lørdag 25. januar 2025

2. Kongebok, ei bokmelding

Denne boka endar ved elvane i Babel.
(Måleri av Gebhard Fugel, frå Wikimedia Commons)
Det endar ikkje godt i den andre og siste kongeboka.

Davids gamle rike er kløyvd i to. No går først nordriket Israel under. Assyrarkongen vinn over riket i nord og fører folket bort til Assur. Så går det nokre generasjonar, og sørriket Juda står for tur. Kong Nebukadnesar frå Babel slår Juda, Jerusalem blir  øydelagd og folket ført bort i fangenskap.


Ved elvane i Babel sat vi og gret

når vi tenkte på Sion.

Vi hengde lyrene

opp i piletrea.

Dei som tok oss til fange, bad oss om song,

dei som bortførte oss, bad om glede:

«Syng ein av Sions songar for oss!»


Korleis kan vi syngja Herrens songar

på framand jord?

Gløymer eg deg, Jerusalem,

så lat mi høgre hand bli gløymd!

Lat tunga klistra seg til ganen

om eg ikkje tenkjer på deg,

om eg ikkje set Jerusalem

høgare enn mi største glede!


EKSIL. Slik blir botnpunktet for folket uttrykt i ei av dei andre bøkene i Bibelen, Salmane. Folket har mista det landet Gud gav dei. Atter ein gong er dei i eksil. Denne gongen er det ikkje ei flukt for å finna berging frå hungersnaud, slik det var den gongen Jakob og etterkomarane hans fekk slå seg ned i Egypt. Denne gongen er det eit mektig rike som har trampa inn over markene og åsane, lagt landet under seg og sendt folket bort med makt. 

No er israelsfolket ein undertrykt og fordriven minioritet. Lagt i hendene på eit mektig naborike, som sikkert der og då syntest uovervinneleg. Slik har det vore med så mange folk opp gjennom historia. Og mange av desse folka har forsvunne.

TRE VANSKELEGE TING. Eg vil tru det særleg er tre ting i Kongebøkene og andre av historiebøkene fremst i Bibelen som provoserer og støyter frå seg ein moderne norsk lesar, anten ho er kristen eller meir sekulær. Det første er drap og krig. Her kan ein innvenda at å fortelja om slikt er å gje ei sannferdig framstilling av historia. For slik har det vore - ofte, lenge og mange stader. Men den andre knytteneven frå tekstane er vanskelegare å ta imot: Fleire gonger er det Gud sjølv som gjev folket sitt ordre om å kjempa desse forferdelege krigane med utrydding og fordriving. Kor liten verdi eit menneskeliv kan sjå ut til å ha mange gonger, endå kvart einaste er skapt i Guds bilete, ifølgje den gamle Boka.

Den tredje provokasjonen er forklaringa vi får i 2. Kongebok av kvifor det går som det går med dette folket. Israel blir framstilt som eit heilt spesielt folk, valt ut for å tena Gud og vera hans eigedom. Men dei vel å dyrka framande gudar i tillegg til Herren Gud og bryr seg ikkje om hans vilje. Herren sender dei profetar for å få dei på rett kjøl. Men det ser ikkje ut til å hjelpa særleg lenge. Så når dommen kjem og folket blir ført i utlegd, er det ei straff for fråfallet. Gudsfolket har vorte så tett integrert med grannefolka at israelittane i stor grad tenkjer, trur, lever og ordnar gudsdyrkinga på same måten som dei. Dei går så langt som å adoptera skikken med barneofring. 

Dei følgde det tomme og enda i det tomme, slår 2. Kongebok fast. Og årsaka til at gudsfolket endar opp som sørgjande ved elvane i Babel, ligg altså i folket sjølv. Denne tankegangen gjennomsyrer heile framstillinga. Særleg kapittel 17 utdjupar fråfallet som forklaring. Perspektivet er ikkje at gudsfolket vart eit tilfeldig offer for ambisjonane til regionale stormakter. Heller ikkje at det vart ramma av meiningslause ting heilt utanfor eigen kontroll. Kongane og folket gjekk sin eigen vonde veg, og Gud dømde dei for det.

Her trengst det ein parantes, ein viktig parantes. Kva om ein overfører denne  tankegangen til å gjelda alt vi og andre menneske møter av vanskelege ting, sjukdom og nederlag i livet? Då legg vi ikkje berre stein til børa, men vi seier ting vi ikkje har grunnlag for i Bibelen. Jau, det kan vera situasjonar der vi sår det vi haustar. Ein treng neppe tru på Bibelen for å sjå det. Men det finst òg mange, mange forteljingar i Bibelen der det slett ikkje er "straff som fortent". Tenk på Job  eller på den blinde mannen i Johannesevangeliet 9, eller dei atten som fekk Siloa-tårnet over seg, eller David som vart jaga rundt på flukt av kong Saul. Aldri ser vi at Jesus formanar dei fattige rundt seg om at Gud hadde velsigna dei med velstand om dei berre trudde rett. Eller tenk på Maria, ho som alle ætter skal prisa sæl; ho måtte sjå sin eigen son døy på ein kross etter tortur og ei urettferdig rettssak. Lista kan gjerast mykje lengre.

BY THE RIVERS OF BABYLON. Forteljinga om israelsfolket i kongebøkene er likevel konsistent når det gjeld årsakene til at det gjekk gale med folket.

Så no sit dei der, ved elvane i Babel, og lengtar heim.

Og vi sit med ei historiebok som utfordrar måten vi tenkjer på, både tankane våre om Gud og om historia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar