tirsdag 10. juni 2025

Kraftlause kulturminne

Godt gøymde kvernhus nedanfor
Salhusvegen (foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette er femte artikkelen om Åstataket og området rundt. Den første handla om turstiane, den andre om Klantersteinen, den tredje om ein litterær fisketur, den fjerde om Salhus. 

Over dei to gamle kvernhusa spenner dei moderne kraftlinjene seg parallelt med Ulsetelva nedanfor. Leidningane heng der mellom metallmastene sine som tjukke strekar under konklusjonen om at bygningane i villnisset nedanfor ingen nytte lenger har.

GØYMT. Kvernhusa ligg langs Salhusvegen, der Ulsetelva renn frå Ulsetstemma og nedover mot Midtbygda i Åsane. Frå bilane som susar forbi, kan ein ikkje sjå steinkonstruksjonane nede i den tilgrodde dalbotnen. Men dei ligg der, og murane har halde seg godt trass i at vegfyllinga ovanfor pressar seg tett inntil, og sjølv om bygningane neppe har konsumert ei einaste krone over dei offentlege kulturbudsjetta.

Først ligg det ei steindemning på tvers av elva med eit kvernhus nokre meter nedanfor. Så kjem det ei demning til og eit nytt kvernhus. Følgjer ein elva vidare nedstraums dukkar det etter kvart opp ei ny demning, men denne er ikkje - i alle fall ikkje i dag - følgd av eit nytt kvernhus.

Kvernsteinar fann eg ikkje, men eg hadde heller ikkje med spett og grapse til å leita med. 

BRUA. Den vesle elva renn roleg vidare ned i ein dal som vidar seg ut. Markene her må i si tid ha gitt mykje godt gras til gardsdrifta. Så, litt lenger nede, renn elva under den nyvølte Saurås bru. Sherpaar frå Nepal har vore i sving for å sikra at denne vesle brua i Åsane skal vera både presentabel og berekraftig inn i framtida. 

På sørsida av Sauråsbrua ligg Ulset-garden der Ulset Sykehjem no ruvar, og der senterområdet med sitt vrimmel av butikkar ligg like bak åsen. Den trondheimske postvegen går over brua og vidare opp til Åsane gamle kyrkje på Saurås. Kyrkja vart tent på og brann ned til grunnen natt til julaftan 1992, men vart bygd opp att. Den stadig veksande kyrkjegarden nedanfor vitnar om at det ikkje berre er alt omkring oss som forandrar seg. Ein dag skal heller ikkje vi trakka rundt her lenger.

Saurås bru er sett i stand med hjelp av sherpaar frå Nepal
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Sigmund Bødal i Statens vegvesen opplyser til Kokeluren at allereie før postvegen kom, var det ein eldre veg frå mellomalderen her. Dei større steinane ein ser midt i vegen frå Sauråsbrua og opp mot kyrkja, vart lagt der slik at hestane kunna klatra oppover.

Saurås bru er fin den. Men ein gong var det ei anna bru ikkje langt unna - Håbrua. Om denne brua hadde fått stå, hadde ho vore det flottaste kulturminnet i heile Åsane. Eit imponerande byggverk i stein med fem brukar. Men framsteget tok henne, og i 1959 vart ho sprengt bort.

FRAMTIDA. Det som ligg i grus, det ligg i grus. Saurås bru er heldigvis teken vare på. Kvernhusa lenger oppe langs Ulsetelva er der framleis, dei òg. Men dei treng nok litt omsorg om dei skal vera der for nye generasjonar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar