søndag 27. desember 2015

Kule ord (24): blåmann

Jente frå Etiopia (Foto:
Rod Waddington frå Kergunyah, Australia)
I dag lever dette ordet kanskje først og fremst gjennom A.O. Vinjes lengtande vakre vise "Blåmann, blåmann, bukken min". Men ordet blåmann var ein gong brukt om menneske med mørkare hud enn nordmenn flest. Blå kunne tyda både blå og svart. Norsk Allkunnebok (1949) skriv at Nord-Afrika og Etiopia på norrønt mål vart kalla Blåland: "Dei farga folka i desse landa vart kalla blåmenn."

Kann ein blaamann skifta si hud eller ein panter sine flekkjer? Det er profeten Jeremia som stiller dette retoriske spørsmålet (kap. 13, vers 23). Sitatet er frå den første omsetjinga av heile Bibelen til nynorsk, som kom i 1921. Ordet blåmann er brukt òg i den første nynorske bibelomsetjinga som vart gitt ut av Det Norske Bibelselskap, og som kom i 1938. I den neste omsetjinga - både i versjonen frå 1978 og versjonen frå 1985 - har ordet neger kome i staden.

Heilt sikkert ei språkleg modernisering den gongen, men litt ironisk når ein ser kor belasta ordet er blitt i dag. Samstundes er det ei interessant lekse i kor raskt eit ord kan bli svartelista. Då eg var liten gut, tidleg på syttitalet (1970-talet), var neger eit heilt vanleg ord for ein person med mørk hud og utanlandsk opphav. Det var ikkje meint nedlatande, det føltest heilt naturleg å bruka. "Svarting" derimot var ikkje noko fint ord. Hadde vi brukt det heime, ville nok foreldra våre sett oss på plass. Men no trur eg vi må innsjå at ordet neger òg er ute, same kva vi måtte synast om det, og jamvel om ordet berre tyder "svart". Så seint som etter tusenårsskiftet vart ordet diskutert, og mange meinte framleis det var eit nøytralt ord. I dag trur eg tida er gått frå denne oppfatninga. Dag F. Simonsen skreiv forresten ein interessant artikkel i Språknytt i 2008, der ordet neger vart drøfta og samanlikna med utviklinga i språkbruken frå finne, via lapp og til same. Artikkelforfattaren har nok rett i at avvisinga av ordet neger dels kan knytast til språkbruken og samfunnsdebatten i USA og engelsktalande land.

Og i den siste bibelomsetjinga, kva har der kome i staden for blåmann og neger?

Kan ein frå Kusj skifta si hud eller ein leopard sine flekker? Slik heiter det i 2011-omsetjinga frå Bibelselskapet. Og i ein fotnote vert det opplyst at Kusj var eit afrikansk land og folk sør for Egypt, langs Nilen.

Men vi bør ikkje gløyma bokmålsomsetjingane av Bibelen heller. Utviklinga er heilt parallell når vi ser på dei to siste omsetjingane frå Bibelselskapet: Den frå 1978/85 nyttar ordet neger, den aller nyaste omsetjinga refererer til Kusj. Men går ein tilbake til omsetjinga frå 1930-talet, den gongen nynorskbibelen brukte blåmann, heiter det:

Kan en morian omskifte sin hud, eller en leopard sine flekker? Her er det brukt eit ord  som, i alle fall i vår tid, må vera endå meir uvanleg enn blåmann. Ifølgje Norsk ordbok er morian ein "mørkhuda person". Nynorskordboka skriv "eldre nemning for afrikanar", og morian kjem frå ordet maurar.

3 kommentarer:

  1. Veldig interessant innlegg. Ein kan sjå kor rask orda sine tydingar kan endra seg, særleg under visse politiske omstender. Men eg lurar på om ordet "svart" ikkje har vorte brukt i Bibelen av di dette ordet har kanskje lenge vore ladda med negative tydingar i vanleg norsk språkbruk. Kan det stemma?

    SvarSlett
  2. Tja, det er eit godt spørsmål. Eg oppfattar jo "svart" som meir stovereint for tida enn "neger". Men svart kan jo sjølvsagt òg oppfattast som negativt. Kanskje det var derfor bibelomsetjarane landa på "ein frå Kusj"? Men det er berre ein spekulasjon frå mi side. Kan henda vi må høyra med nokon som var med på den siste bibelomsetjinga. Sjølv synest eg språket i 2011-omsetjinga er svært godt (nynorskomsetjinga, bokmålsomsetjinga kjenner eg mindre til). Men eg synest likevel ikkje omsetjarane har fått det så godt til med "ein frå Kusj". Her synest eg dei har tappa mykje av meininga ut av teksten. Kven veit kor Kusj låg? Og kva er det med huda til ein mann frå Kusj? Men det er sikkert ingen som føler seg krenka av denne omsetjinga, det skal dei ha.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje me lyt sjå att i tida, ja, t o m i mellomalderen, for å registrere ordet "svart" og tydingane knytt til det. Dette er etter mitt syn eit svært interessant tema i norsk målsoge. Men etter det du har skrive er eg temmeleg sikker på at ordet "svart" i fyrste omgang ikkje har noko samband med folk frå Afrika. Dette lyt ha kome etterkvart, kan henda i moderne tider.

      Slett