søndag 24. desember 2023

A-quiz

Dette er ein A-quiz. Det betyr at alle svara skal byrja med bokstaven A. Svara står samla til slutt etter spørsmåla.

(1)  Ingrediensane er egg, sukker, mjølk, skiver med loff eller anna brød - og gjerne litt krydder. Kva for enkel matrett er dette?

(2) Denne øya ligg i Askvoll kommune. Det er ei ganske stor øy, og det står ei kyrkje her. Folketalet i 2023 er 438, ifølgje Wikipedia.

(3) Han er helten i ei kjend eventyrforteljing frå Midtausten. Han har, av forståelege grunnar, fått ein type parafinlampar kalla opp etter seg.

(4) Denne gjenstanden er flat, han er til vinterbruk og han er ofte populær mellom dei som ikkje er så gode til å stå på ski (enno).

(5) Vi skal fram til ein person i Bibelen. Ifølgje Skrifta var bror hans "meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda" (det kan ikkje ha vore berre lett). I Bibelen møter vi òg både ein bror og ei søster til den personen vi skal fram til. Han hadde ei arbeidsdrakt som var dekorert med edelsteinar av rubin, topas, smaragd, turkis, safir, diamant, opal, agat, ametyst, krysolitt, onyks og jade.

(6) Vi skal finna namnet til eit stort og viktig indianarrike frå farne tider. Det låg i Mellom-Amerika, og fleire tips blir ikkje gitt.

(7) Hjå oss er dette ein kjend og kjær juleplante. Det folkelege namnet kan vera litt misvisande, for det knyter planten til feil planteslekt.

(8) Kopplam, bølam, flaskelam. Men vi er ute eitter eit synonym på a.

(9) Line, blåse, søkke, krok. Kva for ord manglar?

(10) Dette landet vart i realiteten utvida i 2023, men utan å leggja til land utanfor sine eigne yttergrenser. Kva for eit land snakkar vi om? Tips: Det har eit naboland som òg byrjar med bokstaven a.

(11) Vi skal fram til eit ord som faktisk kan bety litt av det same som det moderne engelske ordet "woke". Men vi snakkar om eit norrønt ord. Ein gong var det eit norsk forsikringsselskap som heitte dette. Og ein nobelprisvinnar har skrive ei bok med denne tittelen.

(12) Det finst rimeleg mange land som byrjar på A, men berre tre med u som andre bokstav. Kva for tre land?

Svar: (1) arme riddarar, (2) Atløy/Atløyna,  (3) Aladdin, (4) akebrett,  (5) Aron, (6) Aztekriket, (7) Amaryllis (som høyrer til Hippeastrum- og ikkje Amaryllis-slekta), (8) alelam, (9) agn, (10) Aserbajdsjan (som la under seg Nagorno-Karabakh, tidlegare styrt av det armenske fleirtalet i området), (11) andvake, (12) Australia, Aust-Timor, Austerrike (denne var kanskje litt enklare for nynorskbrukarar, ja).



1 kommentar:

  1. Gunnar, Gunn Berit og eg klarte 9 av 12 til saman. Andvake låg djupt i gløymselens hav men vaka lenge nok til å håve den inn. Aust-Timor var for vanskeleg for nynorskfolk òg.

    SvarSlett