![]() |
(foto: Arve Kjell Uthaug) |
Svaret er at dei alle har gjennomgått bibelske kjønnsskifte. Men berre bytte av språkleg kjønn, naturlegvis.
I utgangspunktet finst det ein heil del ord som kan ha ulikt kjønn i ulike målføre. Stundom kan det òg variera litt mellom ulike brukarar av same dialekt. Skriftspråket speglar dette i ein heil del tilfelle, og det finst derfor grupper av ord der det er valfritt om ein vel det eine eller det andre kjønnet. Faktisk finst det òg nokre få ord der ein kan velja mellom alle tre - både hokjønn, hankjønn og inkjekjønn. Greip er eit slikt ord. Det kan skrivast ei greip, ein greip eller eit greip.
Desse trekjønna "greip-orda" er likevel ei lita og svært eksklusiv gruppe. Langt større er gruppene av ord der ein kan velja mellom to kjønn.
Men tilbake til dei seks orda som har skifta kjønn i det nynorske bibelspråket. Kanskje det finst fleire, men dette er dei eg har kome over så langt. Grunnlaget for samanlikninga er Bibelselskapet sine tre nynorsk-omsetjingar: 1938, 1978/85 og 2011/2024. I tillegg har eg jamført med den såkalla fyrebilsbibelen, som er den første heile bibelomsetjinga på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921, og altså før Bibelselskapet kom på bana (eller banen). Når det gjeld dei seks orda mine, er det ingen skilnad i kjønn mellom omsetjinga frå 1938 og fyrebilsbibelen som kom nokre år tidlegare.
Men så til dei konkrete kjønnsskifta. Alle desse orda har valfritt kjønn i dagens rettskriving, men Bibelselskapet har altså valt eit anna alternativ i seinare utgåver enn i dei første nynorske bibelomsetjingane.
Ordet syn har gått frå hokjønn til inkjekjønn, ørn frå hankjønn til hokjønn og synagoge frå hokjønn til hankjønn. Dei to første endringane kom i 1978/85-omsetjinga, den siste kom i 2011.
Ordet nyre var inkjekjønn i dei to eldste omsetjingane, men har vore hokjønn frå 1978/85 av. Det hadde dessutan eit litt uvanleg bøyingsmønster, som ikkje lenger er korrekt etter ordboka, men som framleis er gangbar mynt for kroppsdelane auga og hjarta, nemleg o-ending i fleirtal. I 1938-omsetjinga heiter det såleis at Gud er "den som prøver hjarto og nyro, ein rettferdig Gud" (salme 7,10).
Forresten høyrer vi av og til at nynorsk er vanskeleg fordi det er så forvirrande med alle dei valfrie formene. Når det gjeld ordet nyre, ligg faktisk bokmålet eit hestehovud framfor sidan nyre faktisk har tre valfrie kjønn på bokmål, men berre to på nynorsk.
Så var det dei to siste orda, og dei er faktisk ekstra interessante. I dei eldste omsetjingane kom orda nebb og sukk i hankjønnsform. I dei nyaste omsetjingane dukkar inkjekjønnet opp. Men ikkje heilt konsekvent.
Nebb var hankjønn fram til den siste omsetjinga kom i 2011/2024. I denne nyaste omsetjinga kjem det i Første Mosebok ei due tilbake til Noa med eit oljeblad "i nebbet", men i Jesajaboka var det "ingen som rørte ein veng eller opna nebben og peip" (10,14).
Med ordet sukk er det hakket meir komplisert. Ved første aukekast ser det ut til at ordet er endra frå hankjønn til inkjekjønn frå og med 1978/85-omsetjinga (Salme 5,2 og 38,10). Men så dukkar det opp tekstar i same omsetjinga der sukk framleis er hankjønn (Jesaja 21,2, Malaki 2,13, Job 3,24, Klagesongane 1,22, Esekiel 2,10, Romarane 8,26).
Går ein fram til den siste omsetjinga, kan det sjå ut til at inkjekjønn er gjennomført konsekvent. Likevel ikkje heilt, for det er i alle fall to stader der hankjønnssukkane har hengt seg fast: Klagesongane 1,22 og Salme 90,9. Den siste staden heiter det at "åra våre er som ein sukk".
Så kan sjølvsagt denne vekslinga i kjønn innanfor ei og same omsetjing ha fleire årsaker. Det kan vera gjort med ein klar intensjon, det kan vera gitt rom for ein "språkliberal" variasjon eller det kan rett og slett vera korrekturen som ikkje har fanga opp alle inkonsekvensar. Skulle eg tippa, ville eg nok landa ned på den siste forklaringa for kjønnsvariasjonane for nebb og sukk innanfor ei og same omsetjing. Uansett skal ein vera meir enn tilrådeleg detaljfokusert om ein meiner slike interessante små inkonsekvensar gjer kvaliteten på gode bibelomsetjingar ringare.
Artikkelen baserer seg på søkjefunksjonen på Bibelselskapet si side www.bibel.no/nettbibelen/les/; i tillegg er det nytta papirutgåver av ulike bibelomsetjingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar