fredag 15. juli 2016

Kule ord (28): å ha eit lite uhell


Desse to nådde fram i tide.
Foto: Christian Alexander Tietgen (Wikimedia Commons).
Ord kan setjast saman til faste uttrykk med ei temmeleg spesifikk meining.  Slik er det med uttrykket «å ha eit lite uhell». Verbet «å ha» kan sjølvsagt brukast vidt og i nesten endelaust mange ordkombinasjonar. Det same gjeld «lite», som berre seier at noko ikkje er stort. «Eit uhell» kan vera så mangt.

Men «å ha eit lite uhell» tyder normalt éin ting. I alle fall når det står åleine og det ikkje blir lagt til ei presisering som t.d. "med bilen". Å ha eit lite uhell er rett og slett å tissa på seg. Det kan sjølvsagt henda den beste. Slik eg oppfattar uttrykket, formidlar det eit litt pinleg faktum på ein måte som dempar det som har skjedd (det var jo lite), omtalar det med taktfull diskresjon (det kunne jo vore sagt meir direkte) og gjer det allment (kven opplever ikkje uhell av ulike slag). Som sagt, slik kan henda den beste.

Men sett at vi testar ut sjølve komibasjonen av ord her. Sett at nokon byter ut verbet og seier at dei «opplevde eit lite uhell» eller «var ute for eit lite uhell». Eller dei kan kutta ut adjektivet og fortelja at dei «hadde eit uhell». I alle desse tilfella opplever eg at meininga blir meir uklar. Kanskje prøver dei å fortelja at dei tissa på seg, men kan henda har dei opplevd eit uhell av eit heilt anna slag. For alt eg veit kan dei ha skrapt borti ein stein med bilen. Går vi eit steg vidare og kuttar ut både verbet og adjektivet, er tvilen fjerna for min del. Viss nokon «var ute for eit uhell», har dei ikkje tissa på seg. I alle fall er det ikkje det dei prøver å fortelja denne gongen.

Tankane mine går til våre nye landsmenn som lærer seg norsk. Dei har ikkje fått inn med morsmjølka at desse fire, kvar for seg heilt uskuldige orda, får ei heilt spesiell meining når vi brukar dei saman. Men språk er livslang læring, og undervegs kan vi alle ha små semantiske uhell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar