Slik Th. Kittelsen såg han. Biletet er frå Nasjonalbiblioktet og gjengitt på Wikimedia Commons |
Eller for Oskefisen. For det fanst på folkemunne fleire variantar av namnet til eventyrhelten. Store norske leksikon slår fast at det eldste namnet, som var utbreidd over heile landet, var det fellesnordiske Oskefis.
Namnet skjemmer ingen, heiter det. Det kan nok diskuterast. Wikipedia skriv at namnet «peikar mot at han har til oppgåve å halde elden på grua ved like, noko han gjer ved å blåse til han (eller fise, som tyder mest det same). Han blir beint fram rekna som "ein liten fis" av dei eldre brørne.» I Wikipedia blir det òg gitt ei artig forklaring på at namnet Oskefisen har falle ut av eventyra slik vi kjenner dei:
I
dag er det nemninga "Oskeladd" som er mest nytta, sjølv om Oskefisen
var til stades i alle eventyroppskriftene (det finst og døme på namnet
"oskepott" nytta om guten). Skiftet skuldast reinskrivinga som vart
gjort av Peter Christen Asbjørnsen
i høve den første eventyrsamlinga frå 1843. Ordet fis vart rekna som
usømeleg, og Asbjørnsen nytta "Oskepott" i den første utgåva si.
Ordet "Oskeladden" vart truleg innført seinare, av Moltke
Moe, for ikkje å blande eventyrhelten med heltinna frå det tyske
eventyret Oskepott (Aschenpützel).
Sidan har "Oskeladden" vore mest einerådande.
Og medan vi først kjenner draget frå den
flaue brisen og andre luftstraumar i midtre regionar, passar det å trekkja fram
eit anna ord, som kanskje kan få sin renessanse: verbet å porla. Det har eg kome over i boka Kav stril, ei leseverdig ordsamling frå Sotra og Øygarden, som kom
ut no i år. I følgje boka er porla det same som å «småfjerta». Opphavet til
ordet er ikkje forfattaren av boka heilt sikker på, men nemner at ordsamlarane
på 1880-talet fann verbet «purla» (sprudla, vella fram, bobla) i det same
geografiske området.
Med det er det slutt på fisepreiket for
denne gong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar