søndag 14. mars 2021

Kule ord (72): morgjø

Når det var stor fjøre, kunne bestemor mi sjå ut glaset og seia at no var det morgjø (uttala "morjø", med trykk på siste staving). Så fortel far min. Bestemor mi vart fødd tidleg på 1900-talet og voks opp i Øyane lengst nordvest i Austrheim kommune. 

Det var nok på seinvinteren eller tidleg vår ho sa det. Eg har "lufta" dette ordet litt på facebook-sida Strilamål. Dessverre er det ingen der som ser ut til å kjenna til akkurat ordet morgjø. Men nokre melder at dei kjenner til uttrykket gjøfjøre og liknande. Ifølgje ordboka er gjøfjøre "ekstra stor fjøre ein gong i gjømånaden". Då er vi tilbake i den gamle norrøne månadsinndelinga der gjø månad strekte seg frå slutten av februar til slutten av mars. Månaden hadde namn etter Gjø, som ifølgje Norsk Allkunnebok var eit "kvinneleg vegetasjonsvette": "Rim og varsel er knytte til g., serleg tradisjon om fødsel, truloving, øksling og vokster".

Interessante er òg dei munnhella nokre kjenner til og fortel om på facebook-sida Strilamål. Ein har høyrt uttrykket "No kjem ho jø med sidl og snø".  Ein annan skriv: "Likeeins skal høggørmen ut i Gjø, om han skal liggja på snøfodnæ dø".

Så når bestemor mi såg ut glaset og snakka om morgjø, brukte ho altså eit ord som peika tilbake til den gamle norrøne månadsinndelinga og til norrøn mytologi. Likevel er eg ikkje heilt i mål. For ein ting er at ordet heng saman med gjø som i gjøfjøre, men kvifor akkurat morgjø med mor- framom? Eg har fått nokre, meir eller mindre sannsynlege, framlegg til forklaringar av ordet. Ordhistorie er ingen eksakt vitskap. Men er det nokon, fleire enn far min, som kjenner til ordet brukt i tale eller skrift?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar