lørdag 27. november 2021

Predikantkammerset

Ei kvitmåla stove med ei raud, lita løe rett bortom og ein steinmura dokjellar imellom. Huset attmed vegen på Brakstad skil seg ikkje så mykje frå mange andre småbruk på strilelandet ved første augnekast. Men det har eit rom som ikkje alle andre har.

Nora kammerset på Brakstad står som eit lite utstikk på kortsida av huset, og det har ein tvilling i sør. Men det var kammerset i nord som var predikantkammerset, eller «profetrommet», som dei sa sånn halvt på spøk. Berre ei dør skil rommet frå stova i huset, og kammerset er ikkje stort: 250 x 170 cm. Taket er skrått, og rommet har eit lite glas som vender ut mot vegen og jordet. Ein gong stod det ei seng og eit bord her.

Når lekpredikantane, emissærane, kom til bygda og skulle halda møte på bedehuset på Tveiten, var det her på dette kammerset dei budde, hjå Elsa og Andreas og dei tre borna deira på Brakstad. Ein av dei tre, Arnt Svein Brakstad, tek oss med inn i predikantkammerset og gjev oss ein gløtt inn til dei omreisande forkynnarane som kom til denne bygda på Holsnøy på 1950-talet. Brakstad vart fødd i 1945, og i 1961 flytta han heimanfrå for å gå på indremisjonen sin folkehøgskule på Frekhaug.

Arnt Svein Brakstad på
 predikantkammerset heime
på garden på Brakstad
(foto: Arve Kjell Uthaug).

Frekhaug var tradisjonelt ei høgborg for indremisjonen, og Tveiten var heller ikkje noko dårleg område. Rundt om i Nordhordland fanst det i dei fleste bygder små eller større «veneflokkar» som søkte saman i eit religiøst fellesskap som vaks fram nedanfrå i samfunnet. Dei omreisande predikantane knytte desse gruppene saman til eit nettverk. Jamt over kom emissæren frå same lag av folket som dei han, eller sjeldnare ho, tala til, og dei snakka same språket. Her stod bonden, fiskaren, fabrikkarbeidaren og ferjebillettøren på talarstolen. Ein var «fritidspredikant», ein annan kombinerte predikantgjerninga med eit anna yrke, ein tredje kunne vera fulltidstilsett i kristen samanheng. Desse omreisande preikarane var nøkkelpersonane i dei fleste av dei religiøse vekkingane som la til nye personar og utvida veneflokkane.

Det var predikanten som forkynte Guds ord på møta.

Hans Nielsen Hauge blir ofte rekna som den første av dei omreisande predikantane her til lands. I alle fall er han den mest kjende. Hauge vart fødd for 250 år sidan i år, og han hadde si livsforvandlande gudsoppleving ute på marka heime i Østfold. Etter han følgde det mange andre. Nokre av desse budde på predikantkammerset på Brakstad og heldt møte kveld etter kveld i bedehuset på Tveiten. Då hadde allereie Lars i Njøtæ rodd rundt i fleire tiår og halde oppbyggjelege samlingar på strilelandet. Han var ein original, nesten som ein maskot for bedehusfolket. Og nokre år før Lars for første gong duppa åreblada sine sjøen for Herrens store sak, gav Andreas Lavik seg over til Gud på høyloftet heime på Lavik i Eksingedalen. Han vart både storpreikar og stortingsmann, og han var frontfiguren for indremisjonsfolket då dei slutta seg saman i eit vestlandsk forbund.

Andreas Lavik og Lars i Njøtæ var på mange måtar ulike, men dei var to lekpredikantar frå Nordhordland som sette djupe spor. Dei fleste predikantane var likevel meir alminnelege. Ein del av dei sat på kammerset på Brakstad og førebudde preikene sine til bedehusmøtet om kvelden.

 

«Her er berre skikkelege folk, og her er alle like»

Frå boka Kristenliv i Bjørgvin (Jakob Straume, 1952, s. 249)

 

- Her er berre skikkelege folk, og her er alle like. Slik skal ein gammal mann på Atløy lenger nord på Vestlandet ha uttrykt sin urolege skepsis då emissæren kom med båt til bygda for å ha møte. Slik gav han ord til samhaldet i det gamle samfunnet, kanskje òg det religiøse konformitetspresset. Alle var jo døypte, nesten alle høyrde til statskyrkja og nesten alle såg på seg sjølve som kristne. Den kristne lekmannsrørsla utfordra denne konformiteten, og dei omreisande predikantane var sjølve urokråkene.

Dei kom med liv til bygdene, vil nokre seia, og det er ingen tvil om at mange opplevde bodskapen deira frigjerande, og at det utløyste kreativitet. Andre opplevde det stikk motsett, og la gjerne vekt på at dei splitta bygdesamfunn i eit «innanfor» og eit «utanfor». I delar av skjønnlitteraturen vart predikanten karikert inntil det hatefulle. Sjølv ville predikantane vore samde med mannen frå Atløy i ein ting: Vi er eigentleg alle like. Høg og låg, prest og bonde, alle var syndarar og trong omvending. Skikkelege, derimot, var det verre med - så lyst såg dei ikkje på mennesket sin situasjon. Bodskapen deira var enkel og klar: Omvend deg og ta imot Jesus så du ikkje skal gå fortapt.

Dermed vart predikanten òg ei urokråke som ofte førte med seg nye spenningar – mellom bedehusfolk og prest, mellom omvende og uomvende, mellom ungdomshus og bedehus. Urokråker er gjerne fargerike og forskjellige, og slik var det ofte òg med desse Guds ords omreisande forkynnarar.

 

«Ungdomslaget hadde si eiga 17. maifeiring, bedehuset hadde ei anna»

Arnt Brakstad om bygda Tveiten fram til rundt 1980

 

Då Arnt Brakstad vaks opp, var ungdomshuset og bedehuset på mange måtar motpolar i bygda.

- Her var heilt klart ei delt bygd. Ungdomslaget Von på Tveit hadde hus rett nedanfor bedehuset. Det var to heilt forskjellige miljø. Dei hadde si eiga 17. maifeiring, bedehuset hadde ei anna. Det var ingen som gjekk hjå kvarandre.

Brakstad fortel at nokre familiar feira 17. mai med leikar og fellesskap utanfor bedehuset, andre familiar feira nasjonaldagen utanfor ungdomshuset. Om kvelden var det gjerne revy på ungdomshuset og fest på bedehuset. Då Brakstad seinare kom tilbake som rektor på Vestbygd skule frå 1976 til 1986, hugsar han godt at dei for første gong fekk til å ha felles 17. maifeiring for heile krinsen på skulen.

- Det opplevde eg som ganske unikt, og det hadde eg ikkje trudd kom til å skje at dei kunne koma saman med leikar og anna på skuleplassen der, slår han fast.

 

«Nu kommer de ikke som en fredens engel, men som en forstyrrelsens!»

Andreas Lavik fortel korleis presten Hammer møtte han i Indre Holmedal (brev til broren Johan Lavik i 1881)

 

Om det var spenningar i bygda mellom bedehus og ungdomshus, minnest Brakstad at det var eit godt samarbeid mellom kyrkja og indremisjonen. Lenge var også presten ein mann du sjeldan såg i bygdene på Holsnøy. Han budde i Alversund og kom reisande til øya når det skulle haldast gudsteneste. Kanskje gjorde dette at det lekmannsstyrte kristenlivet som vaks fram nedanfrå, vart ekstra sterkt. Brakstad fortel at indremisjonsfolk sat i soknerådet, og presten vart brukt som talar på bedehuset. Mange stader var det nært samarbeid mellom prest og lekfolk, og teologar fekk viktige posisjonar i den organiserte lekmannsrørsla.

Andrea Lavik, "en forstyrrelsens engel" 
frå Eksingedalen (Foto: Stortingsarkivet).


Andre gonger var det rivingar. Generelt var indremisjonen på Vestlandet friare og striare i møtet med statskyrkja og embetssystemet enn det den hovudstadsbaserte indremisjonen var. Dette var noko av bakgrunnen for at vi enda opp med to organisasjonar som delte indremisjonen i Norge mellom seg: Indremisjonsselskapet med sete i hovudstaden, og Det Vestlandske Indremisjonsforbund med sete i Bergen.

Lekpredikantane braut med eit åndeleg leiarmonopol som prestane hadde hatt i lokalsamfunna gjennom fleire hundreår. Enkelte gonger vart det både maktkamp og mistru. Den unge forkynnaren Andras Lavik frå Eksingedalen i Nordhordland opplevde dette då han kom på preikeferd til Indre Holmedal i Sunnfjord i ein fase der indremisjonen var på veg over frå meir uformelle nettverk til organiserte lag eller foreiningar. Det er Lavik sin versjon av konfrontasjonen vi har, slik han fortalde om det i eit brev til broren Johan i 1881:

Den velkomsthilsen, jeg fik af presten Hammer, lød: «Nu kommer de ikke som en fredens engel, men som en forstyrrelsens!» (…) Sagen er nemlig den, at da han ikke kunde faa den gamle indremissjonsforening nedlagt og forpurret, saa oprettede han sammen med nogle andre en ny forening, men adskillige af de fornæmste i den er saadanne, der før har været de bitreste fiender af deslige virksomhed. Nu forlanger de, at man uden videre skal nedlægge den gamle virksomhed og overlade hele sagen i deres hænder.

 

«Efter dette maa Hr. Lavik selvfølgelig være færdig som offentlig Mand»

Dagbladet om predikant og stortingsmann Andreas Lavik

 

Denne Andreas Lavik (1854-1918) frå Nordhordland var ein av dei mest ruvande lekpredikantane på Vestlandet gjennom tidene. Bondesonen frå Lavik i Eksingedalen var nest eldst av fem brør. Dei var litt av ein gjeng: eldstemann Andres vart stortingsmann og bonde, nestemann – vår Andreas – vart stortingsmann og indremisjonsleiar, Johannes grunnla og vart redaktør i avisa Gula Tidend, Johan vart sokneprest, Dore vart teaterleiar og skodespelar.

Går ein vidare og tek med neste generasjon, ser ein at det gjerne dukka opp ein Lavik i dei store nye tiltaka som den vestlandske indremisjonsrørsla tok fatt med i den kreative og offensive fasen på slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet: Andreas var altså den sentrale leiarfiguren då indremisjonen organiserte seg i ein samskipnad for heile Vestlandet, sonen Johannes vart den første redaktøren i avisa Dagen og brorsonen Nils vart første stortingsmann for Kristeleg folkeparti. Lavik-familien var det næraste du kom eit familiedynasti i den vestlandske lekmannsrørsla.

Som for så mange i denne folkerørsla, gav sjølve omvendinga tydeleg retning til resten av livet for Andreas. Som ung mann gjekk han heime på garden og opplevde indre ufred og strid. Han var komen bort frå den inderlege kristentrua foreldra hadde oppseda han i, og han var på kant med bodskapen som vart formidla av forkynnarane som gjesta heimen. Andreas var ein plaga mann, og sonen skriv at han i denne tida gjekk så langt at han «at han pisket sin egen rygg for at bli skikket for Guds rike». Ein haustdag toppa det seg etter at han hadde lese forteljinga om den bortkomne sonen i Lukas 15, og brorsonen Nils Lavik rapporterer, nokså nøkternt: «Jubel vart det ikkje; men han fekk fred».

På 1870- og 1880-talet var Lavik lekpredikant i både i Bergen by og på reiser andre stader. Etter kvart vart han òg trekt inn i politikken, og kom inn på Stortinget for Moderate Venstre i perioden 1889-1891. Dette var ein kristenfløy av det store og breie partiet Venstre, eit parti som hadde gått i oppløysing etter at den politiske parlamentarismen var kjempa fram. Lavik må ha vore ein politisk sett uferdig mann då han kom inn på Stortinget. Dei tre åra på tinget vart han radikalisert, glei bort frå det partiet han var valt inn for, og kom i klabeit med den mektige Lars Oftedal, som var ein leiarfigur både i Moderate Venstre og lekmannsrørsla på Vestlandet. Ei av sakene der Lavik markerte fellesskapet med dei radikale, var gjennom støtta til røysterett for kvinner i stortingsdebatten i 1890. Kanskje var det likevel ikkje den politiske utviklinga som var tyngst å svelgja for dei som hadde valt han. I 1891 vart Lavik alvorleg sjuk. Kona Margrethe kom over til hovudstaden for å pleia han, og to av brørne hjelpte til. Etter å ha søkt råd hjå meir røynde folk sende han inn pleierekning med forklaring. Finansdepartementet dekte berre delar av rekninga. Vi har all grunn til å rekna med at Lavik handla i god tru. Men saka vart ein offentleg skittentøyvask som skandaliserte han, og Dagbladet slo fast at han etter dette sjølvsagt måtte vera ferdig som offentleg mann.

Ferdig med politikken var han. I fleire år var han òg utestengt frå talarstolane i lekmannsrørsla. På slutten av 1890-talet vart det likevel forsoning med indremisjonsvenene, og forbausande raskt vart Lavik den samlande leiaren for indremisjonen på Vestlandet. I 1898 vart han den første sekretæren (generalsekretæren) i Det vestlandske indremisjonsforbund.

 

«Velsigna band som bind Guds folk i saman her»

(Frå ein bedehussong omsett av Trygve Bjerkrheim i 1951)

 

Predikantane som budde på Brakstad tala på møte om kvelden på bedehuset på Tveiten. Stort sett kom dei frå Misjonssambandet og indremisjonen. Vanlegvis kom dei for ei veke, men tida kunne bli utvida til to eller tre veker om det kom mykje folk. Arnt hugsar ikkje at han kvidde seg for å dela hus med nokon av dei som kom. Men det var temmeleg lydt mellom stova og predikantkammerset. Arnt likte forresten å vera tidleg oppe om morgonen og lytta til radio Luxembourg, og han måtte nok passa volumknappen.

Nokre av predikantane dreiv gard om sommaren og reiste som forkynnarar om vinteren. Arnt hugar at Magnus Herfindal frå Vaksdal var ein av dei som tydelegvis var van med gardsarbeid. Han tok eit tak på Brakstad og hjelpte til med veden:

- Han var så sterk, han tok stokkane og lempa dei av garde, fortel Arnt og minnest ein roleg kar med grov stemme. Dette med stemmebruken kunne det no vera litt ymse med når forkynnarane kom på talarstolen.

- Når dei sto på talarstolen, la dei kanskje litt om til sånn taleform. Men Herfindal, sånn som eg hugsar han, snakka liksom heilt vanleg på talarstolen på møte òg, slik han gjorde elles.

- Var det nokon andre av desse predikantane som gjorde spesielt inntrykk på deg?

- Då må eg nesten ta fram ho Laura Fagerli. Ho var den første dama som eg kan hugsa reiste rundt som predikant. Ho var ei veldig myndig og bestemt dame, ein sjølvstendig type, minnest Arnt. Han hugar òg at nokre av predikantane hadde med seg instrument som dei spelte på.

 

«Blomane i bestestova hans far»

Tittel i boka Lars Njøten (Johannes Kvalheim, Bergen 1950, s. 102)

 

Truleg var ikkje Lars Johannessen Njøten (1867-1953), han Lars i Njøtæ, innom hjå Elsa og Andreas på Brakstad. Arnt har i alle fall ingen minne av det. Men Lars fór rundt og heldt møte på Strilelandet i over femti år. Han fiska, dreiv småbruk og reiste med Guds ord. Lars var ein original. Han har til og med fått sin eigen vesle biografi, og det er ikkje ein kvar lekpredikantar forunt. I boka Lars Njøten står han Lars fram som mild, gudfryktig - og rotekte som ein sprakebusk på strilelandet.

Småbrukaren, fiskaren og lekpreikaren Lars frå Njøtæ
fekk sin eigen biografi, som selde godt. (Annonse frå
Dagen 21. desember 1950).


Det lever enno menneske som hugsar at han møtte borna med helsinga om at dei var blomane i bestestova til Vårherre. Lars heldt seg ikkje berre heime i Njøtæ og på Austrheim. Rett nok var han på ein måte ein mann som høyrde gamletida til. Han ville helst gå til fots, bilen var han mindre fortruleg med. Til sjøs fór han gjerne med årar og segl, eller med rutebåten. Med reisinga si på kryss og tvers, ikkje minst i ytre Nordhordland og Masfjorden, var han ein av mange lekpreikarar som batt saman og gav kraft til det som kanskje er den sterkaste og mest varige folkerørsla dette landet har sett. Inga anna folkerørsle nedanfrå i samfunnet har reist så mange hus som den kristne lekmannsrørsla gjorde med sine mange bedehus. Berre i det som inntil nyleg var Meland kommune, står det framleis ni hus som er eller har vore i bruk som bedehus – og då er ikkje pinsevenene sine hus rekna med. Kanskje er det heller ingen andre folkerørsler som har forandra retninga på så mange enkeltliv, men det er langt vanskelegare å måla.

Lars i Njøtæ måtte ut. Av og til drog han ein stad og bad inn til meir enn vanleg møte. Då var det «fest» med mat og triveleg samvær attåt gudsordet. Denne typen fest var den gongen ei eiga samværsform i lekmannsrørsla. Biografen hans fortel om fleire slike festar som Lars i Njøtæ stelte til, og han kvidde seg ikkje for å gjera stas på utkantane, slik som på denne turen inn i Masfjorden:

Ein annan gong for han til Kringlen og hadde fest. Ola Ådnekvam var med. Kringlen er ein liten gard omlag 1 mil opp frå Solheim i Masfjorden. Noko mat vart det att der og. Lars tok maten med seg. Då dei rodde ut fjorden, gjekk dei i land i Stegalvik – ein einbølt gard lenger ute i fjorden. Ola Stegalvik stod og laga til ei hes då dei kom. – Det er truleg den einaste festen som har vore der. (Lars Njøten av Johannes Kvalheim, 1950, s. 87)

Eg veit ikkje om det alltid vart like mykje fest heime når han drog ut med Bibelen i veska og kona var att på garden. Han vart ein gong spurt om korleis han kunne sleppa frå, han som hadde gard: - Eg grin augo att og spring ifrå da. På annan måte skjer da ikkje. Eg grin augo att og spring ifrå da, sa småbrukaren og lekpreikaren.

Lars var ein mann utan nemneverdig utdanning, ein alminneleg stril av småkårsfolket. Merkelappen urokråke passar neppe, men ein fargerik og folkekjær original var han.

 

Då Arnt Brakstad vaks opp, var det stor aktivitet i Tveit bedehus på Holsnøy. Møteveker, eit stort musikklag, basarar, 17. maifeiring og tre ulike slag julefestar. Huset prega bygda. Yngres-laget var for ungdom frå tolv år og oppover.

- Nesten halve skulen gjekk på Yngres og var med i musikklaget, minnest Arnt.

Tveit bedehus står der enno, stort og fint, og blir leigd ut til bryllaup og runde dagar. Men yngresarbeidet, julefestane, musikklaget – ja, sjølv møtevekene er det slutt på. Bedehusa rundt om har ikkje den magnetiske krafta dei ein gong hadde. Mange hus står tomme, og arbeidet som finst, er gjerne sentralisert til færre bedehus. Predikantane kjem ikkje lenger til kammerset på Brakstad og bedehuset på Tveiten.

(Artikkelen over er òg trykt i Melandjul 2021)   

1 kommentar:

  1. Alltid like grundig tekst frå deg.Dette var det kjekt å lesa om. Me også hadde eit rom på lemen til emiseren i mi oppvekst.Lavikane er trass alt før mi tid, men Herfindal er eit kjendt navn. Kanskje den mest spesielle var Sverre Bjørsvik. Eg ser han framleis føre meg på talarstolen i bedehuset på Flatøy. Ho mamma dekka alltid litt ekstra til kvelds når preikaren var på besøk. Med 5 søsken låg me nokså tett på soverommet, men det var aldri snakk om å ta i bruk rommet på lemen. Det var predikanten sitt

    SvarSlett