onsdag 16. juli 2025

Krønikebøkene, ei bokmelding

Josjabat og mannen hennar gøymer
kongssonen Joasj unna bestemora  Atalja
(Illustrasjon: 
François-Édouard PICOT, frå
Wikimedia Commons)

Eplet fell ikkje langt frå stammen. Om det finst eit ordtak som passar dårleg på Krønikebøkene, så er det dette.

Første og Andre Krønikebok handlar om israelsfolket i den historiske perioden frå dei første kongane Saul og David og fram til dei to rika Israel og Juda går under. Bøkene fortel om krigar, framgang og velsigning, fråfall og undergang, regionale stormakter og eksil. Mykje av det bøkene omtalar, finn vi òg i Samuelsbøkene og Kongebøkene i Bibelen. Forteljinga er strukturert kring rekkjefølgja av kongar. Men profeten er sjeldan langt unna. Han er Guds utstrekte arm til folket og ofte ein stein i kongens sko. 

ORDTAKSKRITIKK. Dette er ein liten omveg til poenget, men det får så vera. I Bibelen blir det i to av profetbøkene teke eit oppgjer med eitt og same ordtaket: "Fedrane åt sure druer, og borna fekk dårlege tenner". Både Esekiel og Jeremia går på vegner av Gud i rette med dette ordtaket. Kvart menneske står ansvarleg framfor Gud for sitt eige liv, ikkje for det far hans eller son hans har gjort.

Naturleg nok har ikkje vi her oppe i nord eit tradisjonelt ordtak om sure druer. Derimot finst det eitt om eplet som ikkje fell langt frå stammen. Tanken er at vi ikkje blir så ulike foreldra våre. Vi ser ut litt som dei, og vi oppførerer oss litt som dei. Forteljinga om kongane i Israel og Juda er ei påminning om at slik er det ikkje alltid - ikkje når det gjeld kva ein trur og kva standard ein har for rett og gale. Her skiftar det frå ein generasjon til neste. Ein konge som gjorde godt, blir gjerne følgd av ein som gjorde "det som vondt var i Herrens augo" og omvendt. Denne pendelsvinginga formar forteljinga om kongane i Krønikebøkene. Av og til snur ein og same mannen om og vel ein annan veg på slutten av kongstida si.

Her kjem ein kort, og sjølvsagt svært selektiv presentasjon av kongane i Juda-riket frå kong Asa rundt år 900 f.Kr. og fram til riket går under tre hundre år seinare.

ASA mellom Gud og militæralliansar. Han gjorde det som godt og rett var i Herrens augo og fjerna framand gudsdyrking frå landet. Under Asa hadde riket fred i fleire år, men etter ei tid kom det ein stor fiendehær mot landet. Asa bad til Gud og minna han om at "berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak". Då kongen i søsterriket Israel seinare bygde opp festningsverk mot Juda-riket, søkte Asa hjelp frå aramearkongen i Damaskus. Profeten Hanani refsa han fordi han hadde søkt hjelp frå aramearkongen og ikkje frå Gud. Kongen vart sint og kasta profeten i arresten. Kongen får ei meir negativ vurdering på slutten av livet sitt. 

JOSJAFAT folkeoppdragaren. Josjafat følgde far sin Asa som konge. Nyekongen sette i gang eit stort undervisningsprogram der han sende stormenn, levittar og prestar rundt for å undervisa folket i alle Juda-byane med Herrens lovbok i hand. Josafat knytte slektsband med den dårlege Israels-kongen Ahab og vart trekt inn i eit slag mot aramearkongen. Ahab fall, Josjafat slapp unna. Josjafat fekk folket sitt til å venda tilbake til Gud. Han bygde ut rettsapparatet i landet og formana dommarane: "Pass på kva de gjer, for hos Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og lèt seg ikkje kjøpa". 

JORAM den bållause. Då han hadde sikra seg makta, drap Joram alle brørne sine med sverd, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Der Josjafat hadde vendt folket til Gud, førte Joram dei bort frå Guds veg. Filistarane og arabarane vende seg mot Joram og slo han, og til slutt døydde han av ein forferdeleg tarmsjukdom. "Så gjekk han bort, og ingen sakna han", slår kronikøren fast. Han vart ikkje gravlagt i kongegravene. Krønikebøkene skriv òg at folket ikkje kveikte noko bål til ære for han, slik dei hadde gjort for fedrane hans. Då kong Asa døydde, hadde folket tent "eit veldig bål til ære for han". Det er interessant dette med bålbrenning som markering av at kongen er død. Snart er det olsok, og mange stader i landet vårt har det vore vanleg å brenna bål for å minnast helgenkongen Olav Haraldsson. 

AHASJA som lytta til dårlege råd. Son til Joram styrte berre eitt år. Dårlege rådgjevarar vart banen for Ahasja. Fremst mellom dei dårlege rådgjevarane var mor hans, Atalja, som rådde han til å gjera urett. Bibelen er ei realistisk boksamling, og vondskapen kjem både i bukse og skjørt. Då Ahasja var død, tok mor hans til å rydda ut heile kongsætta i Juda. 

ATALJA styrte deretter landet i ein seksårsperiode. Ho sikra seg eit dårleg ettermæle, slik det går fram av omtalane av Ahasja og Joasj.

JOASJ den utakknemlege. Eitt av barneborna til Atalja slapp likevel unna då kongssønene skulle drepast. Josjabat, søster til kong Ahasja, berga unna vesle Joasj, og ho og mannen hennar, presten Jojada, gøymde guten i Guds hus. Etter seks år tok presten mot til seg, opprørsfana vart reist, Atalja drepen og Joasj gjort til konge. Nyekongen var då berre sju år gammal, og han kom til å styra Juda-riket i førti år.

Det kunne gått bra med Joasj, kan det sjå ut til, han "gjorde det som rett var i Herrens auge, så lenge presten Jojada levde". Men då den mektige presten døydde, fekk Joasj nye rådgjevarar og dei tok til å dyrka framande gudar. Som så ofte, sende Herren dei profetar for å åtvara og føra dei fråfalne tilbake til seg. Ein av desse var Sakarja, son til presten Jojada, som stod fram og profeterte: "De har forlate Herren, difor forlèt han dykk". Då fekk kongen steina den brysame kritikaren. Gløymt var alt det gode far og mor til Sakarja hadde gjort mot Joasj. "Må Herren sjå og gjengjelda dette!", ropte Sakarja like før han døydde under steinane. Aramearane kom så og herja landet, og hans eigne tenarar tok livet av Kong Joasj. 

Det er er lett å sympatisera med Sakarja og ropet hans om at Gud måtte yta han rettferd. På same tid glir tankane vidare til Det nye testamentet, og til steininga av Stefanus. Dei siste orda til denne første kristne martyren var: "Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!". Det var som eit ekko av orda frå ein annan mann, ikkje lenge før: "Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer". Slik var Jesu ord frå krossen.

AMASJA den fråfalne. Amasja, som av Joasj, byrja bra slik som faren, men enda med å dyrka framandse gudar og avvisa åtvaringa frå profeten som vart sendt til han.

USSIA med hjarta for jorda. Ussia har ei utvikling som minner om faren og farfaren. Først følgde han Guds veg. Han kriga mot grannefolka, slik kongane stort sett gjorde, og hadde lukke med seg. Han bygde tårn, utvikla nye og sinnrike krigsmaskiner, hogg ut brønnar i ørkenen og dreiv det stort med både buskap og dyrking av jorda. Han hadde hjarta for jorda, som det så fint står. "Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmot", slår krønikebøkene fast. Ussia vart ramma av ein hudsjukdom og måtte bu for seg sjølv.

JOTAM den gjennomsnittleg fromme. Jotam var ein konge som gjorde det som rett var i Herrens augo, sjølv om folket heldt fram med å "gjera det som vondt var". Jotam bygde, og han kriga litt. Stø kurs, med andre ord. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine. 

AHAS avgudsdyrkaren. Ahas valde ein heilt annan veg enn faren. Han laga avgudsbilete og dreiv med barneofring. Han tapte i krig mot både aramearane, edomittane, filistarane og broderfolket Israel. Profeten Oded er den mest interessante personen i forteljinga om kong Ahas. Etter at Judariket hadde tapt i krig mot Israelsriket tok israelittane ein stor flokk familiar som fangar tilbake til Israel. Då sette profeten foten ned på vegner av Gud, og israelittane lydde han og slapp fangane fri: "Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen". 

HISKIA reformatoren. Hiskia opna dørene til Herrens hus, reinsa det og fekk sett det i stand. Tempelet vart fylt av ofringar, lovsong og musikkinstrument. Fråfallet under faren Ahas var reversert. Kongen og stormennene sende ut ilbod i Juda og Israel og bad folket venda om til Gud og feira påske. Folk lo og håna utsendingar. Andre lytta og kom til den store påskefeiringa i Jerusalem. Krønikebøkene skildrar ei stor vekkingsbølgje over landet, initiert frå kongen på toppen av samfunnet. Kong Hiskias tid var prega av reformar, atterreising og nyorganisering. Kong Sanheribs forsøk på å leggja under seg Juda får stor plass i omtalen av kong Hiskia. Bystaten Assur hadde vorte ei regional stormakt. Ingen gudar hadde kunna berga andre folkeslag frå krigarane hans, minna assyrarkongen om: "Korleis kan då dykkar gud berga dykk frå mi hand?" Men Hiskia stod han av, og Herren berga Juda-riket. Hiskia er ein av heltane i Krønikebøkene, men ingen er perfekte. Andre Krønikebok fortel om ein episode der han var utakknemleg og hovmodig, før han audmjuka seg.

MANASSE som vende om. Manasse var berre tolv år gammal då han tok over, og må ha vore heilt avhengig av rådgjevarar dei første åra. Han følgde ikkje i fotefara til faren Hiskia. Tvert om minner han meg om teikneseriestripa der ein munk listar opp alle dødssyndene for Hårek - som lyttar interessert, og til slutt spør om det finst nokon bonus om ein har fått med seg alle. Teksten fortel at vondskapen til Manasse gjorde Gud rasande. Kongen vart fanga av assyrarane og ført bort til Babel. Då vende han om: "Gud høyrde ropet hans om nåde og førte han tilbake til Jerusalem og kongeriket hans. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud". 

AMON, Manasse utan omvending. Han gjorde som faren gjorde den første delen av styringstida si, og vart drepen av sine eigne etter eit par år på kongsstolen. 

JOSJIA den nye reformatoren. Josjia vart konge som åtteåring og styrte trettiein år. Krønikebøkene fortel at han følgde same vegane som kong David, sjølve gullstandaren mellom kongane i Israel. Ei viktig hending var bokrullen med Herrens lov som vart funnen av presten Hilkia og lesen opp for kongen. Josjia reiv kleda sine då han skjøna spriket mellom Guds lov og korleis folket hadde levd. I forteljinga søkte kongen råd hjå profetkvinna Hulda. Det er ikkje så ofte vi les om dei, men det fanst altså kvinnelege profetar. Josjia rydda ut avgudsdyrkinga i landet, fekk skikk på tempeltenesta og folket feira påske på ny. Men, typisk nok for bibelforteljingane, sjølv Guds store tenarar gjorde feil. Josjia døydde som følgje av at han rota seg bort i ein krig han burde halde seg unna (mot Egypt). Teksten reiser likevel eit mektig minnesmerke om kong Josjia "og den trufaste kjærleiken han viste, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov". 

JOAHAS, fange i Egypt. Joahas son til Josjia fekk berre tre månader på kongsstolen før kongen i Egypt avsette han og førte han til Egypt. 

JOJAKIM, fange i Babel. Egyptarkongen gjorde Eljakim, som var bror til Joahas, til konge, og endra samstundes namnet hans til Jojakim. Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, og kong Nebukadnesar førte han som fange til Babel.

JOJAKIN, som far så son. Han var son av Jojakim, gjorde det som vondt var i Herrens augo og vart etter kort tid ført som fange til Babel. 

SIDKIA den siste. Nebukadnesar gjorde så Sidkia til konge. Judariket hadde endt opp som ein kasteball i hendene på sterkare nabobrike. Sidkia gjorde òg det som vondt var i Herrens augo. I tillegg gjorde han opprør mot Nebukadnesar, som knuser oppreisten. For Krønikebøkene er likevel Gud viktigare enn dei regionale stormaktene. I siste kapitlet blir heile kongetida i Israel og Juda oppsummert i lys av Guds ønske om at folket skulle venda seg til han, ei forventning han formidla gjennom profetane:

"Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skåna folket sitt og bustaden sin. Men dei hånte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart så stor at det ikkje meir fanst råd".

No hadde både Israelsriket og Judariket gått under. Folket i Juda var ført bort til Babel. Likevel endar 2. Krønikebok med ei von. Eit nytt rike, Persarriket med kong Kyros, kjem med forandring.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar