Ingen eingongani utan fotball (foto: Christopher Bruno, Wikimedia Commons). |
Slik er det i alle fall eg hugsar reglane. Kanskje kan leiken og reglane ha variert litt.
Denne balleiken ser ut til å finnast framleis. I eit elevrådsreferat som ligg på nettet, ønskjer elevane å få lov å spille ”En gang ani” på plassen mot Kalvebingen. Det står ikkje årstal på referatet, men så mange år gamalt kan det ikkje vera. Og det kan sjå ut til at det er elevrådet på Flaktveit skole som står bak referatet. I så fall er det berre nokre fotballspark frå der eg vaks opp.
Det siste leddet i eingongani - nemleg ordet ani - er interessant. Å vera ani noko er det same som å vera borti. Ani ser ut til å vera eit bergensord, og ein artikkel i bladet Språknytt frå 1992 meiner å vita at det er sett saman av den tyske preposisjonen "an" og den norske "i". Ordet er ikkje med i korkje Norsk Ordbok, Nynorskordboka eller Bokmålsordboka. Det tyder på at bruken ikkje er særleg utbreidd geografisk.
Skal tru kva dei kallar eingongani andre stader i landet. Denne balleiken må vel finnast andre plassar enn berre i bergensområdet?
Eg kan melde om å ha brukt det som godt mogeleg er eit tresifra tal timar på å spele "Ett-spark-på-ballen". Dette var identisk med "eingongani" som eg brukte mange timar på når eg var på ferie i bergensområdet.
SvarSlett