Maria med Jesus på armen. Det har gått nokre månader sidan Maria song om høge og storlåtne, fattige og låge. Glasmåleri frå All Saints` Church, Pavement i York (foto: Arve Kjell Uthaug) |
Men tilbake til ordet storlåten. Det er den rake motsetninga til det meir kjende og brukte ordet "smålåten". Den smålåtne gjer seg som kjent ikkje for høge tankar om seg sjølv, brautar seg ikkje fram og er - for å låna eit anna bibelsk uttrykk - mellom dei stille i landet.
Då veit vi òg det vi treng å vita om kva storlåten er.
I den nyaste bibelomsetjinga heiter det at Gud "spreidde dei som bar hovmodstankar" i hjarta. Reine ord for pengane framleis, sjølv om både storlåten og det flotte utrykket "ver og vind" er bytta ut. Språket i bibelomsetjingane vil alltid endra seg litt over tid, elles var omsetjingane bortkasta arbeid.
Ei anna lita endring i omsetjinga av Marias lovsong er òg interessant å merka seg: I fyrebilsbibelen og Bibelselskapet si nynorskomsetjing frå 1938 heiter det at Gud mettar dei svoltne med gode gåver, men sender "rikingar" tomhendte bort. I dagens omsetjing sender han bort "dei rike". Kanskje er det fordi ordet "riking" har fått ein tydeleg negativ klang i vår tid? Ordet vart kan henda oppfatta som ein meir nøytral karakteristikk då fyrebilsbibelen kom ut i 1921? Vi har mange fleire adjektiv som er spegla i slike par med substantiv, der eitt av dei er med og eitt er utan -ing: rik/riking, arm/arming, gammal/gamling, svart/svarting, stor/storing, og så bortetter. Her er det i alle fall eit par av dei andre substantivpara som har det til felles med rik/riking at varianten med -ing er meir negativt ladd. Det er ikkje heilt det same å snakka om ein gammal som om ein gamling, for ikkje å snakka om ein svart og ein svarting.
Men tilbake til Marias lovsong. Hennar milde og tydelege refs når oss anten problemet vårt er for mykje makt, for brei kjeft eller for feit lommebok. Det går som ein raud tråd gjennom heile Mariakvadet i Lukas 1 at Gud løftar dei små og låge opp. Det er som vi høyrer son hennar, sjølv om han er endå barskare i uttrykksforma til tider. Vi les jo ikkje om at Maria gjorde slik som å velta borda til pengevekslarane i tempelet.
I vers 52 er det som fyrebilsbibelen med si omsetjing fører oss like inn i ei norsk vikinghall, og vi hamnar på tidslinja ein stad mellom Jesu fødsel og vår eiga tid:
Han støyter hovdingar fraa høgsæte
Og lyfter laage upp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar