søndag 28. mai 2023

1. Mosebok, ei bokmelding

Det finst grunnar, men ikkje så mange gode grunnar, til å lesa nye og dårlege bøker i staden for gamle og gode. Denne bokmeldinga handlar derfor om 1. Mosebok.

Den første boka i Bibelen gjev oss mange av dei store forteljingane. Om då Gud skapte himmelen og jorda, Noa bygde båten, menneska reiste tårnet i Babel, Abraham sleit opp teltpluggane og la ut på vandring, Jakob kiva med Esau, Josef vart selt som slave til Egypt. Og innimellom alt dette finst det mange personar og episodar som glitrar om kapp med dei forteljingane vi kjenner best.

ABC I VÅR EIGEN KULTUR. Det blir fortald ei soge om ein kar frå ei av øyane i Nordhordland. Denne mannen, som visstnok var litt av ein original, hadde vore med på ein fiskebåt, men dei hine ombord var ikkje heilt nøgde med han. Derfor vart det ordna slik at han fekk plass ombord i ein annan båt neste gong. Denne andre båten gjorde det godt på fisket, og vår mann - den omplasserte - konkluderte med følgjande replikk: "Dei selde Josef te Egypten, men han fekk da godt dar".

JOSEF blir selt av brørne sine som slave.
(Illustrasjon henta frå Wikimedia Commons)
Han visste kva han sa. Dei som høyrde han, skjøna utmerka godt kva han refererte til. Desse alminnelege fiskarane kjende si første mosebok. Utan å kjenna forteljingane i denne boka er det moderne menneske - dette flyktige og oppskrytte fenomen - lik ein som har båt og årar, men har mista médet i land.

BROR MOT BROR. Det sydar av lureri og konflikt i denne boka. Ikkje minst går det som ein raud tråd gjennom forteljingane at bror gjer urett mot bror. Den relasjonen som skulle vera den nære, gode og trufaste, er ein kamparena. Først ute er bonden Kain som slår i hel bror sin, gjetaren Abel. Så går det slag i slag. Jakob lurer tvillingbroren sin Esau både på den eine og den andre måten. Bakom står mora Rebekka, som favoriserer den heimekjære Jakob, og som er god til å trekkja i trådar. Med sønene til Jakob når konfliktnivået eit nytt toppunkt. Brødregjengen vel likevel det mildaste alternativet når dei tek eit oppgjer med det dei må ha oppfatta som ein ufordrageleg og stormannsgalen veslebror: Jakobsønene kastar broren Josef i ein tom brønn og sel han deretter som slave. Planen var i utgangspunktet å slå han i hel.

Broderstridane må ha vore så dramatiske og viktige hendingar at det var umogleg å oversjå dei. Når brør rauk uklare i eit lite, omstreifande folk - ikkje stort meir enn ein utvida storfamilie med sauer, geiter, kamelar og eventuelle slavar på slep - kunne det setja eksistensen av heile folket i fare. Dernest slår det meg at Gud tala og handla inn i desse situasjonane, om vi skal tru denne boka (og det gjer eg). Ein kunne jo kanskje tenkt seg at Han greip inn når alle oppførte seg pent og sto samla, men heilt slik er det ikkje. Gud talar direkte til Kain, om både straff og vern, og det etter at han har slege i hel bror sin. Mens Jakob er på flukt frå bror sin Esau, talar Gud og lovar han å bli eit stort folk som skal bli til velsigning for andre folkeslag. Og når Josef møter brørne sine andlet til andlet etter mange år, ser han ei djupare meining i det vonde dei gjorde mot han: "De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag." Gjennom draumetyding og administrativ kompetanse hadde då Josef sytt for å spara opp korn i dei gode åra slik at egyptarane kunne berga livet til både seg sjølve og nabofolk då hungersnauda kom. Hadde vi halde oss med helgenar, og rekruttert dei frå Bibelen, ville Josef vore skytshelgen for alle administrativt tilsette.

1. Mosebok er ikkje berre prega av konflikt mellom brør, men òg av forsoning mellom brør. Heldigvis. Dei kunne fara opp i fresande, tankelaust raseri. Men dei kunne og tilgje kvarandre raust. Som når luringen Jakob i frykt møter bror sin Esau, men møter ein open framn. Og Jakob må slå fast at "då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg".

FØDSELSKRIGEN. Det er ikkje paradisiske tilstandar i 1. Mosebok, ikkje etter dei to første kapitla. Dei som vil ha glansbilete og skjønnmåling, må finna seg andre bøker enn 1. Mosebok. Oftast er det enkeltpersonar og deira livsstrid som er nøkkelholet vi får kikka inn gjennom til dei første episodane i historia om menneska og soga om israelsfolket. Sentrale personar er Adam, Kain og Abel, Noa, Abraham, Jakob og Josef.

Men vi har andre sentrale personar med. Bak eit velfungerande patriarkat står det mektige og målretta kvinner. Første Mosebok er òg historia om Eva, Sara, Rebekka, Rakel, Lea og kona til Potifar.  Javisst, mennene spelar førstefiolin i framstillinga. Men for ei fascinerande andrefiolinspeling vi er vitne til. Temmeleg rått spel òg til tider. Ta berre Potimor, om vi får kalla henne det sidan vi ikkje kjenner namnet hennar. Som administrator i egyptaren Potifars hus, blir Josef offer for ei omvendt me-too-sak. Forteljinga er ei påminning om den sterke og nedbrytande krafta i misbruk av offerrolla. 

Og så er det søstrene Lea og Rakel, dei to konene til Jakob. Han forelskar seg i Rakel, men Lea er eldst og bør giftast bort først. Svigerfar Laban lurer dermed Jakob til å gifta seg med henne. Så lyt Jakob tena hjå svigerfaren i sju år til for å få Rakel. Dei to søstrene rivaliserer gjennom å gje mannen sin søner. Lea, som Jakob eigentleg ikkje ville ha, får flest, og allereie når Ruben den førstefødde kjem, tenkjer ho at "no kjem mannen min til å elska meg". I denne barnekrigen er mangslags middel lov, inkludert bruk av slavekvinner.

JAKOB vil ha Rakel, men svigerfaren Laban gjev
han først Lea. (Illustrasjon frå Wikimedia Commons)
Forteljinga om Lea og Rakel viser oss mange ting. Når ei kvinne kan gå mannen sin til møtes når han kjem heim om kvelden, og gje han beskjed om kven han skal liggja med den natta, er det nok i realiteten snakk om ei viss maktdeling mellom kjønna.

RETT OG GALE. Kva er rett og gale, kva blir sett på som vondt og godt i 1. Mosebok? Sjølv om dette er ei utruleg spennande og flott bok, dukkar det jo opp ein del vanskelege ting å grubla på, i alle fall for oss som trur på den Gud som presenterer seg som Gud for Abraham, Isak og Jakob. Eg skal la skapingssoga liggja. Til tider, i alle fall i moderne tider, har kristne diskutert mykje seg imellom om kor bokstaveleg vi skal forstå denne monumentale forteljinga. For min del er eg open for eit vidt spenn av forklaringar - frå at Gud skapte alt på seks dagar ein gong for lenge sidan til at livet har utvikla seg, styrt av Skaparen, gjennom ein evolusjon fram til det vi ser i dag. Det einaste eg ser på som utelukka, er at alt er blitt til utan ei meining og ein vilje bak. Universet, det mangfaldige livet og mennesket med sine tankar; det kan ikkje ha oppstått tilfeldig og av seg sjølv. godtruen er eg ikkje.

Men eg tenkte veldig lite på desse debattane i lesinga av Genesis. Spørsmålet om godt og vondt er derimot til tider påtrengjande, og spennande. Noko kan vi lesa med reine ord at er rett eller gale. Andre ting kan vi berre lura på. Spørsmålet heng i lufta ein del gonger. Så er det jo interessant å tenkja på at 1. Mosebok fortel om menneske som levde i tida mellom Syndefallet (urkatastrofen) og Moses. Mellom uskuldstilstanden i hagen, der vi berre høyrer om eit par enkle reglar, og steintavlene med dei ti boda og mange meir detaljerte forskrifter. Korleis visste folk i denne tida kva som var rett og gale? Korleis visste menneske i israelsfolket kva Gud venta av dei? Korleis var balansen mellom å gjera rett mot alle menneske og gjera det beste for folket eller stammen? Sjølvsagt er det mykje vi ikkje veit her. 1. Mosebok handlar om ferdafolk, dei streifar rundt geografisk. Dei er vel òg på ei slags vandring fram mot utvida kunnskap om Guds vilje, fram mot Sinai og lova. Men då er vi over i 2. Mosebok. Ikkje alle kan ha vore like priviligerte som ein Abraham eller ein Jakob som tala direkte med Gud, og hadde syner og draumar. 

EG ER DEN EG ER. Det er Gud sjølv som presenterer seg slik for Moses, i neste Mosebok. Sjølv om dei same orda ikkje blir sagt i 1. Mosebok, er det tydeleg at Gud gjennom handlingane presenterer seg som nettopp det. Han er den han er, og er mykje meir enn det eit menneske nokon gong kan vera. Slik sett les eg 1. Mosebok på mange måtar som ein kritikk av fokuset på "gudsbilete" i vår tid. Krinsinga om gudsbilete blir ofte kulturelt sjølvsentrert. Vi vil ha ein Gud som er slipt av i kantane, slik at han passar inn i ei form, ein som vi kan forstå og forsvara, og vi får det gjennom å byggja eit gudsbilete som fungerer for oss sjølve og for menneske i vår tid og kultur. Men det blir fort ein Gud på våre premissar, skapt av oss. Noko bortimot ein avgud. 

Den Gud som 1. Mosebok fortel om, er suveren og ikkje underlagt vår kvalitetskontroll. Vi er tvert om skapte av han, fordi han ville det. Av og til er det fantastisk å lesa om kor god og raus han er, andre gonger er det sjokkerande å lesa kva han gjer. Men det er han, og ikkje eg, som har namnet Eg er den eg er

Så er det samstundes ein annan ting som slår meg når eg les nokre av forteljingane i 1. Mosebok, og det er kor tilnærmeleg, eg hadde nær sagt tilsnakkandes, Gud kan vera. Ta no Jakob, denne broder-svindlaren. Ei dramatisk natt ute på vandring møter Gud Jakob og kjempar med han. Like til morgon gryr stridest dei, og Gud bed til slutt Jakob om å sleppa han. "Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg", seier Jakob, og Gud velsignar han. Ein skulle jo tru det var ei smal sak for Skaparen av himmel og jord å vinna denne slåstkampen på kort tid, utan å be om å få sleppa ut or Jakobs grep. 

Ei anna forteljing er den om Sodoma og Gomorra. Gud har sett vondskapen i byane og vil utsletta både byane og dei som bur der. Abraham, Guds ven, går i forbøn for byen. Gud lovar å spara byen dersom han finn femti rettferdige der. Men Abraham grip sjansen og prutar nedover. Og Gud går med på det. Til slutt stoggar prutinga på ti rettferdige. Det var ikkje nok dessverre. Og det endar med at byane vert utsletta av eld og svovel frå himmelen (ikkje heilt i tråd med det gudsbiletet vi helst vil formidla). Gud ser ikkje ut til å forandra meining om kva som er rett og gale, og han er suveren, men forteljinga om Abraham viser òg ein Gud som lyttar til menneske. 

OPPFØLGJAREN. Neste boka i Bibelen, 2. Mosebok, tek utgangspunkt i eit innvandringsdilemma. Fleire hundre år er gått sidan Josef levde og israelsfolket slo seg ned i Egypt. Egyptarane tek til å frykta at dei talrike hebrearane skal truga makta deira. På same tid utnyttar egyptarane arbeidskrafta til innvandrarfolket. Dei er redde for israelittane, men samstundes har dei bruk for dei.

Men det er altså utgangspunktet for 2. Mosebok.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar