Ideologisk dominans, sjølvsensur og akademisk monokultur - er vi på veg dit? (Mellomalderillustrasjon, Wikimedia Commons) |
Alt dette kan ein lesa ut av den ferske rapporten Academic Freedom in Crisis:Punishment, Political Discrimination, and Self-Censorship frå The Center for the Study of Partisanship and Ideologoy (CSPI). Det er den respekterte forskaren Eric Kaufmann, professor ved Birkbeck College ved University of London, som står bak rapporten, som oppsummerer resultata frå eit stort materiale. Éi myte kan i alle fall parkerast etter denne rapporten, nemleg at det er overdriving og moralsk panikk som ligg bak påstandane om diskriminering av personar som soknar til høgresida i universitetsverda.
Om å føla seg pressa. I utgangspunktet bør ein lytta når nokon meiner seg dårleg behandla. Samstundes er det neppe bortkasta med ein viss kritisk sans. Offerrolla kan misbrukast for å oppnå politiske mål, og ho er eit av dei mest effektive verkemidla i den offentlege debatten i vår kultur. Men dette kan likevel ikkje forklara dei funna Kaufmann dokumenterer i denne rapporten. Ein ting er det han kallar «hard authoritarianism», som inkluderer oppseiingar og andre dramatiske former for utestenging. Slike reaksjonar blir ikkje aktivt støtta av eit fleirtal i miljøet, men likevel er det ei ikkje ubetydeleg gruppe konservative som har opplevd det. Men i tillegg kjem det Kaufmann kallar «soft authoritarianism»: «Those with dissenting views suffer from discrimination in terms of hiring, promotion, grant applications, publishing, the allocation of teaching and research tasks, workplace civility and social inclusion.” Sjølvsensur er naturleg nok ein av konsekvensane av eit slikt klima på arbeidsplassen.
No treng ikkje dette bety at venstreorienterte eller «progressive» i utgangspunktet er så mykje ivrigare etter å diskriminera enn det høgresida er. Men ubalansen mellom dei to gruppene er så stor ved universiteta i Storbritannia, USA og Canada at det er dei progressive som er i ein maktposisjon der dei kan diskriminera. Særleg innanfor samfunnsvitskapane og humaniora er skilnaden både stor og veksande. Ifølgje Kaufmann var det om lag to venstreorienterte for kvar konservativ på 1960-talet. I dag er det om lag ti på venstresida for kvar konservativ innanfor desse fagfelta. Ei tankevekkande skeivfordeling i seg sjølv. Det er heller ikkje så underleg om eit slikt system vert sjølvfosterkande: Ein av tre master- og ph.d.-studentar som er litt på høgresida, og to av tre som er langt på høgresida opplever at det politiske synet deira ikkje passar inn, og fryktar at dette kan gjera livet vanskeleg for dei i akademia.
Viljen til å diskriminera. Endå meir oppsiktsvekkande er det kor mange i akademia som er villige til å diskriminera andre på politisk og ideologisk grunnlag. Kaufmann poengterer fleire gonger det krysspresset mange står i mellom «progressive» og «liberale» verdiar. Dei progressive eller venstreorienterte verdiane inkluderer oppfatningar om t.d. rase, seksuell orientering og innvandring. Dei liberale verdiane legg vekt på den frie utvekslinga av idear og vern om det akademiske mangfaldet. Kaufmann meiner dette krysspresset, som mange progressive eller venstreorienterte opplever, gjer at dei ikkje tydeleg tek til motmæle mot aktivistar som prøver å undertrykka det frie ordet. I ein artikkel i Wall Street Journal skriv Kaufmann om rapporten:
High-profile activist excesses are mere symptoms of a much wider problem of progressive authoritarianism. Roughly 1 in 3 conservative academics and graduate students has been disciplined or threatened with disciplinary action. A progressive monoculture empowers radical activist staff and students to violate the freedom of political minorities like conservatives or “gender-critical” feminists, who believe in the biological basis of womanhood—all in the name of emotional safety or social justice.
Stort sett er det berre eit mindretal som klart går inn for å seia opp kollegar som kjem fram til «feil» forskingsresultat. Men ser ein nærare på tala frå samfunnsfag og humaniora i USA, ser ein at gruppa av usikre er så stor at den delen som er aktive motstandarar mot slike oppseiingar på politisk eller ideologisk grunnlag, i fleire tilfelle berre ligg på rundt 50 prosent.
Her er nokre enkeltfunn frå rapporten:
- Berre 8 prosent av dei tilsette i amerikanske samfunnsfag- og humanioramiljø vil støtta eit initiativ for å fjerna ein kollega som i forskinga si konkluderer med at det britiske imperiet gjorde meir godt enn skade. Men heile 43 prosent er usikre. Dermed er det berre knapt halvparten igjen som klart går imot å gje folk sparken i eit slikt tilfelle.
- Av amerikanske ph.d.-studentar ville 65 prosent velja å tilsetja ein som støtta Bernie Sanders framfor ein som støtta Donald Trump, heller enn å opptre nøytralt.
- Svært mange akademikarar i alle dei tre undersøkte landa ville føla seg usikre om dei måtte sitja attmed ein "gender-critical" feminist, dvs. ein kollega som legg til grunn ein biologisk definisjon av kjønn.
Dei unge er minst liberale. Dette er kan henda ikkje overraskande når vi veit at dette er generasjon «woke». Rapporten viser tydeleg at den unge generasjonen av akademikarar legg mindre vekt på den akademiske fridomen og identifiserer seg i større grad med «progressiv» aktivisme enn dei eldre kollegane. For alle som ønskjer fri forsking og rom for mangfald ved universiteta og i samfunnet framover er dette eit urovekkande funn.
Samstundes er det viktig å minna om at heller ikkje «unge forskarar» eller «doktogradsstudentar» er eintydige blokker. Også her er det ulike syn.
Spriket mellom akademia og folket. Eit inntrykk av dette spriket, om enn ikkje veldig utfyllande, får vi gjennom spørsmålet som er stilt både til folk flest og til akademikarar i Storbritannia: Støttar dei «political correctness» (fordi det vernar mot diskriminering), eller er dei imot det (fordi det hindrar det frie ordet)? I folket under eitt er det eit mindretal - 37 prosent - som støttar det politisk korrekte. Prosenten for dei med ein universitetsgrad er 48. Av dei som arbeider i akademia innanfor samfunnsfag og humaniora, støttar heile 76 prosent "political correctness".
Monokulurens forbanning. Den ferske rapporten gjev eit overblikk over situasjonen i USA, Canada og Storbritannia, og gjev ingen tal for Norge. Sjølv trur eg tilsvarande granskingar her til lands ville vist større vilje til å verna om fridomen og mangfaldet i akademia. Men akkurat det er berre synsing. Uansett er vi sterkt knytte til det som skjer særleg i det amerikanske og det britiske samfunnet, og impulsane derifrå og hit er kraftige og skaper trendar i det norske samfunnet òg. Funna i Kaufmann-rapporten er derfor viktige for oss, og det ligg tre utfordringar her.
For det første handlar dette om noko som grunnleggjande som enkeltmenneske sin rett til å uttrykka sine politiske og ideologiske overtydingar, og retten til å forska fritt. Dette er heilt grunnleggjande verdiar i eit ope, demokratisk samfunn, og det er ein trist ironi i om nettopp kunnskapsbastionane i samfunnet skulle svikta desse verdiane. Samfunnsdebattanten Rod Dreher har peikt på denne faren når han skriv om «soft totalitarianism». Situasjonen er ei utfordring for ulike grupper, m.a. for kristne, for menneske som ligg til høgre politisk og t.d. støttar den britiske EU-utmeldinga eller Trump som presidentkandidat, og for feministar som legg til grunn ei biologisk oppfatning av kjønn. Dette er ulike grupper med ulike tankegangar, og ofte med motstridande oppfatningar – men dei må alle ha rett til å leva fritt innanfor akademia.
For den andre
risikerer vi at forskinga og det kritiske ordskiftet blir hemma dersom «progressiv» aktivisme skuvar til
sides dei «liberale» verdiane slik at det blir stadig vanskelegare å stå for
opposisjonelle oppfatningar innanfor universitetsverda. Definisjonen på ein
monokultur er som kjent lite artsmangfald. Eller for å sitera Kaufmann-rapporten:
Most conservative social sciences and humanities (SSH) academics self-censor in their teaching or research (...) with the problem worse among Americans. This has the effect of narrowing the range of questions that may be asked, and answers that may be given, in the social sciences and humanities. Censorship is especially pronounced in fields touching on the sacred progressive categories of race, gender and sexuality.
For det tredje ser vi i Kaufmann-rapporten ei tydeleg spenning mellom akademiske institusjonar og folket.
Vi har høyrt ganske mykje om usunne og ugrunna forestillingar og konspirasjonsteoriar ute på den lumre delen av høgresida. Opptøyane i Washington fekk fram dramatikken i
dette. Etter kvart bør vi òg retta søkjelyset mot det som skjer i den andre enden
av samfunnet. For kva gjer det med Brexit-tihengjaren, Trump-røystaren eller
feministen som definerer kjønn ut frå biologi, når dei opplever at mange i kunnskapseliten i samfunnet kjenner ubehag ved å sitja ved sida av
dei, og at ganske mange til og med er villige til å diskriminera sånne som dei ved tilsetjing i stillingar og tildeling av forskingsmidlar? Dette er ei oppskrift
på mistillit og polarisering i samfunnet.
Vil vi at
QAnon-konspiratorikarar og woke-akademikarar, i uskjønn og uvillig kompaniskap, skal føra
oss vidare på denne vegen?
Sitata frå Kaufmann-rapporten i artikkelen over er frå samandraget, som ligg her: https://cspicenter.org/reports/academicfreedom/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar