lørdag 21. juni 2025

Eit halvt liv, og vel så det

Forfattaren Per Sivle
(foto: Mittet & Co. AS,
frå Wikimedia Commons).

Dei mjuke ord frå mor sin song ved vogga, og vesle lerka med sin gladaste song. Per Sivle skreiv om dette, men i hans eige liv drukna dei varme og glade tonane til slutt i ein mørkare melodi. 

Per Sivle døydde i 1904, då var han 47 år gammal. Han hadde skrive forteljingar, humoristiske "stubbar" og arbeidarromanen Streik. Som redaktør av Kristianiaposten og Buskeruds Amtstidende skreiv han artiklar og innlegg om dagsaktuelle spørsmål. Ikkje minst forfatta han dikt. "Den fyrste song eg høyra fekk" er ein kjær del av den felles norske songarven. Mange har òg sunge med i den glade visa om "vesle lerka".

PÅ LIVSENS HAV. Sivle har ingen tekstar i den salmeboka som i dag er brukt i Den norske kyrkja, men i Nynorsk salmebok fekk han i si tid skotuppen innom med ein salme som står under Bot- og bededag:


Eg stemner fram på livsens hav,

det er som på ei opi grav,

med stormens velde frodar;

mitt segl er rive, styret fast,

og riggen fallen, knekt mi mast,

og land eg ikkje skodar.


Og slik held det fram. Det er veike vona mot dei knusande kreftene. Salmen er eit ope spørsmål om kven som vil vinna til sist. Men vona er der. 

DEN EINE SOM LEVDE. Vesle Per fekk ein vanskeleg start i livet. Mor hans var tenestejenta Susanna, faren var hestehandlaren Eirik. Sivle vart til før dei to var gifte. I Eit halvt liv - ein biografi om Per Sivle (Oslo, 2007) fortel forfattaren om korleis broren henta Susanna frå Stalheim til Flåm då ho skulle føda. Foreldra hennar ville ikkje ta imot henne, men ei tante og ein onkel ville. Det var på vinterstid, og ferda gjekk over isen på fjordarmane i Sogn. På denne turen prøvde den fortvila Susanna å gjera det slutt med å kasta seg i ei open råk i isen. Broren berga henne, og med henne vesle Per som ho bar i magen. 

Skjønt, fleire måtte hjelpa til. Det vart tvillingfødsel, og det såg ut til at ingen av dei to gutane ville greia seg, men jordmora klarte å kjempa liv i den eine. Det var vesle Per. Forteljinga om mor hans, Susanna, er sterk og gripande. Etter fødselen vart ho gift med Eirik. Innanfor ein periode på berre to og eit halvt år hadde Susanna tre tvillingfødslar. Alle seks borna var gutar. Per var den einaste av dei som levde opp. 

Då Susanna døydde, var Per berre to og eit halvt år. Heile livet insisterte han på at han likevel var i stand til å hugsa mor si. Som vaksen skreiv han om det han mintest frå dødsdagen, og at han hadde sett det blåaktige nålyset, som varsla død. 

Livet hans vart sjølvsagt dramatisk endra etter at mora døydde. Faren var hestehandlar og dermed på reisefot. Sivle budde resten av oppveksten sin i tre ulike fosterheimar. Mange år seinare, ikkje lenge før Sivle sjølv gjekk bort, skreiv han diktet "Gøym meg, Mor!":


Og Menniskja vankar so vida ikring,

og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring.

Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøyt,

og alting er freista, og alting er nøytt,

so ligg ho og maular og veit inkje meir

enn berre ei Længting som Fugl til sit Reir:

"Mor, Mor, gøym meg, Jord!"


BOKA OM SIVLE. No bør det skytast inn at dette ikkje berre er ein artikkel om Per Sivle, det er ei bokmelding av Eit halvt liv - ein biografi om Per Sivle av Alfred Fidjestøl. Kanskje det er litt seint å melda ei bok som kom ut i 2007. Men eg synest det gjev meir meining å melda ei interessant gammal eller halvgammal bok enn ei uinteressant ny.

Fidjestøl har skrive ein glimrande biografi om Sivle. Vi får innblikk i eit vanskeleg liv, og vi møter ei tid som var svært ulik vår tid, men der samstunds mykje av det vi tek for gitt, vart forma. Boka kjem nær nok til å vekkja medkjensla med Sivle. Ho trekkjer seg samstundes respektfullt unna, slik at vi får eit eit større overblikk. Vi ser ikkje berre Sivle, vi ser òg dei ikring han og litt av deira perspektiv. 

Det er tydeleg at det finst eit stort og variert kjeldemateriale, og filosofen og journalisten Fidjestøl handterer materialet som ein god historikar. 

PÅ SKULEVEG.  Ein kan undra seg over kva Sivle ville vore utan skulane og utdanninga. No vart det aldri noka høgare universitetsutdanning på han. Han måtte avbryta den. Evnene var der, men helsa ville ikkje. Det er uansett slåande kor viktig utdanninga var i livet til den evnerike bygdeguten. 

Faren kjøpte bøker til Per, mellom anna om norsk historie. I den fosterheimen der han budde lengst, hjå haugianarparet Brytteva og Bottolv Brekke, vart han òg kjend med sonen i huset, Olav. Dei første skuleåra gjekk Per på omgangsskule, der elevane møtte til undervisning i stovene på ulike gardar. No var det temmeleg ymse med skulestellet i denne tida, og Fidjestøl refererer til frustrasjonane frå ein av omgangsskulelærarane i Vossetraktene. Han skulte på ein gard der det nyss var kome både ein baby og ein grisunge: 

"Husmori gjekk som vanleg ut og inn, og rett som det var, skreik baade barnet og grisungen av alle livsens krefter, medan ho som skulde sjaa til deim var ute. Eg laut difor ofte baade vogga og stella med grisen samstundes som eg skulde undervisa borni".

Kva klagar dei etter, lærarane i vår tid.

I omgangsskulen hadde Per forsterbroren Olav Brekke som lærar, og han ser ut til å ha vore ein god hjelpar for den gløgge ungguten. I 1972 hamna Per på folkehøgskulen i Sogndal. Skulen vart styrt av Jakob Sverdrup, som seinare skulle bli kyrkjeminister i regjeringa til onkelen Johan Sverdrup, og etter kvart eit ynda hatobjekt for den radikale delen av den store venstre-alliansen. 

Per drog til hovudstaden Kristiania for å studera, som så mange andre glupe bondegutar, men helsa sette etter kvart ein stoppar for planane. 

Gjennom utdanningsåra i Sogndal og Kristiania vart han kjent med mange som  spela viktige roller i samtida og ettertida. Den seinare biskopen Bernt Støylen var ein av dei. Støylen introduserte dessutan Sivle for Anders Hovden, presten og salmediktaren som vart ein trufast ven og våpendragar for Sivle gjennom livet. Den seinare indremisjonshovdingen Andreas Lavik, og bror hans Johannes, vart han kjend med i Sogndal. Lavik gav ut den tidlege diktsamlinga Digte, pietistiske dikt som Sivle seinare tok avstand frå. Vossingen Johan Seckmann Fleischer var ein annan av Kristiania-venene. Fleischer var modell for hovudpersonen i Hans Jægers Fra Kristiania-bohêmen og levde eit dandy-liv fram til han skaut seg. I hovudstaden møtte Sivle Ivar Aasen og eventyrsamlarane Peter Chr. Asbjørnsen. Mange fleire kontaktar og vener kan nemnast. Norge var eit lite land, endå meir då enn no. 

Tida i Danmark på Askov Højskole var òg viktig. Askov var ei høgborg for den danske grundtvigianismen, og der møte Sivle henne som skulle bli kona hans, skispreiardottera Wenche Nilsen frå Bergen. Utdanninga dreiv Sivle til nye stader. Det gav den halvt foreldrelause bondeguten med eit vanskeleg forhold til faren nye vener, nye tankar og nye nettverk.

EIT POLARISERT NORGE. Dei som synest den offentlege samtalen i vår tid er for polarisert, burde teke ein snartur tilbake til Norge på slutten av 1800-talet. Midt på 1880-talet hadde den breie venstrealliansen vunne gjennom med prinsippet om parlamentarisme. Makta skulle liggja i Stortinget, og regjeringa skulle basera seg på tillit i Stortinget. Men deretter sprakk den breie politiske alliansen. Det moderate venstre hadde sin bastion på Vest- og Sørlandet, og vart støtta oppe av den kristne lekmannsrørsla. Etter kvart var det denne gruppa i Stortinget helten frå kampen om parlamentarismen, Johan Sverdrup, baserte seg på. Brorsonen Jakob var med som kyrkjeminister. Det reine venstre vart etter kvart den dominerande etterkomaren etter den breie alliansen. Til tider var det ein kulturkrig mellom moderate og reine, sjølv om grenselinene ikkje alltid var like klare. Det tredje partiet, Høgre, var eit meir stabilt element. Nye politiske saker kom etter kvart i framgrunnen, slik som spørsmålet om utviding av røysteretten, arbeidarane sine kår og unionen med Sverige. 

Frontane var kvasse. Dette var tida for dei store folkemøta, folkerørslene braut seg fram, dei store kulturpersonlegdomane (som Bjørnstjerne Bjørnson) stod på pidestall - og ikkje minst voks det fram ein stor flora av aviser med eit glødande politisk engasjement. Pride-marsjar var dei forskåna for i dei dagane, men hovudstaden opplevde konkurrerande 17.-maitog med klar politisk bodskap. Per Sivle vart kalla til redaktør for Kristianiaposten, ei regjeringstrugen og moderat avis som støtta sverdrupane. Dermed vart diktaren frå Vossestrand ei skyteskive for Reine Venstre sine mange agitatorar.

TO UTGÅVER AV SAME MANNEN? Sivle kunne skriva og setja på trykk radikale dikt i Kristianiaposten. Men som redaktør forsvara han samstundes ei moderat og varsam linje i politikken. Det resulterte i avispolemikk og æreskjelling. Ein av kritikarane snakka om "Hr. Sivles to Bevidstheder" og meinte dikta uttrykte Sivle sine inste tankar, medan han som avisredaktør agiterte for det han var betalt for. Så kanskje var redaktørjobben, med det tiløyrande forsvaret av sverdruplinja, noko han gjorde for å skaffa eit levebrød til seg og ektefellen Wenche? 

Sjølv protesterte Sivle mot påstandane om at han ikkje meinte det han målbar som redaktør. 

Fleire av dei som prega han i dei tidlege åra, vart moderate venstremenn. Sett i lys av det Sivle skreiv i åra etter redaktørtida, meiner Fidjestøl at han gjekk gjennom ei reell politisk radikalisering etter kvart. Sivle var i så fall ikkje den einaste. Det låg i tida. Eit anna døme er den pietistiske ungdomsvenen Andreas Lavik, som vart politisk radikalisert rundt 1890, medan Sivle framleis slåss for den moderate linja på redaktørplass i Kristianiaposten. 

Fidjestøl ser likevel ikkje seinare radikalisering som heile forklaringa. Han konkluderer med at det må ha vore "eit reelt avvik mellom det Per Sivle skreiv i Kristianiaposten, og den politiske lina han eigentleg stod for" (s. 322). Sivle-biografen ser likevel ikkje dette som hykleri, men forklarar det med den sterke vekta personleg lojalitet hadde for Sivle. Han "sette lojaliteten til Johan Sverdrup høgare enn lojaliteten til Sverdrups politiske prosjekt". 

På den måten bergar Fidjestøl Sivle sitt ettermæle som redaktør, på sett og vis. Sivle hadde inst inne meir av dei radikale haldningane, dei haldningane som den norske historieforteljinga i ettertid har kanonisert. Og personleg truskap og lojalitet er jo ikkje dei dårlegaste eigenskapane eit menneske kan ha. Her kan ein sjølvsagt lura på om biografen endar på ei for Sivle-venleg tolking, men eg synest drøftinga i boka argumenterer godt for konklusjonen. 

No er det heller ikkje som redaktør Sivle har levd vidare i ettertida, og det var heller ikkje politisk polemikar han først og fremst var. Det var poet og forfattar han ville vera. Sjølvsagt var det ikkje tette veggar mellom politikk og poesi heller. Dei nasjonale dikta han skreiv var del av ei mektig og brei bølgje som gjekk over landet desse åra - kall det fedrelandskjærleik, eller kall det nasjonalisme. Her passa Sivle inn, og han vart ein nasjonal skald. 

SISTE MOTBAKKEN. Men han skreiv òg om andre ting. Dikta kunne vera sterke og personlege. Den gode tida på Askov i Danmark hadde han skrive at "Livet, det er daa det likaste, lel". Hausten 1890 skreiv han eit isnande sjølvmords-dikt: "Dødsdom er falden og ei appelleret, Dommen just nu exekveret".

Sivle hadde eit vanskeleg liv, det skjønar vi godt av biografien. Det gjekk nedover med han etter kvart. Sjukdom, alkohol og pengesorger gjorde livet tungt. Diktaråra var i fer med å tørka ut. Han sleit med å syta for sin eigen vesle familie økonomisk og levde i lange periodar borte frå kona og dottera. 

I september 1904 tok han sitt eige liv i hovudstaden Kristiania. Han etterlet seg den trufaste og engasjerte kona Wenche og dottera Sussi. 

Tittelen på boka vekkjer ettertanke: Eit halvt liv. For eit liv er no det det er, og det er levd så mangslags liv. Eg skjønar tanken bak tittelen, det gjer forfattaren greie for, og det er ei treffande formulering. Likevel smakar det ikkje heilt godt å gjera menneskeliv om til brøk.

Biografien om Per Sivle er det i alle fall ikkje noko halvt over, det er eit heilstøypt arbeid.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar