fredag 28. mars 2014

Kule ord (9): bomma ute

Bomma ute? (Illustrasjonsfoto: Peter
Fiskerstrand, frå Wikimedia Commons)
Lokalavisa Strilen var i det kreativet hjørnet i går. "Kjenner seg bomma ute frå kommunesenteret", heiter det i ein undertittel på framsida. Saka handlar om plasseringa av bompengestasjonane som skal finansiera den nye samferdslepakken i Nordhordland. Folk innover langs Osterfjorden i Lindås kommune får etter planen bompengebetaling mellom seg og kommunesenteret, og det likar dei lite. Det å verta "bomma ute" er altå å bli stengt ute eller påført ulemper og kostnader på grunn av bompengar. Denne bruken av verbet å bomma er heilt ny for meg. Eg har prøvd å googla, men greier ikkje finna spor i det store nettet av denne bruken.

Elles går det ikkje fram av artikkelen om journalistane her har plukka fram eit uttrykk dei har høyrt frå før, om dei har funne på det sjølv eller om det er dei fire karane som er intervjua, som har snakka om å "bomma ute". Det skulle vore artig å vita.

Elles har jo verbet å bomma andre og meir kjende tydingar. Det kan vera å ikkje treffa målet eller å tigga til seg noko. No kan det òg vera å bli utestengd eller påført harmelege utgifter av ein bomstasjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar