fredag 10. november 2023

Kule ord (91): jødekake

Kanskje det skal bakast jødekaker før jul i år? Kakene er gode. Varianten med råmjølk må nok mange av oss sjå langt etter, men det går fint å laga kakene utan denne ingrediensen. Sjansane for å støyta på dette bakverket er forresten størst i Rogaland

Så var det dette med namnet då. Eg har lese litt ulike forsøk på forklaringar, men fasitten er vel at vi ikkje veit kvifor ordet jøde er blitt knytt til dette kakeslaget. Folk har kalla bakverket for jødekaker i generasjonar - sikkert utan å synast det var merkeleg, og utan å leggja noko negativt i det. I vår identitets-forskremte tid ulmar det ei viss språkleg uro her: Er det innanfor å bruka ordet jødekake? Det må det vera. På same måten som tyske skiver, franskbrød, belgiske vaflar, Waleskringle, tyrkisk peppar og engelsk konfekt er innanfor. Kanskje døtrer av Margrethe Munthe og søner av Flåklypa-Ludvig kan prøva å forsona seg med at ikkje alt er fy og farleg. Og jødekakene, dei er innanfor. 

I Kokebok frå Statens Lærarinneskule i Husstell frå 1946 står det forresten ei oppskrift på jødekaker. Kanskje ikkje alle har denne boka ståande i heimen. I så fall kan det opplysast at kokeboka ifølgje føreordet er "utarbeidd som lærebok for vaksne elevar, men ho vil gjeva praktisk hjelp for andre og, serleg unge husmøder". Kanskje er det nett oppskrifta frå denne boka ein bør prøva, ei oppskrift som endar i følgjande fyndige råd om sjølve steikinga: "Pensl kakone lett med eggekvite, strø på raffinade og mandlar. Legg kakone på plator. Steik dei; dei skal vera ljosgule og sprø."

Ljosgule og sprø, sånn skal det vera, ja. Eller kanskje ikkje? Ei anna oppskrift strekar tvert imot under at desse kakene skal vera mjuke og seige. Her er det altså berre å velja det ein likar best.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar