Mange meiner måsen passar betre i eit slikt miljø enn på
kjøpesenter, taket av industribygg og blomsterkassar i
rekkjehus (foto: Arve Kjell Uthaug).
|
Sjølv får eg meir og meir sansen for måsen for kvart år som går. Han er både glup og modig, han fiksar forbløffande godt å leva tett på oss menneske og han er interessant å følgja med på. Eg trur fugleeksperte i denne NRK-artikkelen har heilt rett i at måsen ikkje let seg lura til å tru at desse skremmefuglane er ekte.
Sjølvsagt kan måsen ha sine plagsame sider for oss. Skadedyrbekjemparen i denne artikkelen har lite godt å seia om dei barske, kvite fuglane: "De driter på hus og biler, bråker, er frekke, og kan oppleves som ganske aggressive og skremmende".
Ikkje rart at måsen finn seg så godt til rette og kjenner seg heime der det er mange menneske.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar