onsdag 4. august 2021

Kule ord (77): forspørja

Går det an å spørja for mykje?
(Illustrasjon frå Wikimedia Commons)
Ikkje visste eg at dette var eit ord, men det er det altså, og det dukka opp i ein samtale med naboen over hekken for eit par dagar sidan: "Det er fleire som forsnakkar seg enn som forspør seg". 

Å forspørja seg er å spørja for mykje. Så er spørsmålet om det går an å spørja og fretta for mykje. Born kan av og til spørja og grava så mykje at det er slitsamt for dei vaksne, men det er ein måte å læra på. Vaksne kan av og til unngå å spørja, for ikkje å visa andre at det er noko dei ikkje veit og kan - slik unngår ein å læra. Folkevisdomen ser ut til å ha forstått akkurat det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar