fredag 23. desember 2022

Kokelurens julekviss 2022

Born som går lossi (Foto: Dalane
folkemuseum)

Svara står på slutten.

(1) Kor i landet kler ungane seg ut for å gå "lossi" og samla inn godsaker om kvelden 12. desember?  

(2) Kva for ein er eldst av desse julesongane, og då gjeld spørsmålet originalane og ikkje dei norske omsetjingane: Et barn er født i BetlehemDen yndigste rose er funnet og Deilig er jorden?

(3) Jul i Skomamergata var ein høgt skatta adventsserie på NRK. Men kva var det første året denne serien vart sendt på fjernsyn, og kva år var det siste?

(4) Det må vera noko med jula og skomakarar. Den russiske forteljinga om den godhjarta skomakaren i kjellarrommet har gjort sterkt inntrykk på mange. Kven har skrive forteljinga?

(5) Djupaste mørker ligg over jord, heiter ein av julesongane i Salmeboka. Forfattaren var sunnmøring, prost i Den norske kyrkja og seinare katolsk munk. Kva heiter forfattaren?

(6) Lussekattane, dei gule bollane til Luciadagen, skal helst innehalda safran. Kva for land i verda produserer mest safran? Alternativ: Aserbajdsjan, Afghanistan, Iran, Marokko eller Cost Rica. 

(7) Dette spørsmålet er frå litteraturen, eller barnelitteraturen om du vil: I kva for land er det "alltid vinter og aldri jul", kven herskar i dette landet og kva heiter forfattaren som har skrive forteljinga?

(8) Kva for land kjem adventskalenderen (julekalenderen) frå? Svaralternativ: USA, Tyskland, Tyrkia eller Spania.

(9) Fyll inn orda som manglar i desse ordtaka (eitt ord i kvart): "Jula varer heilt til ...", "Det kom som julekvelden på ....." og "Trettande dags .... jagar jula ut"?

(10) "Hvi lot du frem ei lyne en mektig englevakt, som deg i silkedyne så prektig burde lagt?" Kva for julesong er denne strofa henta frå? 

Mannen som skreiv om
landet der det alltid var
vinter, men aldri jul.
(Foto frå Wikimedia 
Commons
).
(11) I kokeboka frå Statens Lærarinneskule i Husstell (Oslo, 1946) står det følgjande i ei oppskrift: "Trill deigen til veslefinger-tjukke stenger, del dei upp i um lag 14 sm lange emne, trill dei slik at dei blir litt spisse i endane. Legg emna  saman til kransar med spissane i kross over kvarandre". Kva for julekaker er det snakk om her? 

(12) I den same kokeboka står det gode serveringsråd for ein rett som er vanleg ved juletider. Kva for ein rett er det snakk om her? Namnet er bytta ut med ein X i det følgjande sitatet frå boka: "Ber fram X rykande varm på fat med fiskebotn. Bruk smelta smør eller kvit saus til fisken. Ribbefeitt smakar og godt til X. (...) Bruk dessutan stua grøne erter eller kokte grønsaker til". 

(13) Elias Blix skriv i julesalmen sin at "no koma Guds englar med helsing i sky". Men kvifor "koma" dei, og kvifor "kjem" dei ikkje? Her trengst det ei språkleg forklaring.  

(14) Nokre av dei mest kjende julesalmane våre vart skrivne av ein dansk 1700-talsbiskop, og gitt ut i boka Troens Rare Klenodie. Kva heitte biskopen? 

(15) Kva for vestnorsk tettstad er oftast nemnt i engelske julesongar? 

(16) Sjølv om det går nedover med importen av juletre, står det mange utanlandske tre i norske stover i høgtida. Nesten alle desse trea blir importert frå eitt land. Kva for eit land? 

Bur på ei øy som fekk namnet sitt på
første juledag (Foto: ChrisBrayPhotography,
frå Wikimedia Commons)
(17) Eit ord er blitt fjerna både frå boka Julemysteriet av Jostein Gaarder og frå forteljinga om Pippi Langstrøm. Grunnen var at ordet vart opplevd som støytande. Kva for eit ord? 

(18) Kva ligg det i uttrykket "å jula seg", ifølgje ordbøkene? 

(19) Denne øya fekk namnet sitt 1. juledag 1643 og høyrer no til Australia. Øya er kjend for landkrabbar og fosfatgruver. Kva heiter øya? 

(20) Betlehem var kjend som byen til ein konge. Kva for ein konge?


SVAR: (1) Dalane og Ryfylke i Rogaland. (2) Et barn er født i Betlehem, som er frå 1300-talet. (3) Sendt første gong i 1979 og siste gong i 2003. (4) Leo Tolstoj. (5) Arnfinn Haram. (6) Iran. (7) C.S. Lewis skriv om landet Narnia, der Heksa Kvit rår. (8) Tyskland. (9) "Jula varer heilt til påske", "Det kom som julekvelden på kjerringa" og "Trettande dags Knut jagar jula ut". (10) Mitt hjerte alltid vanker. (11) Berlinarkransar. (12) Lutefisk. (13) "Koma" er her ei presens fleirtalsform, som framleis finst i nokre norske dialektar. (14) Hans Adolph Brorson. (15) Manger. (16) Danmark. (17) "Negerkonge" (eg har her vald å bruka ekstra lita skrift i staden for å skriva "n-konge", håpar det er godt nok). (18) Å leva lystig, leva i sus og dus. (19) Christmas Island. (20) Kong David, jf. uttrykket "Davids by" i Juleevangeliet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar