Robert Muchamore (foto: Eduarda7, Wikimedia Commons) |
Rekrutten er den
første av tretten bøker om agentane i Cherub, og forfattaren er britiske
Robert Muchamore. Og for å ha det sagt: Heile tanken om ei slik
organisert avdeling av barneagentar, og treningsopplegget dei går gjennom,
verkar usannsynleg. Men i ei
spenningsbok finst det tilgjeving for ei usannsynleg ramme. Nådemidla heiter
humor, kameratskap og spenning. Alt det har denne boka, og det gjer henne til
ei leseverdig barne- og ungdomsbok.
Denne første boka i Cherub-serien handlar om opplæringa og
opptaksprøven James må gjennom for å bli ein del av den topptrente avdelinga av
barneagentar. Etter det får han vera med
på sitt første oppdrag saman med den litt eldre Amy, eit oppdrag som viser seg
å bli både stort og dramatisk. Saman blir dei to utplasserte i eit hippie-aktig
fellesskap av miljøvernarar i Wales, der den ekstreme miljøgruppa «Hjelp
jorda!» har fått fotfeste med sine skumle planar. Likevel er ikkje dette ei
enkel svart-kvitt-forteljing. Hovudpersonen møter ulike slags menneske, som
står på ulike sider i dramaet som blir rulla ut, og det får han til å tenkja
gjennom kven som eigentleg er heltar og skurkar. Samstundes som boka ikkje
malar eit enkelt svart-kvitt bilete, og samtidig som det er ein undertone av
«vaksen» pragmatisme gjennom forteljinga, er det ikkje tvil om at det er
skilnad på rett og gale i Robert Muchamores kriminelle univers.
Så står det att å sjå om serien har slitestyrke nok til at alle
dei tolv neste Cherub-bøkene er verd
å lesa. Men den første boka gjev i det minste skilleg grunn til mistanke om at
så er tilfelle.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar