onsdag 22. februar 2017

Kule ord (35): siri


Her kunne nok ho Siri vera god å ha
(Foto: Einar Stamnes, Wikimedia Commons)
Namnet skjemmer ingen, heiter det. Vent no litt. Ikkje Siri heller? Eg visste det ikkje før for nokre veker sidan, men ei siri er ei dobøtte om bord på båt. Eller som det heiter i ordforklaringa i Norsk Ordbok: "bytte, pøs (med tau i hanken) nytta som do om bord i båt".

Men, som mange veit, det er meir med Siri. Ho deler òg namn med taletenesta til Apple, stemma som svarar på spørsmåla du stiller til mobilen eller nettbrettet ditt - så sant det då er ein iPhone eller ein iPad. "Spør Siri", heiter det, og så får du svar frå Apple-orakelet. Siri er faktisk det internasjonale namnet på denne tenesta, og det skal ha vore ein nordmann som kom med namnet.

Jentenamn, taleteneste og dobøtte. Siri er eit språkleg kinderegg. Og namnet skjemmer ingen.

Og så viser det seg at dette var slett ikkje alt. Nesten ti år etter at denne vesle stubben vart skriven ned, kom eg over endå ei tyding av ordet siri. Kjelda er førsteklasses, det er nemleg far min, som er i nittiåra og vaks opp på Fedje i Nordhordland, som fortel at dei kalla fuglen vipe for siri i hans barndom der ute med havet. Vipo vart kalla for siriæ, med andre ord. Eg har lagt ut denne tydinga av ordet siri på Facebook-gruppa Strilamål, og der er det nokre - få, riktig nok - personar som melder tilbake at dei kjenner til at vipa vart kalla siri i ytre kystområde i det som ein gong vart kalla Hordaland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar