onsdag 3. mai 2023

Kule ord (89): kalv

Kalv frå ei gammal krabbeteine
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Ein kalv er så mangt. Sjølvsagt kan det vera eit lite dyr som ein gong skal bli ku. Men det kan òg vera ei lita øy attmed ei større, slik som Lurøykalven attmed Lygra (eller "Luro"), eller eit stykke som har brotna av ein større isbre. Og så kan det vera inngangen til ei teine: Krabben eller hummaren kryp inn gjennom kalven, og med det er han fanga. Forfattaren Alfred Hauge frå Sjernarøy i Ryfylke er ein sveip innom hummarfiske og teiner i boka si Det lyse fastland (Bergen, 1969):

Som den gourmet og levemann hummaren er, likar han best lett bederva ting, a la rakaure og camembert. Difor sette vi agnet på omnskruna til det lukta, og når det var i teina kome, snuste hummaren seg fram til det, og gjekk inn gjennom kalven, inn i fella og den predestinerte undergang, og der sat han då og handfór eit stinkande marulkhovud - snakk ikkje om at han åt stort. Det overlet han til plebeien, til høvringen.

Så langt Alfred Hauge. Han har skrive mange fine bøker, forresten.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar