Klare til plukking (Foto: Banangraut, Wikimedia Commons) |
1. Ha bæra i ein stamp og mos dei (t.d. med ei brusflaske fylt med vatn).
2. Tilset vatn i stampen (8 dl vatn for kvart kilo bær).
3. Tilset sitronsyre, mindre enn 25 gram for kvart kilo bær.
4. Rør vatn og sitronsyre godt saman med blåbæra.
5. Lat blandinga stå til neste dag.
6. Sil safta gjennom eit klede. Stativ med silepose (klede) får ein kjøpt på jernvare-butikkar.
7. Ha sukker i den avsilte safta og rør godt. Toppen 1/2 kilo sukker pr. liter avsilt væske.
8. Frys ned den ferdige safta, gjerne i reingjorte mjølkekartongar eller i plastboksar.
Safta er best servert kald.
PS: Bæra treng ikkje reinskast når ein skal laga råsaft. Men hamnar det ein frosk i bøtta, er det gjerne lurt å hiva han ut.
Den må eg prøva! Må berre få meg ein tur i skogen og plukka råvarene.
SvarSlettKjersti