 |
UNDER OVERFLATA er det spenninga ligg. (foto: Arve Kjell Uthaug) |
Ein gong flaut det glaskuler på sjøen, grønaktige glaskuler i fletta tau. Blåser og kuler av plast kom etter kvart i staden for glaskulene, men oppgåva er den same. Frå kula eller blåsa går det eit tau ned til garnet på botnen. Trollgarnet med blyline eller søkke i nedre kant, korkar i øvre kant, og mellom dette spenner seg garnet ut med tre lag masker. Garnet skal ut om kvelden og opp om morgonen.
Kula eller blåsa er det du speidar etter når du skal ut og draga garnet. Når du har fått henne ombort i båten, er det berre nokre få meter tau mellom deg og sjølve garnet.
FORVENTNINGA. Det kribla av forventning i gutungen som kikka over ripa for å sjå om det kom noko kvitt der nede. Litt rart er det forresten at den gode matfisken ofte ser så kvit ut der nede i sjøen. Vel om bord i båten ser han litt annleis ut.
Om det ikkje kom ein fisk, så kunne det koma noko anna interessant over ripa: eit ilekjer, ein litt stor kokkelur, eit skråmeblad med eit sjølvlysande lite skjel på, eit krosstroll, ei sjøstjerne. Så mykje av det som ferdast på havsens stigar på passeleg grunt vatn, kan henga seg på eit trollgarn.
Når morgontimens dommedag kjem, blir dei alle trekte opp - fisk, ufisk og andre levande vesen. Trollgarnet er noko av det minst diskriminerande som finst, og det dei har felles alle som er gått i garnet, er at dei aldri hadde noko ønske om å hamna der. Er du ufisk, blir du kasta ut att i. Om du er heldig, har fiskaren tid og hjartelag til å løysa deg frå garnet med ein gong og gje deg avskil i nåde over båtripa, slik at du atter kan pusta i frisk og salt sjø. Er du god fisk, er dommen allereie fallen. Matfisken og eg er i same båt, men vi er der på litt ulike premissar.
UFISKEN. Apropos ufisk. Forskjellen mellom fisk og ufisk er at fiskaren og andre tenkjer at den eine er verdifull matfisk, medan den andre ikkje er noko å samla på. Det hadde vore interessant å vita korleis forestillingane om ufisk oppstod. Sikkert er det i alle fall at det mange langs kysten på strilelandet ein gong heldt for å vera ufisk - som breiflabb, skate eller steinbit - et barneborna deira i dag som delikatesser. Kanskje lukta dei lunta fleire av dei gamle òg sjølv om dei ikkje braut med forestillingane som rådde. Far min fortel at han som liten gutunge var med og selde eit slikt kreatur på det lokale fiskemottaket. Han hugsar ikkje akkurat kva fiskeslag det var, men han minnest konklusjonen far hans trekte:
- Det er ufisken du får pengar for.
Saktens kan det ha vore gode grunnar til at skiljet mellom fisk og ufisk ein gong oppstod. Grunnar som ingen av oss kjenner heilt i dag. Men det er jo heller ikkje slik at eit tradisjonelt lokalsamfunn, om det ligg ytst ute med kysten eller andre stader, på fullkome vis har tilpassa seg den lokale geografien, naturkreftene og ressursane. Det kan henda steinbiten og breiflabben dei dumpa over ripa, eller i beste fall fekk seld til byfolk, mest var eit vitnemål om at vi ikkje greier å tilpassa oss ressursar og naturkrefter perfekt. Ting er litt meir kompliserte enn som så.
DEN BLINDE FLEKKEN. Det gjald òg ein annan og minst like alvorlege ting i livet, som det å læra seg å symja. Far min voks opp på ei øy, var i båt og var med på fiske, reiste jamvel til Island og Færøyane på fiske som ungdom - utan å kunna symja. Det lærte han først då han i vaksen alder gjekk på lærarskule i byen.
Han var ikkje den einaste som voks opp i fjøresteinane utan å læra seg symjekunsten.
Ei populær oppfatning er at i desse barske kyststroka hadde ein uansett ingen sjanse til å klara seg om båten forliste i uvêret, og då var i grunn det beste og minst pinefulle å tapa kampen så raskt som råd. Då vart det å kunna symja berre eit hinder. Vel, den forklaringa trur eg ikkje på. For det første var det ikkje berre i ville stormen på ishavet folk gjekk under. Ungar leika på kaiar og i fjøra den gongen som no, og heilt sikkert mykje meir utan tilsyn av vaksne. Både ungar og vaksne folk var i båt på tur og på fiske langs holmar, land og skjer. Då var det ofte kort veg til lands, og vêret var jo ikkje alltid på orkannivå. Kort sagt, å symja kunne vera livbergande den gongen som no. Og for ein fiskar langt til havs som hamna over bord, kunne det vera avgjerande å halda seg flytande nokre få minuttar til han vart berga om det var andre båtar i nærleiken.
Eg trur det er betre å forstå både ufisken og den manglande symjeopplæringa som kulturelle blindflekkar, som sikkert alle samfunn har om dei er aldri så rotfeste og tradisjonelle. Alle unge jenter lærte nok å koka og laga litt mat, og alle unge gutar måtte vel få med seg litt grunnleggjande kunnskap om fiske om dei budde langs kysten og hadde ein båt. Men av ein eller annan grunn vart det altså ikkje sett på som ei vaksenplikt å læra ungane å symja. Alle kulturar og samfunn har sine blinde flekkar, og det handlar slett ikkje om at foreldra ikkje ville borna sine vel.
KRABBEN. Men heile trollgarnet er ikkje oppe av sjøen enno, sjølv om eg har drøymt meg vekk om ufisk og symjekunst. Dei to minst velkomne gjestene er dei du ofte får mest av i garnet. Krabben og berggylta. Krabben er sjølvsag ikkje ufisk. For å kvalifisera som ufisk må du først kunna definerast som fisk. Men det kan vera eit svare strev å få han ut, i alle fall om han har fått garnet over ryggskalet. Du kan saktens gjera slik farfar min gjorde det. Han knuste krabben mot ripa og kvitta seg med han raskt. Ein snill mann var han, farfar, men krabben hadde han ikkje medynk med, eller tid til å dulla med. Det var fisken som var levebrød. Far min gjorde det annleis, han plukka krabben ut frå garnet så godt det let seg gjera. Eg prøver på det same, sjølv om eg ikkje har same handlaget og like god forstand på trollgarnet.
Her står eg altså og dreg garnet over båtripa. Eg kan hutra litt om det er regn og vind, nyta stunda meir om det er sol og stille. Alltid er det spenning og forventning, heilt til det nærmar seg slutten og trollgarnet er lett som ingen ting. Steinen kjem, og alt er over. I alle fall er spenninga over. Mesteparten av arbeidet står framleis att sidan garnet skal greiast; krabbar, bergylter og skråme skal ut og fisken skal sløyast og fileterast.
MÅSEN. Måsen er den første som får eit festmåltid frå trollgarnet. I populærkulturen har han fått eit ufortent dårleg rykte. Odd Børretzen hata som kjent måsar. Visstnok skrik dei "skal ha, skal ha" og minna med det Børrezen om eit visst politisk parti. Der trefte han nok ein nerve, for ein gong var det slik at bestborgarar flest skilde mellom frp-arar og oss andre nesten slik besteforeldra våre skilde mellom ufisk og fisk.
Og dei meir vestlandskystnære Ausekarane gjer narr av måsane og meiner dei "skrik som Maranata".
Ein ting kan eg gje måsehatarane: Du finn knapt styggare blikk ute med kysten enn det jernkalde og lett hatske auga til dei store grå måsane.
Når det er sagt, høyrer eg like fullt til dei som er glad i måsen. Sjølv om han skeit på meg ein gong. Dei er flotte, dei er gløgge, dei tek seg godt av ungane sine. Og det kan sanneleg diskuterast om dei er spesielt egoistiske. Dei knuffar og kjempar om sloet du hiv uti. Men ein måse kjem aldri åleine. Har du fått fisk slik at du òg har noko å hiva til måsen, så kjem det mange til bords. Det ser ut som dei varslar kvarandre. Dei tevlar om maten og deler på same tid. Har ikkje vi menneske ofte det same forholdet til ressursane?
Modige er han òg, måsen. Studer han berre når han prøver å jaga vekk, eller plaga vekk, ørna. Ein einsleg måse kan halda det gåande temmeleg lenge med å stupa nedover mot ei ørn som sit i ro. Ofte er dei sjølvsagt fleire måsar om jobben. Andre fuglar, som kråka, kan òg gje ei hjelpande veng. Målet er å få ørna vekk, og eg vil tru det er ungane sine måsen vil forsvara på denne måten.
GJENKOMSTEN. Havørna er ein fugl eg aldri såg som liten gut om somrane i desse traktene på 1970-talet. No er ho tilbake, og ho er eit daglegdags syn. Hegren er ein annan fugl det ser ut til å ha vorte mykje meir av. Skal du verkeleg ha tak i ein fugl som skrik stygt, gå til hegren. Han blandar seg forresten ikkje i kampen om innmaten frå garnfisken. Det gjer terna. For berre få år sidan lurte vi på om terna var i ferd med å forsvinna frå holmane ute i Austrheim. No er ho der att. Terna er ein stupar, og ho bryr seg med dei små bitane du kastar uti, dei som måsen gjerne vørder mindre på.
Etter at garnet er greidd, bør det gjerast noko med fisken. Aller helst skal han fileterast og delast i porsjonsvise posar som hamnar i fryseboksen. I tidlegare tider tok ein vare på fisken på andre måtar. For farfar min var garnet, linene og snøret mykje meir enn ein hobby med litt matauk som bonus. Han levde i ei tid då unge først og fremst måtte finna seg ein leveveg, ikkje ei utdanning. Sjøen, havet og fisken var ein slik leveveg. Likevel, då far min som pur-ung ville kjøpa seg skikkeleg fiskesnøre med line og lodd, var ikkje farfar min begeistra. Han ønskte ikkje at sonen skulle bruka livet på det same som han - tungt slit, frysing ute på sjøen vinters tid og valne fingrar inni dei gjennomtrekte ullvettene.
Det treng ikkje eg tenkja på. Om eg ikkje får noko matfisk å snakka om ein morgon tidleg i november, ja, så er det jo litt kjedeleg. Men eg lever ikkje av dette. Er eg heldig kan eg mettast av ein mektig soloppgang på veg inn mot land. Så kan eg reisa på butikken etterpå.