelhistoria er kort. I fleire hundre år var det danske omsetjingar som rådde grunnen. Avstanden mellom folkespråk og dansk bibelspråk var stor for dei aller fleste. I 1904 kom den første heile bibelomsetjinga der det norske riksmålet skilde lag med dei reint danske biblane. På slutten av 1800-talet vart det for første gong gitt ut eit heilt nytestamente på nynorsk. Og den første heile nynorske bibelen fekk vi med fyrebilsbibelen i 1921. Det var ikkje bibelselskapet som sto bak, men studentmållaget i Oslo. Bibelselskapet kom med ny bokmålsbibel i 1930, og gav for første gong ut Bibelen på nynorsk i 1938. Deretter låg dei norske bibelomsetjingane stort sett i det norske Bibelselskapet sine hender, og det kom nye omsetjingar på både bokmål og nynorsk i 1978 og i 2011. Innimellom kom Norsk Bibel med si alternative bibelomsetjing, først på bokmål og så på nynorsk. Denne utgåva var til dels ein protest mot omsetjinga frå 1978, og dei tre markante kristenleiarane Arthur Berg, Carl Fr. Wisløff og Thoralf Gilbrant sto i spissen for arbeidet.

Kar og kjerring i Paradis.
(Bilete av Lucas Cranach den eldre)
Språk og kjønn i paradis. I 1921-omsetjinga var det Alexander Seippel som hadde hand om Mosebøkene. Sjølve skapingsforteljinga var det han som forma av ord frå heimebøen. Der gjorde han eit dristig grep. Den hebraiske grunnteksten har eit ordspel når Gud skaper isja (kvinna) med å ta eit ribbein frå isj (mannen). Både ord og beinbygnad er nært i slekt. Logikken i dette forsvinn litt når Gud i norske omsetjingar skapte Eva og ho "skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken". I si språklege skaparglede fann Seippel ei løysing på dette, slik Sylfest Lomheim skriv i Norsk oversetterleksikon:

(...) Her drista Seippel seg til å sjå bort frå ‘mann’, som det alltid hadde stått i våre biblar. Han henta fram ordet ‘kar’. For han visste at ‘kjerring’ kjem frå ‘kar’, ordet var opphavleg ‘karling’ (liten kar). Dermed hadde han det! «Ho skal kallast kjerring, for ho er teken av ein kar». Seippel presterte der ei løysing på eit omsetjingsproblem som verken riksmål, dansk, svensk, tysk eller andre europeiske språk før han hadde fått til. Av gode grunnar slo ikkje Seippels løysing rot i norsk bibelmål, men ho viser iallfall kor rett og tett opp til originalteksten han heile tida bevega seg. (...)

Det nygamle språket. Ute i Nordhordland budde Lars i Njøtæ. Han vart fødd i 1867, og han var ein av dei mange, mange som vart fanga opp av dei sterke kristne vekkingane i dette området. Lars vart lekpreikar. I mange år reiste han rundt og forkynte Ordet på strilelandet. Han var ein original, som folk seier, og det finst framleis eldre folk som hugsar han Lars og kan fortelja historier om denne milde og trufaste Herrens tenar. Over fjord og sjø fór han med båten sin. Drivkrafta var årane, seglet og kallet frå Gud. I 1934 nærma han seg dei sytti, og ein referent frå eit kristent stemne på Frekhaug kan fortelja at "gamle Lars Njøten hadde rodd fra kl. 6 om morgenen til kl. 1 om middagen for å komme til stevnet". Han rodde ikkje for fitness, han rodde for fellesskapet.

Lars i Njøtæ, lekpreikar og stril.
(Faksimile frå Dagen)
Med seg på reisene hadde Lars frå Njøtæ gjerne to bibelutgåver, fortel biografen hans Johannes Kvalheim:

Han vart ein bibelkristen og levde eit bibelliv, som ein sa om han. Ein ser mest aldri han Lars utan Bibel og den vesle bibelveska. Lenge nytta han bokmålsbibelen. Men då nynorskutgåva kom, tok han den i bruk. Den høvde betre for han. Likevel har han ofte "storabokjæ" - preikebibelen - med seg og går gjerne på talarstolen med to biblar. 

Nynorskbibelen han hadde med seg, må nok ha vore 1921-utgåva sidan bibelselskapet først kom med sin nynorskbibel i 1938. Det er lett å skjøna at det nynorske bibelspråket låg nærare den gamle striledialekten. Lars var i mangt og mykje ein konservativ mann, så det er interessant at han likevel tok i bruk Bibelen på det "nye" språket. 

"Makelaust rikt og godt". For den nynorske bibelomsetjinga kom seint, det gjorde ho. Akkurat som det nynorske skriftspråket kom seint og etter at dansk språk hadde fått prega litteratur, embetsverk, religiøst liv, dei danna klassar og bylivet - alt som smakte av makt og pengar og prestisje - i fleire hundreår. Diktaren Olav H. Hauge er innom dette i eit avisintervju i 1983:

- Hadde vi fått Bibelen på norsk når vi skulle, hadde stoda for nynorsken i dag vore ei heilt anna, slår diktaren frå Ulvik i Hardanger fast og legg til: - Bibelen kom ut på dansk i 1550, og det var det einaste vi hadde her i Noreg fram til 1814, då fornorskingsarbeidet tok til. Ei fullstendig nynorsk bibelomsetjing fekk vi ikkje før i 1921. Språket i dei nynorske salmane og i den første utgåva av bibelen var makelaust rikt og godt. No reviderer dei, og skifter gode norske ord og uttrykk ut med bokmålsord. Soleis riv dei ned det dei gamle har bygd opp i dei siste hundre åra.

Så sa Hauge. No hjelper det lite å hemna seg over språkhistoria, og eg har stor respekt for arbeidet dei nynorske bibelomsetjarane har gjort også etter omsetjingane frå mellomkrigstida. Samstundes er det lett å slutta seg til lovorda frå Hauge om fyrebilsbibelen. 

Eit blad av Ole Bergsvik sin bibel,
1921-utgåva.
Bykset frå båtkvelven
. Men vi har slett ikkje gjort oss ferdige med strilelandet enno, og vi skal ut att til Austrheim. Lars i Njøtæ var ikkje den einaste som hadde Bibelen ombord. Morfar min, Ole Bergsvik, var lærar der ute i øyane i mange år. Ein gong var han ute i ærend med robåten, og han sette opp seglet. Det må ha kome ei vindròse, for best det var kollsigla han. Båten gjekk rundt, og morfar min kom seg opp på kvelven. Heldigvis dreiv båten nært inntil land, så nært at han greidde å byksa frå båtkvelen og inn på fast grunn. Soga fortel at han berga med seg to ting i spranget: klokka, som han tok i munnen, og Bibelen, som han la på hovudet under hua. 

Bibelen han tok med seg i spranget, var sannsynlegvis den fyrebilsbibelen eg har arva etter han. Det er ei hendig bok, ikkje større enn at ho kan leggjast på hovudet under ein sikspens.

A og Ø. Eg skal snart gå til avslutning, som lekpreikarane ofte sa. Før dei tok eit godt tak i talarstolen og tala ein halvtime til. Apropos avslutning, heilt på enden av Bibelen, i det siste kapittelet i Johannes Openberring, gjev Jesus ein mektig presentasjon av seg sjølv, ein eigenattest som har fått sitt heilt særeigne preg i 1921-bibelen: "Eg er A og Ø, upphavet og enden, den fyrste og den siste." Det vanlege i norske bibelomsetjingar er at Jesus presenterer seg som Alfa og Omega, altså med den første og siste bokstaven i det greske alfabetet. Dette har òg gått inn som eit fast uttrykk i språket vårt. Men når dei nynorske omsetjingspionerane først prøvde seg med ei fornorsking av uttrykket: Kvifor ø og ikkje å? Vel, bokstaven å var tilrådd i norsk rettskriving allereie frå 1917, men det tok litt tid før han vart brukt over alt. I bibelen "vår" står det aa og ikkje å. Dermed blir òg ø det siste sjølvstendige teiknet i alfabetet. Og Alfa og Omega vart, i tråd med rettskrivinga i resten av bibelen, til A og Ø. 

"Ei lilja fraa dalom". Denne ferda tok til med kjærleiken mellom kvinne og mann. Det vart ikkje noko av kjærleiksbryllaupet i Setesdalen mellom tilflyttaren Alexander Seippel og bondejenta Birgit. Men bibelomsetjinga i 1921 vart det noko av, og Seippel la ned eit storarbeid. Det blir fortalt frå Setesdalen at han møtte ungdomsflammen Birgit att ein gong på sine gamle dagar. Då var ho blitt enkje, og Seippel skal ha hatt med seg omsetjinga han hadde gjort av Israels kongesoger i Det gamle testamentet, og gitt henne denne. Som gjengåve skal han ha fått ei nepe frå åkeren. Kva elles dei snakka om, veit ikkje eg.

Det store kjærleikskvadet i Bibelen var det forresten ikkje Seippel som omsette. Forfattaren, presten, mystikaren og anarkisten Ivar Mortensson-Egnund tok seg av Høgsongen i 1921-bibelen. Der spelar kjærleikspoesien seg ut mellom dalar og fjell i det gamle Israel, og brura seier om seg sjølv: "Ein engblom fraa Saron er eg, Ei lilja fraa dalom". Om det vart sett ein brå stopp for kjærleiken i Setesdalen, ser det ut til å ha gått langt betre i dalane og på vinmarkene i det gamle Israel. Brudgomen sjølv seier det slik, ifølgje 1921-omsetjinga: 

Aa, kor du er fager, min hugnad, Kor du er fager! Dine augo er duvor, Glytter fram attum slør. Ditt haar er ein geiteflokk likt, Ned Gilead renn.

Dine tenner som nyklypte sauer, Nett komne fraa laug. Tvillingar alle dei hev, Utan lamb er ingen.

Dine lippor ei purpursnor er, Og so ljuv er din munn. Som eit granateple-brot din tinning Glytter fram attum slør.

Som Davids-taarnet din hals, For stridsfolk bygt; Tusund skjoldar paa det heng, Alle skjoldar aat kjemporne.

Eit killingpar barmen, tvillingar Til ei gasella Som beiter millom liljor.

Til dess dagen vert sval, Og skuggarne flyr, Til Myrra-berg skrid eg min veg Og til røykjelse-haugen.

Alt ved deg er fagert, min hugnad, Du lytelaus er.


Artikkelen over støttar seg på fleire bøker og artiklar. Jarle Bondevik har skrive om arbeidet med 1921-omsetjinga i boka Og ordet vart nynorsk (Bergen, 2003). Bondevik har òg skrive ein informativ artikkel om bibelomsetjing på Allkunne.no. Aasulv Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid har skrive Sjønna på Elbursfjell, Alexander Seippel - livet og livsverket (Kristiansand, 2001). Lomheim har dessutan skrive om Alexander Seippel i Norsk Oversetterleksikon. Intervjuet med Olav H. Hauge er gjort av Bergliot Engeset i Nynorsk Pressekontor og gjengitt i Dagen 12. august 1983. Johannes Kvalheim har forfatta biografien Lars Njøten (Bergen, 1950). Referatet frå stemnet på Frekhaug, dit Lars i Njøtæ rodde, står i Dagen 2. juli 1934. Og historia om då Ole Bergsvik kollsigla, har eg frå foreldra mine Liv og Gunnar Uthaug. Sist, men ikkje minst, Bibelen eller Den heilage skrifti ("fyrebilsbibelen") vart ugitt av Bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo i 1921. Sitatet som avsluttar artikkelen, er frå Høgsongen kapittel 4, vers 1-7.

tirsdag 17. november 2015

Kule ord (22): stad

Slutten av fisketuren, Jesus og Peter.
(Illustrasjon frå The Yorck Project,
Wikimedia Commons)

Ordet stad kan bli brukt som korform for uttrykket av stad, det å gå eller flytta seg frå ein stad til noko anna. 
 
Onkelen min, eller eigentleg filleonkel, Georg Tangen, som bur på Fedje og er godt ute i pensjonsalderen, har skrive litt om mange av dei orda han voks opp med i eit fiskarsamfunn. Her dukkar òg denne tydinga av "stad" opp: "Frå dei fyrste skuleåra til eg var konfirmert, var eg ofte med bestefar å fiska. Me rodde småbåten (feringen) og me sa at me skulle sta."

Dermed er det bygd ei bru over til det nynorske bibelspråket. Som kjent heldt Meisteren lag med fiskarar, og den mest framfusne av dei var Simon Peter. Etter at Jesus døydde, kan det sjå ut som om Peter og dei andre læresveinane var usikre på kva dei skulle gjera vidare. I slutten av Johannesevangeliet, i kapittel 21, er vi vitne til ein av desse augneblinkane som viser kor lite vi eigentleg veit om framtida. Det kan i alle fall sjå ut til at Peter rekna med no skulle livet venda tilbake til normalen.

- Eg vil ut og fiska, seier Peter i følgje den siste bibelomsetjinga (2011). I lag med han var ein liten gjeng læresveinar.

- Eg vil av og fiska, heitte det i omsetjingane frå 1985/78 og 1938. Eg kan ikkje hugsa at eg har høyrt preposisjonen "av" brukt slik i daglegtale frå min kant av landet, men vakkert er det likevel.

- Eg gjeng `stad aa fiska, sa Peter ifølgje den såkalla fyrebilsbibelen (1921), den aller første heile omsetjinga av Bibelen til nynorsk.

Dermed er vi tilbake der vi starta. Eg trur nok denne måten å bruka "stad" på er mindre vanleg no enn før. Og eg ville tippa at det i alle fall i Nordhordland helst er eldre folk som uttrykker seg slik. Men seiemåten lever framleis.

lørdag 22. november 2014

Kule ord (13): A og Ø

Både ø og å har måtta gje tapt for greske omega.
(Foto: Tomasz Sienicki, Wikimedia Commons)
Dette er eit uttrykk henta frå bibelspråket, men kanskje ikkje eitt så mange dreg kjensle på ved første blikk. Då er det annleis med "Alfa og Omega". Den første og den siste bokstaven i det greske alfabetet er i Openberringsboka brukt om Jesus - den første og den siste. Ordlaget har smitta over frå bibelspråket til meir allmenn språkbruk, og betyr vel her ofte noko som er heilt grunnleggjande eller overordna viktig.

Alfa og Omega er brukt i bibelselskapet sine omsetjingar på bokmål og nynorsk frå 1930-talet og fram til i dag. Men i den første fullstendige utgåva av Bibelen på nynorsk, den Studentmållaget i Oslo gav ut i 1921, er dette uttrykket omsett annleis: "Eg er A og Ø, upphavet og enden, den fyrste og den siste." (Op 22,13).

Det er lett å sjå at dette er ein meir heilnorsk variant av uttrykket Alfa og Omega. Norske bokstavar i staden for greske. Kanskje hadde fleire unge lesarar forstått uttrykket intuitivt om dagens bibelomsetjarar hadde valt "A og Å" i staden for Alfa og Omega? Men Bibelselskapet har valt å halda fast på dei greske bokstavane, òg i den siste omsetjinga frå 2011. 

Eg har sendt saka til ei handfull menneske som kan mykje om språk, og Leiv Egil Breivik svarar dette:

Eg har sjekka ymse utgåver av bibelen på engelsk. Alpha and Omega er det vanlege uttrykket. Såleis står følgjande i King James Bible: "I am Alpha and Omega, the beginning and the end, the first and the last." Det er vanleg å ha med den bestemte artikkelen "the" framfor "Alhpa and Omega". Såleis lyder denne setninga slik i New International Version: "I am the Alpha and the Omega, the First and the Last, the Beginning and the End." Som de ser kan ordstillinga variere litt. I Aramaic Bible in Plain English lyder setninga slik: "I am Alap and I am Tau, The First and The Last, The Origin and The Fulfillment." Den einaste utgåva som avvik frå dette mønsteret er GOD'S WORD Translation frå 1995 (som bruker "the A and the Z"): "I am the A and the Z, the first and the last, the beginning and the end."

Men ein snodig ting står att å forklara, denne ø-en. Kvifor heiter det "A og Ø" og ikkje "A og Å"? Bokstaven å har ei interessant historie, og vart som kjent ein gong skriven som aa. I norsk vart skrivemåten å tilrådd frå 1917 av, altså fire år før bibelomsetjinga av 1921 kom ut. Slik sett verkar det underleg at ikkje "A og Å" er brukt. Men å vart likevel ikkje obligatorisk før i 1938, og i den såkalla fyrebilsbibelen - "vår" bibel frå 1921 - er det brukt aa. Så forklaringa på uttrykket "A og Ø" må vera at sidan den gamle skrivemåten med aa vart følgd, vart ø sett på som siste bokstaven i alfabetet.

Den som forresten ønskjer å vita meir om fyrebilsbibelen og nynorske bibelomsetjingar generelt, bør lesa Jarle Bondevik sin innsiktsfulle artikkel på allkunne.no.