torsdag 7. desember 2023

Kule ord (92): guttajazzing

Desse to podkastarane driv, ifølgje ein
kvinneleg kommentator i avisa Vårt Land,
med "guttajazzing".
Heller ikkje eg hadde høyrt om "guttajazzing" før ein kommentator i avisa Vårt Land kritiserte to frikyrkjepastorar og podkastarar, og avslutta det heile med å karakterisera podkastane deira om Den norske kyrkja som "god gammeldags kristenkonservativ guttajazzing".

Heldigvis kan Språkrådet gje hjelp. Det er i det heile mykje fint som kan seiast om dette Språkrådet, berre så det er nemnt, m.a. svarar dei både raskt og opplysande på språkspørsmål som mannen i gata sender dei på e-post. Eg reknar med dei svarar nett like kjapt og venleg om det er kvinna i gata som spør. 

Men tilbake til «guttajazzinga». Språkrådet skriv at det "handler om å slappe av og prate om løst og fast med (...) folk i den kameratkretsen som man kaller "gutta", gjerne over en eller flere øl": 

Jazzing er i utgangspunktet avslappet, men det gjelder neppe hvis det er såkalt guttastemning i rommet. Det er mulig at sammensetningen guttajazzing skal peke mot guttastemning. 

Når folk omtaler fenomenet guttajazzing kritisk, mener de gjerne at det prates ‘piss’, men vi vet heller ikke om det er noen direkte sammenheng med substantivet jazz i samme betydning. 

I 2016 ble denne formuleringen kåret til en av årets verste bortforklaringer av drøye, mannssjåvinistiske ytringer: «Jeg satt i min egen boble, hadde drukket tre pils og jazzet med gutta». Etter dette har nok uttrykket jazze med gutta oftere blitt brukt med et negativt fortegn, i alle fall i mediene. 

Så langt Språkrådet, og takk til dei. Ein annan kommentator trekkjer ein parallell frå "guttajazzing" til "problematisk garderobesnakk", og det er gjerne ikkje ei dum tolking. I alle fall kan vi slå fast vi snakkar om eit tydeleg kjønna uttrykk, der den kvinnelege kommentatoren brukar det som karakteristikk av to podpastorar av hankjønn. Det må jo vera lov. Men dei som brukar kjønna språk på denne måte, må sjølvsagt òg tola å få det i retur med motsett forteikn. Det  skal vera like reglar for Loke som for Tor.


2 kommentarer:

  1. Konservativt pisspreik over eit glas øl, altså! Artig!
    Det er tydeleg at uttrykket er negativt meint. Eg har ikkje lese kva kommentatoren i Vårt Land skreiv, men tenkjer at føremålet med å karakterisere desse karane med eit negativt uttrykk er å sleppe å ta på alvor det dei faktisk tek opp. Eg høyrde på denne podcasten for fyrste gong i går, og forstår at nokon kjenner at det stikk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ingen tvil om at uttrykket er negativt meint i VL-kommentaren (sjølv om Språkrådet opnar for eit tolkingsspenn frå koseleg drøs i godt lag til, huff, "pisspreik"). Rett skal vera rett, VL-kommentatoren går i rette med ein del av innhaldet òg før ho - av ein eller annan grunn - vel å karakterisera podkastane med eit negativt og kjønna uttrykk. Det er i seg sjølv interessant at ein kommentator som karakteriserer seg sjølv som feminist, brukar språket slik, synest eg. Sjølve innhaldet i podkastane har provosert, ja. Eg har høyrt den første av podkastane deira om Den norske kyrkja. Dei gjer éin stor feil, tenkjer eg: Dei er altfor sikre på kva Gud vil gjera i framtida. Bortsett frå det, synest eg dei har mange gode analysar og observasjonar. Også vi som får det midt i fleisen, bør heller lytta og tenkja over om dei har rett enn å gå til kvasst motåtak. Her synest eg Sofie Braut (som vanleg) har ei veldig god tilnærming: https://www.dagen.no/meninger/skal-eg-bryta-opp-fra-den-norske-kyrkja/.

      Slett