Når frosten kjem, stinklar overflata på dammane før dei frys til fast og tjukk is. Når det stinklar, får vatnet ei tynn is-hinne, ei skjør skorpe som brest om du berre så vidt er borti med skotuppen.
Ordet finst ikkje i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka, heller ikkje hjå NAOB, men store, stødige Norsk Ordbok har det med. I oppveksten min i Åsane nord for Bergen var det eit heilt kurrant og vanleg ord, trur eg. I alle fall kan eg ikkje hugsa at eg tenkte stinkla var eit rart eller ukjent ord. Men det er nok ikkje vanleg i skrift når berre ei av dei store og utmerka digitale ordbøkene våre har det med.
Ordet kan fint brukast som adjektiv. Som subsantiv fungerer både stinkel og stinkling, synest eg, men her kan det vera eg er på tynn is.
Forfattaren Alfred Hauge frå Sjernarøy i Ryfylke har med ordet i ein av romanane sine, Vegen til det døde paradiset, der han skriv at "lufta vart som i seinhaustnetter når himmelen skjer i grønt og stjernene skjelv og det stinklar på pyttane".Og i ein oppbyggjeleg artikkel i avisa Dagen i november 1957 skriv Sigurd Rydland om når prestisjen "brest som stinkla is i sola".
Så er det berre å ønskja seg småkalde seinvinternetter med sol på stinkla småpyttar om morgonen.
Artikkelen det er referert til av Sigrud Rydlands sto i Dagen 2. november 1957. Sitatet frå boka Vegen til det døde paradiset av Alfred Hauge står på side 155 i utgåva som kom på Universitetsforlaget i 1985.
Godt plassert ordspel der 😉
SvarSlettPå "Gradestøkken for Hemsedal", med dialektuttrykk som meir eller mindre passar for ulike temperaturar, står det mellom 0 og -5 at "Dæ kråva på dæmbo". Så kråva er vel vår parallell til stinkla. Det finst sikkert fleire av desse rundt i landet.
Interessant med ordet "kråva". Eg ser at Norsk ordbok har fått det med (kråva/krava). I følgje same sareptakrukke av ei ordbok har ein òg verbet "stena", som er heimfesta til Hardanger, og tyder at det frys tynn skorpe på isen.
SvarSlett