torsdag 9. januar 2020

Stormfulle høgder og djupner

Hat, hemn og hykleri. Herskap og tenarar. Ustyrlege krefter og sunt bondevit. Einsame sjeler og sterke band. Villskap, vondskap og søskenbarnekteskap.

Velkomen til Wuthering Heights, eller Stormfulle høgder, som boka heiter på norsk. Emily Brontë, ei 29-år gammal prestedotter frå Yorkshire i England, gav ut boka i 1847. I fjor kom det ei ny norsk omsetjing ved Ragnar Hovland og Øystein Vidnes på vesle, dristige Skald forlag i Leikanger.

To tun
Hovudpersonane i denne boka lever sine liv litt utanfor den oppdikta landsbyen Gimmerton i Yorkshire. Kall det gjerne ein utkant-roman. "Om vinteren finst det ikkje noko dystrare og om sommaren ikkje noko meir guddomeleg enn desse dalane stengde inne av åsar og desse bratte, yppige lyngheiene" (s. 428). Persongalleriet i boka er ikkje så stort. Dei viktigaste høyrer alle til på den gode garden Wuthering Heights og på godset Thrushcross Grange. 

Handlinga er lagt til eit samfunn som på mange måtar er ulikt vårt. Rollene i familie, arbeidsliv og lokalsamfunn var ikkje som hjå oss, og forventningane til det enkelte mennesket var annleis. Noko moderne helsevesen fanst ikkje, og døden kunne ikkje utsetjast slik vi ofte kan i dag. Forfattaren sjølv døydde forresten året etter at boka kom ut. I tillegg til alt dette er boka prega av sterke kjensler og ville krefter - i ein slik grad at eg stundom nesten spør meg om nokre av personane høyrer til i ei anna verd. Likevel fangar forteljinga, og krafta i boka ligg ikkje berre i historia, men endå meir i karakterane vi møter.

Favoritthyklaren
Joseph heiter ein av desse. Han er tenar på Wuthering Heights og er med gjennom heile boka. Makan til tverr grinebitar skal du leita lenge etter. Han er, ifølgje boka, "den mest slitsame, sjølvrettferdige farisearen som nokon gong endevende ein bibel for å rake til seg lovnadene for seg sjølv og kaste forbanningane over nesten sin" (s. 60). Du kan stundom lura på om det er djevelen eller Vår Herre han er mest i slekt med. Joseph er rett og slett favoritthyklaren min.

Ein gong rundt 1990-las eg denne boka på engelsk. Då hadde eg problem med å forstå kva Joseph sa sidan han var referert på frodig Yorkshire-dialekt i ei bok frå midten av 1800-talet. Eg forsto likevel nok til å bli fjetra av det gjennomtrengande hykleriet. No når Vidnes og Hovland har gitt oss Joseph i norsk tapping, skjønar eg alt han seier. Dei har forresten valt å la han snakka indre-sogning i den norske utgåva. Det fungerer. Det er ikkje skåla sin feil om det hamnar eit rote eple i henne. 

Av dei litt viktige karakterane i boka er kanskje Joseph den einaste vi ikkje får noko hjelp til å forstå eller gjera oss ei litt mildna oppfatning av. Både den veikhelsa og tyranniske Linton H, den utagerande og forfylla Hindley og jamvel Heathcliff sjølv får vi litt hjelp til å forstå, om det ikkje nødvendigvis rører oss til å orsaka dei. Jospeh derimot går i svart frå første møte. Ikkje ei strime av lys let Emily Brontë falla på den surkristne slitaren. 

Prestedottera Brontë skriv ein stad i boka at trass i kyrkjebygget, er Gimmerton no utan prest. Derimot er det ei frikyrkje der, "det metodist- eller baptisthuset", og dit går Joseph (s. 413). Brontë går ikkje inn på lange diskusjonar om religion, men det dryppar ikkje mykje velvilje, om nokon i det heile, på den slags kristne miljø i Wuthering Heights. I tillegg til skildringa av Joseph, kan det lesast inn ein god porsjon kritikk av forvrengt religion i eitt av mareritta i starten av boka. Den som les boka, kan sjå sjølv.

Ho som fortel
Joseph er ikkje ein hovudperson i boka. Det er heller ikkje Ellen Dean. Ho er tenestekvinne med fartstid frå både Wuthering Heights og Thrushcross Grange, og det er ho som fortel oss nesten heile historia. Ellen har fått med seg det meste. Brontë let oss altså oppleva dei dramatiske hendingane og dei ekstreme personlegdomane gjennom augo til ein tenar og ei kvinne. Og Ellen står for den sunne fornufta. Ho har sine standardar, men ho forfell ikkje til einsynt fordømming, og ho representerer ei alminneleg gudsfrykt. Modig er ho òg. I alle fall om vi skal tru hennar eiga attforteljing av det som skjer, og det får vi vel.

Dean er viktig som forteljar. Ho er eit flott kvinneportrett. Det er òg dei to Catherinane. Dei sentrale kvinnene i Stormfulle høgder er ofte viljesterke, til tider ustyrlege, stundom kloke, rett som det er egoistiske, ikkje ukjende med hersketeknikkar (frå brukarsida), andre gonger gode, av og til får dei ting som dei vil, andre gonger ikkje. Litt som menn, med andre ord. Sjølv om kjønna har ulike roller, er det likskapen mellom kvinner og menn som slår meg mest i denne boka.

Og vil ein ha eit vakkert eksempel på kvinnekløkt, skal ein lesa korleis den yngre Catherine greier å opna venskapen med Hareton mot slutten av boka.

Hovudpersonane
Hovudpersonane i denne boka er Heathcliff og mor og dotter Catherine. Dei som vil få eit glimt inn i deira ytre og indre liv, bør lesa Stormfulle høgder.I eit kort, men godt etterord refererer omsetjarane til ei oppfatning av at skiljet mellom godt og vondt ikkje finst i denne forteljinga. Eg er litt usikker på kva ein då meiner. Kanskje er det slik at skiljet mellom godt og vondt forsvinn om ein ser på kjærleiksforholdet mellom Heathcliff og Cathy og legg deira eige perspektiv til grunn. Uansett, eg les ikkje boka slik at grensene mellom det vonde og det gode blir viska ut i meir eigentleg forstand, sjølv om vi stundom stoppar opp og lurar på kor desse grensene går meir nøyaktig. Det er mykje vondskap i boka, og som oftast tvilar vi heller ikkje særleg på at det er nettopp vondskap. Det som slår meg, er meir kor sterk denne vondskapen er i enkelte av karakterane, særleg i Heathcliff. Godleiken står og stussar ved dørstokken, mens vondskapen smadrar inventaret. Det bør ikkje hindra nokon å lesa Stormfulle høgder. Og boka er, trass alt, slett ikkje berre dyster. 

Sjølvsagt er det fint å lesa ei bok på originalspråket, og mange nordmenn er i stand til å lesa Wuthering Heights på engelsk. Men den nye, norske utgåva frå Skald forlag er eit framifrå alternativ, og ei stor leseoppleving.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar