søndag 27. august 2023

Kule ord (90): Knarvikskjorte

Knarvikskjorte, utan mann inni.

Ikkje visste eg at det fanst noko som heiter knarvikskjorte, og eg var neppe åleine om å leva i vankunna. No har politiet her vest opplyst oss. Litt tidlegare i august vart ein mann observert på veg nordover på strekninga mellom Bergen sentrum og Åsane. Han let seg tydelegvis ikkje stogga av noko, heller ikkje tunnelar og vart lagt merke til i Munkebotntunnelen før politiet rykte ut etter at mannen hadde nådd Eidsvågstunnelen. Ifølgje ordensmakta var mannen iført knarvikskjorte og cowboyhatt. Og sikkert enkelte andre klesplagg, får vi tru, utan at politiet fann grunn til å presisera dette. 

Mannen høyrde til i Alver, som er den største av strilekommunane nordom Bergen.

Sannsynlegvis er knarvikskjorte kalla opp etter kommunesenteret Knarvik i Alver kommune. Eg skulle likt å vita korleis ordet oppstod. Det ønsket får eg kanskje aldri oppfylt. Derimot har eg meldt mi nyfikne til politiet, og fått følgjande svar frå Vest politidistrikt:

Ordbruken i denne meldinga resulterte i fleire spørsmål frå bl.a. mediehus om kva ei "Knarvik- skjorte" var, og ved å no google ordet, så får ein opp at dette skal være ei "oppkneppa flanellskjorte" (opne knappar i halsen). Det høyrer med til historia at mannen i tunellen var heimehøyrande i Alver kommune. Vi tek med oss erfaringa på at ordbruken her ikkje var heilt forståeleg for alle.

Siste setninga vel eg sjølvsagt, i tråd med forklaringa i Luthers vesle katekisme, å lesa i aller beste meining. 

Det er sjølvsag ein farleg aktivitet å gå i ein biltunnell, og då tenkjer eg ikkje først og fremst på faren for trekk når ein går med oppkneppa skjorte. Samstundes har eg den største respekt for ein mann som går sine eigne vegar. Ferdamannen frå Alver var dessutan på veg nordover mot strilalandet, så retningssansen var det ingen ting gale med.

Sant nok, vi kan ha ein mistanke om at det kanskje kan liggja noko litt nedlatande mot oss strilar i uttrykket knarvikskjorte. For høyrest det ikkje litt harry ut? Ikkje veit eg. Uansett synest eg ikkje dette er noko å ta på veg for. Ikkje minst fordi eg sjølv bur på den litt mindre tettstaden Frekhaug ikkje så langt frå Knarvik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar