Garden Salhus var i si tid krongods og høyrde kongen til. Her var det òg vertshus for dei sjøfarande. Utan tvil kunne det stundom gå hardt for seg der når alkoholen seig inn i eit lokale fullt av mannfolk litt for langt heimanfrå. Forfattaren Kristian Matre har skildra ein slik slåsskamp i Salhus i ein av romanane sine frå Åsane. På 1800-talet voks det fram tekstilindustri her. Salhus vart eit livlig lokalt sentrum med vatn frå oppdemma stemmer oppe i fjellet, og ei lita elv som rann ned til fabrikkbygningar med ei tett klynge av hus ikring. Her var det butikkar, indrettslag og ferjekai. Industriarbeid og industrikultur smelta saman med strilekultur og strilemål.
I 1950 dukka songgruppa Salhuskvintetten opp her og lovprisa gryta hennar mor, song om singel og sand og lova at det skulle bli andre bollar når papen kom heim. Ein generasjon seinare kom den litt meir rampete Salhus-Vinskvetten.
I år er det 50 år sidan Vinskvetten såg dagslys for første gong.
KNARKEN. Etter mi meining er Vinskvetten på sitt beste når gruppa skildrar den inngrodde vestnorske vrangpeisen. Ein knark du ikkje ville hatt som nabo. Han vinkar bilen din inn på ferja heilt til det singlar i lykteglas. Han ligg på lur og gjev deg parkeringsbot om feilparkeringa er aldri så forståeleg. Han gjennomskodar innbilske kunstnarar og jålete kunstkritikarar. På sine gamle dagar kan han med ein slags opphøgd autoritet slå fast at alt var så mykje verrare før i tida. Unekteleg høyrest det ut som han sjølv har det temmeleg ille no òg.
Vinskvetten har gjennom fleire av låtane sine gitt oss eit monument over den vestlandske knarken. Sjølve personifiseringa av einvis tverkeskap finn du i songane om ferjebillettøren, kunstnaren, parkometervakta, gniaren og ikkje minst i låten "Harde tider". Du anar han òg i bakgrunnen i songen "Nåken so passa før meg". Sjølvsagt er det nyansar her. Knarken er faktisk ikkje sur og grinete i alle utgåvene. Kjernen i denne karen er at han ikkje let seg rikka. Han seier og gjer nett som han vil. Innvendingar frå andre prellar av. Han er mentalt impregnert.
Så her er det mykje å gleda seg over.
Ingen skildrar denne karen slik som Vinskvetten. Så tek dei sjølvsagt litt godt i for å få fram poenget. Karikaturen er Vinskvettens metode, langt meir enn det vâre og nyanserte.
Til ære for femtiårsjubilanten har eg prøvd å laga ei liste over dei ti favorittkarakterane mine i songane til Vinskvetten. Konkurransen er hard. Rekkjefølgja internt på lista kan nok diskuterast. Enkelte av plassane er dessutan delte.
Det er dårleg med kjønnskvotering på denne lista. Menn spelar hovudrolla i songane til Vinskvetten. Ein delt fjerdeplass blir det likevel til ein kvinneleg kunstritikar frå Austlandet. Det globale perspektivet kjem òg tydeleg fram gjennom at det er funne plass til eit par brautande bergensarar på slutten av lista, nett bak skjelpadda Ruth.
1. Forteljaren i "Harde tider". Han syt og klagar seg til ein førsteplass. Reisa til fortida går over stokk og stein, med humor og overdriving og med ein så oppriktig mangel på sjølvinnsikt at ein kan bli rørt. Takk og lov for at denne karakteren høyrer til i tida før kommentarfelta i sosiale media. Me va fjorten onga heima på garden, tretten gutta og firogtjue jente. Og tå desse atten so va da faktisk berre eg so vaks opp. Dei andre e lika små den dag i dag.
2. Gniar'n. Denne karen er gniten, kreativ og tilfreds med livet. Alt på same tid. Slå den. Dei som vil ha dette inn med både lyd og bilete, kan lena seg tilbake i godstolen og kikka på denne videoen laga av lokale heltar frå Holsnøy. Men ingen ska seia at eg e ein gniar, sjøl om eg kvir meg te spretta ein tiar. Eg tar långe steg før å spara på skona, kver einaste dag går eg inn vel ei krona.
3. Ferjebillettøren. Med denne karen på tredjeplassen har alle medaljane gått til ulike utgåver av den vestlandske knarken. Kongen av ferjedekket rikkar seg ikkje ein tomme, og dei meir og meir krakilske innvendingane prellar av. For dei som er interesserte i samspelet (les: gnissingane) mellom stril og bergensar i songane til Vinskvetten, minner eg om dialekten til den uheldige bilisten. Eg gir meg ikkje på den saken her!
4. Kunstnaren, knarken og kunstkritikaren. Denne gongen er strile-knarken utprega sur gamling som ampert peikar på dårskapen og jåleriet i den eleverte kunsten. Men han må i songen "Kunstnaren" finna seg i å dela fjerdeplassen med kunstnaren sjølv og med den noko oppstylta kvinnelege kunstkritikaren med austlandsdialekt. Det er samspelet mellom desse tre som gjer denne låten til ein av dei beste frå Vinskvetten. Eg ville kje hatt da om dei hadde slengt da ette meg!
5. Ingolf Kvamme. Ingolfen har fått sin eigen song, eit lite epos til ein utstøytt unggut frå Salhus som greier å hevda seg som lokal sykkelakrobat. Så lenge det varer. Vinskvetten lagar med denne låten ei fin blanding av det smått vemodige, det Salhus-lokale og det galgenhumoristiske - alt til smektande morriconeaktige tonar. Han vaks opp i tronge kår, i eit eldhus bak fabrikken. Tidleg vart han tvinga te å spela i musikken.
6. Belbert'n. Det er meir enn namnet med denne karen. Om ein ikkje legg lista for høgt, kan ein kalla han ein slags bygdeintellektuell. Han opptrer både som lokal fagforeiningsmann og som litt forsagt bygdepoet. Fatter'n har eit solur han aldri har fått te. Eg tok da ut i solæ, og sia har da gje.
7. Anders Bjarne og Kveitebollen. Den første av desse får skulegangen sin forma av norsklærar Mikalsens uforstand. Tydelegvis er Anders Bjarne ordblind, men det er Mikalsen blind for. Sjuandeplassen er delt med ein annan som har vore kua og fortrykt: Kveitebollen vart plaga av Rånny Bruvik gjennom heile skuletida. Når innkallinga til klassefest og gjengjenging kjem, skal han endeleg manna seg opp og betala tilbake. Sympatien i desse songane er utan tvil hjå Kveitebolllen og Anders Bjarne. Samstundes må det seiast at songane til Vinskvetten ikkje først og fremst er prega av den varme og vâre empatien. Ein artist som Tønes maktar på ein heilt annan måte å fletta saman det vâre med det humoristiske skråblikket på karakterane sine. Hjå Vinskvetten dominerer humoren og ablegøyane. Empatien får vi ordna med sjølve. At me gjekk i same klasse e da versta so har hendt.
8. Tvangstenkjaren. Tvangstenkjaren i "Eg berre må" passar godt inn saman med dei to på plassen like framfor. Jaudå, Vinskvetten tullar her med noko som det sikkert finst ein diagnose for. Men kanskje er det bra at ein kan tulla litt med slikt òg? So kjem drivhuset te Hjalmar'n, ja, Hjalmar Seterstøl. 198 rute, og dei tel seg ikkje sjøl.
9. Skjelpadda Ruth. Denne songen er eit litt pussig, men fint innslag i låtfloraen til Vinskvetten. Alt krinsar om ei skjelpadde som kryssar vegen. Eg gjev Ruth ein åttandeplass først og fremst for å skilja seg litt ut. Å heia Ruth, no må du gje da du har. Bit tenna samen so kan du gå klar.
10. Norsklærar Mikalsen og Ronny Bruvik. Her, på ein vel fortent sisteplass, stuar vi saman norsklæraren til Anders Bjarne og barndomsbølla Rånny Bruvik. Det er heilt som det skal at dei kjem lenger nede på lista enn dei to som dei forsura oppvkesten til. Fred over ditt mine.
Dermed er kåringa til ende.
Æresprisen går uansett til den inngrodde vestlandske knarken, same kva skapnad han dukkar opp i.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar