onsdag 5. februar 2020

Motvinds menn

Slik såg avisa ut då Johannes 
Lavik, den første redaktøren, 
gjekk bort i 1952.
Det har vore mange stormkast i historia til avisa Dagen. Kasta har kome utanfrå, eller dei har kome i redaksjonslokala og feid gjennom styreromma. Men motvind og kamp har ikkje stoppa denne avisa frå å gå vidare. Og kanskje er Dagen den mest opposisjonelle dagsavisa her til lands.

I fjor kom boka om Dagen ut: Dagen 1919-2019 – kulturell motstemme i hundre år. Forfattaren er Dag Kullerud, mangeårig journalist i Dagbladet og NRK. I tillegg har han skrive biografiar om m.a. Ole Hallesby og Hans Nielsen Hauge, og ei bok om Bibelen i Norge. Med andre ord er han ein mann med både innsikt og tilbørleg avstand til å ta fatt på ei bok om den kristne dagsavisa med sete i Bergen.

Lesaren
Det finst neppe nokon som har ploga seg gjennom så mange Dagen-artiklar som det Kullerud har gjort. No kan eg sjølvsagt ikkje utelukka at det sit ein tilårskomen abonnent inne i ein vestlandsk fjordarm og har lese alt av smått og stort gjennom mange tiår. Den fjordarmen må vera djup.  Kullerud har dessutan lese seg gjennom avisa over heile tidsspennet – frå starten i 1919 og framover til vår eiga tid.

Gjennom Dagen 1919-2019 blir ein klok på avisa, den kulturen ho vaks fram frå og dei markante menn som har ropt kommandoar frå redaktørbrua. Av og til kunne eg ønskt meg framstillinga supplert av litt meir statistikk og kvantitativ tilnærming – t.d. ein samanhengande statistikk over opplagsutviklinga i heile perioden, eit par kart som viser kor lesarane høyrde og høyrer til geografisk, ein breiare analyse av kven styremedlemane var og kva kristeleg forankring og sosial bakgrunn dei hadde.

Slikt kan ein ønskja seg. Men ei bok kan ikkje ha med alt. Kullerud har valt å avislesa seg fram til forteljinga om Dagen, og sjølvsagt supplert med både munnlege kjelder, bøker, styreprotokollar,  brevsamlinga etter Arthur Berg mm. Det har resultert i ei leseverdig og innsynsfull bok. Ei bok der forfattaren ikkje legg skjul på sine subjektive vurderingar, men han gjer det så taktfullt og varsamt at det ikkje stenger for innsikta.

For min eigen del tok eg fatt på denne boka med ekstra stor interesse. Eg vaks opp med avisa Dagen. I barndom og tidleg ungdom var det ingen, ved sida av heimen og det lokale bedehuset, som forma oppfatningane mine om kristendom og samfunn som Arthur Berg og avisa hans. Rundt 1990 jobba eg ei stund i avisa, ikkje så lenge, og det var i den vêrharde perioden då Finn Jarle Sæle var redaktør.
Dagen frå 1. februar 2020.

Redaktørar i kamp
Avisa Dagen har hatt seks sjefredaktørar (om ein held utanfor Finn Wiig Sjursen  og Werner Johannessen som delte på ansvaret ein kort periode). Johannes Lavik var den førte, han styrte skuta frå avisa vart skapt i 1919 og fram til han døydde i 1952. Deretter kom det ei rekkje med sjefredaktørar som alle gjekk av etter intern strid: Først Odd Strand, så Arthur Berg, deretter Finn Jarle Sæle og så Odd Sverre Hove. Sjette redaktør i rekkja heiter Vebjørn Selbekk, og sit tilsynelatande trygt i stolen. 

Dei ufrivillige og konfliktfylte redaktørskifta gjev grunn til ettertanke. Kristen-Norge har sine konfliktar, kanskje i like stor grad som sekulære institusjonar og organisasjonar, og eg trur ikkje konfliktane er enklare – eller jamt over blir løyst betre – i kristeleg samanheng. Konfliktar vil alltid oppstå, sånn er berre livet. Men når «åndskamp» blir ein tilleggsdimensjon, kan det blir vanskeleg å skilja mellom Guds vilje og menneske sin vilje - og då blir det ikkje lett sjølv om partane i utgangspunktet vil det så vel. I tillegg til den ytre samfunnskampen, har Dagen hatt meir enn nok av slike indre stridar. Det går tydeleg fram av boka til Kullerud. Stundom har det enda med spetakkel. Av og til har det gått hakket smidigare. Den sist redaktørkonflikten boka fortel om, som enda med at sjefredaktør Odd Sverre Hove og redaktør Johannes Kleppa trekte seg, er eit døme på det siste. Begge to skriv framleis for avisa.

Dei fleste redaktørane har vore svært markante debattantar, og dei har i sterk grad prega samfunnet sitt inntrykk av avisa. Dei har gjort Dagen den mest motstraums dagsavisa i landet. Det var derfor ikkje utan grunn at Harald Stanghelle under samanslåinga mellom Dagen og meir karismatiske Magazinet slo fast at desse avisene «utfordrer den kompakte majoritet på et vis som får Klassekampen til å virke fislete moteriktig» (s. 295).

Eminensen
Johannes Lavik var den første redaktøren. Han representerte eit kristeleg gründerdynasti som på slutten av 1800- og inn på 1900-talet var tett vevd saman med indremisjonsrørsla med hovudsete i Bergen. Faren Andreas var den første leiaren av Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Mora Margrethe styrte det nye misjonshotellet i Bergen. Fetteren Nils vart litt seinare første Stortingsmann for KrF.

Johannes ruvar. Han var utan tvil ein stor formidlar og ein skarp tenkjar. Kullerud teiknar et sympatisk portrett av den første Dagen-redaktøren, og ser i han ein pressemann med større nyanserikdom enn enkelte av etterfølgjarane i redaktørstolen. I den tida Johannes Lavik var sjef, var utan tvil den veksande nazismen i Tyskland og okkupasjonen det mest dramatiske avisa opplevde. Dagen har ei ærerik historie frå denne tida, og ikkje minst utanriksmedarbeidaren og leiarskribenten Arne Giverholt peikte tidleg og tydeleg på faren frå den tyske nazismen. I 1942 stoppa avisa, i motsetning til storebror Bergens Tidende som held fram gjennom heile krigen, men med nazi-redaktør.

Eit forklaringsproblem
Kullerud skriv godt og opplysande om Lavik og avisa hans. Éi lita høne har eg likevel å plukka med forfattaren av Dagen 1919-2019 når det gjeld måten han forklarar Lavik sine standpunkt på i nokre aktuelle saker. Sjølv om Lavik står fram som ein mann av prinsipp, teiknar Kullerud han samstundes som ein meir kompromissvillig og allianseorientert redaktør enn etterfølgjaren Arthur Berg. Det kan neppe vera feil, og det er sjølvsagt ingen motsetnad mellom prinsipp og ein viss kompromissvilje.

Likevel stussar eg over måten Lavik sine standpunkt blir forklart på i eit par tilfelle. Når Dagen under Lavik etter kvart landa på eit skeptisk syn på kvinner som prestar, var det resultat av ei dreiing som «var helt nødvendig, både av hensyn til abonnentene og ikke minst til det kristne lederetablissement med professor Ole Hallesby i spissen» (s. 82). Avisa hadde ei opnare haldning til kvinnelege prestar tidleg på 1920-talet, utan at det ser ut til å ha knaka i samanføyingane av den grunn. Det er ingen tvil om at Dagen reagerte mot politisk vilje til å overstyra kyrkja i denne saka. Men at omsynet til reaksjonar frå abonnentar og kristenleiarar skal ha forma synet på kvinnelege prestar, er så langt eg kan skjøna, ein spekulasjon. Kullerud resonnerer på liknande vis om Dagen sitt syn på Guds grønne enger, eit teaterstykke som sette sinna i kok. Her viser Kullerud til at biskop Berggrav vurderte stykket positivt, og at Lavik sjølv var ein mann som hadde lese mykje: «Kan han også i denne saken ha vært bundet av leserkretsen og den teologiske eliten i Oslo?» (s. 99). Også i motstanden mot forplantingslære i folkeskulen meiner Kullerud det er grunn til å spørja «om hvor bundet Lavik var av leserkretsen?» (s. 138). Men kva er det eigentleg som tyder på dette all den tid Dagen hevda synet sitt i leiarartiklar med «uvanlig høy temperatur» (s. 137) og trass i at det fanst eit tilgjengeleg, og meir smidig mellomstandpunkt i saka? Kullerud er ikkje bombastisk i bruken av desse forklaringane, og han trekkjer sjølvsagt òg inn andre forklaringsmoment. Men eg synest han i dei tre tilfella over ikkje underbyggjer godt nok argumentasjonen om at Lavik kan ha valt desse standpunkta for å tilpassa seg lesarskaren (og kristenleiarar).

Eg må tilstå at eg får eit inntrykk av at Kullerud, i velviljens namn, her gjerne vil at den kloke Lavik ikkje eigentleg skal ha hatt desse «dumme» synspunkta. Eller tek eg feil?

Alt for saki
Så kom Arthur Berg. Han kom som ein gaukunge i reiret. Odd Strand, som var sjefredaktør ein kort periode etter Lavik, ville gjerne styrka den kristelege avdelinga i redaksjonen, og helst med ein teolog. Berg vart kalla. «Han kom med betydelig teologisk og språklig kompetanse, men også med kombinasjonen av liten presseerfaring og en minimal terskel for å gå i kamp», skriv Kullerud (s. 143). Strid vart det raskt, mellom dei to redaktørane. Begge gjekk av. Etter ei tid lukkast styret i å få Berg tilbake, og han sat som sjefredaktør i Dagen i nesten tretti år.

Arthur Berg var modig, han var stri og han våga gå på tvers. Kullerud meiner forgjengaren Lavik hadde eit sterkt «gen» for å halda lesarflokken samla. Berg var derimot ein som ikkje brydde seg mykje om abonnementsstatistikken når han slåss for noko. Heller ikkje let han seg styra av forventninga om å vera litt ekstra grei og smidig med dei som sto nokolunde på same side i samfunnsdebattane. Berre spør ein KrF-veteran. Meinte Berg at saka var stor og viktig, måtte taktiske omsyn vika. Han kjempa for barnet i mors liv, mot EEC. For Israel, mot kvinnelege prestar. For lydnad mot Bibelen, mot Verdskyrkjerådet. Alt gjorde han på sin særprega måte; det hugsar vi som vaks opp med leiarartiklane hans. Energibunten frå Vestfold snakka og skreiv nynorsk i-mål, sjølv om han rett som det var òg brukte bokmål i skrift. Logikken var gjennomtrengjande og språket kreativt. Kullerud har med eit Berg-sitat som eg trur kan stå som overskrift over heile engasjementet hans: «Før eller seinare må anten trui kverva for tankens heidenskap, eller tanken må kristnast» (s.195).

Så er ikkje alt sagt om Arthur Berg med det. Sjølvsagt ikkje, han var eit menneske. Det kjem òg godt fram i framstillinga hjå Kullerud. Berg kunne bruka kampviljen til å hjelpa dei som vart utstøytte frå det gode selskap, slik Lindstrøm-saka viste. Den store korrespondansen hans viser òg at han tok seg tid ikkje berre til toppfolka, men òg til alminnelege menneske. Og han kunne – når saki oppmuntra til det – gå i allianse med dei som sto han fjernt på andre område. Under EEC-striden kunne han gå arm i arm med ein som var hovudmotstandar på andre felt, og halda appellar saman med ein fagforeiningsleiar. Og antikommunisten Berg tok unge kristensosialistar i forsvar: Det skulle ikkje øvast kristen læretukt på politiske premissar.

Eg synest Kullerud alt i alt både teiknar eit opplysande portrett og gjev ei fair vurdering av Berg. Visst anar vi at forfattaren har meir sans for Laviks kårde enn Bergs sleggje. Men Kullerud får fram den unike karakteren Berg var, og om han ikkje tek alt i beste meining, opplever eg at han tek Berg i beste meining så langt han meiner det er rimeleg.

Stormkast
Etter Berg kom Finn Jarle Sæle, som var redaktør frå midten av 80-talet til slutten av 90-talet. Kullerud skildrar ei turbulent tid, med mykje uro internt i avisa, både i redaksjonen, i styret og mellom redaktøren og styret. Avisa vart eit kampanjeorgan, meir enn ho har vore nokon gong før eller seinare. Det enda med at styret sa opp Sæle. Teologen frå Laksevåg er ein mann med stor energi, og han starta opp vekeavisa Norge i dag etter at han måtte gå frå Dagen. Ei avis som no har eksistert i over tjue år og med eit stabilt opplag på godt over ti tusen. Deretter overtok ein annan teolog, Odd Sverre Hove, som sat i sjefsstolen i Dagen-huset litt over ti år, til han og medredaktøren Johannes Kleppa trekte seg. Kullerud trekkjer m.a. fram at Hove markerte eit prinsipielt skilje mellom reportasjar og kommentarartiklar.

Atter ein lekmann
Omtalen av dei seinaste åra fram til i dag er kortfatta i boka. Tida frå 2010 med Vebjørn Selbekk som redaktør er knapt med. Det var han som gav Kullerud oppdraget med Dagen 1919-2019, og han er sitjande redaktør i avisa.  Til saman er det grunn god nok til å overlata Selbekk-fasen til framtidige sogeskrivarar.

For eiga rekning vil eg leggja til at Dagen er inne i ein ny og spennande fase. Selbekk er ein viktig samfunnsdebattant, og det er ingen tvil om at avisa i hovudsak følgjer ein sti tidlegare redaktørar har trakka opp. Samstundes har avisa forandra seg både gjennom journalistiske satsingar, tilpassing til ny teknologi og i vektlegginga av saker. Eit døme på det siste er kampen mot kvinnelege prestar. Dette var ei hovudsak for Arthur Berg, og formelt står avisa på det same standpunktet i dag, men saka er knapt på agendaen til redaktør Selbekk.

Det som kanskje er den overordna utfordringa for avisa i dag, er at Arthur Berg for kvart år som går får meir og meir rett i det han skreiv om at vi lever i ei etterkristen tid. Tenkjemåte og oppfatningar forandrar seg både i samfunnet og i kyrkja. Å vera ei motstemme med fast forankring krev mykje i ein slik situasjon, samstundes som det er sjølve eksistensgrunnlaget til avisa. Her er det mange utfordringar. For det første trur eg avisa treng å satsa meir på teologi på kommentarplass og i bakgrunnsartiklar: tydeleg, gjennomtenkt og offensiv teologi, som den alminneleg interesserte lesar kan forstå og orientera seg etter. Det er ikkje godt nok å utgjera den reflekterte baktroppen i ei tilbaketrekking. Det kan vera arven etter Arthur Berg. For det andre vonar eg Dagen greier å unngå å høgretippa, dvs. enda opp med å representera ei samansmelting av høgreorientert politikk og «konservativ» teologi. Det er greitt nok å liggja litt til høgre politisk, og det er greitt nok å liggja litt til venstre politisk. Dagen har vore ein tydeleg støttespelar for ei sentrum-høgre-regjering. I og for seg er det òg greitt nok. Problemet er når religion og politikk smeltar saman til eit større heile. Dette er ikkje ei utvikling som i dag har kome langt i Norge, men både i USA og enkelte andre land er det spor som skremmer. Dagen må unngå å låsa forsvaret av den kristne trua til ei bestemt politisk retning – først og fremst fordi det kan kompromittera kristentrua, men dinest fordi det vil splitta menneske som burde stå i lag. Her kan avisa henta fram noko frå den lavikske arven om å halda lesarskaren samla. Men dette er mi eiga, frie synsing. Kullerud skriv, som sagt, veldig lite om dei siste åra då Selbekk har vore redaktør.

I vinden
Dagen er ei annleis avis, ikkje minst på grunn av den tydelege profilen og dei markante redaktørane med dei sterke meiningane. Ofte borne fram med stort mot og i sterk motvind. Kullerud har skrive ei god, innsiktsfull og respektfull bok om denne merkelege skapningen i norsk avisflora.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar